Vebjørn si heimeside

Spørjespalta

Publisert 5.1.07 i – Du kan verta fyrstemann!

Ferske spørsmål

Spørsmål frå Maria, 12.09.08

Gode Vebjørn!

Kva er eigentleg liv?

Biologisk helsing,
Maria

Useriøse Vebjørn svarar:

Useriøse Vebjørn svararDet var då ikkje måte på so formell du vart i tiltalen då, snuskjepjuskj … :’/

Men i alle høve, du skal no få svar. Liv er den nye leiaren i Se(n)terpartiet. Resten av namnet er altso «Signe Navarsete», berre for å ha det på det reine.

Suss og nuss,
Useriøse Vebjørn

 

Spørsmål frå Victor, 20.08.08

Gode Vebjørn!

Lìver spyrjespalta framleîs?

Beste helsing,
Victor Berglyd

Seriøse Vebjørn svarar:

Seriøse Vebjørn svararHei,
Victor!

Reint fysiologisk gjer ho ikkje det, men det har ho vel heller aldri gjort. Det er trass alt ikkje stort anna enn litt elektronisk lagra informasjon. Men andeleg? Fuglane veit. Det kjem an på korleis du definerer å leva.

Analyserande helsing
Seriøse Vebjørn

 

Spørsmål frå Morten, i fjor haust ein gong, fått svar 20.08.08

Gode Vebjørn

Når er neste gong me får eit fotballag frå ein nynorskkommune i eliteserien?

sportsidiotisk helsing
Morten

Seriøse Vebjørn svarar:

Seriøse Vebjørn svararHei, Morten!

Det vert vel so snart eg får Stavanger til å gjera eit nytt vedtak om teneste-/administrasjonsmål. Tippar eg bør flytta heim for å gjera det, som om me seier at eg bur i dette skitholet av ein by i fem år til før eg flytter, so kan me vel rekna med at til serieinnspurten i 2013 skal Viking feira Aasenjubileet med å vera Nynoreg sin representant i eliteserien.

Utspekulert helsing
Seriøse Vebjørn

 

Spørsmål frå EK, i fjor haust ein gong, fått svar 20.08.08


Viss eg skriv eit plagebrev til deg, kjem då noko på plagebrev-sida, eller
er ho der berre for pynt eller?
ek

Useriøse Vebjørn svarar:

Useriøse Vebjørn svararHei, EK!

Ho er der berre til pynt.

Estetikkorientert helsing
Useriøse Vebjørn

 

Spørsmål frå Jarle, i fjor haust ein gong, fått svar 20.08.08

Gode Vebjørn.

Tenk deg at du kunde vekkja til live tri daude menneske. Du bed deim på
middag, saman med tri landsstyrefolk/sentralistar (frå organisasjonen du
veit.)

Kven vilde då sitja til bords, kva vilde de havt å eta, og vilde du laga
maten sjølv?

Undrande helsing
Jarle.

 

Useriøse Vebjørn svarar:

Useriøse Vebjørn svararHei, Jarle!

Dauingane: Eg ville ha bede Pappa fortelja meg kven som var dei tre største kranglefantane av dauingane i slekta på farssida mi, og vekt dei til live.

Maten: Kva som helst, berre det fekk diskusjonen inn på eit perifert, politisk emne med uklårt definerte fagtermar og store høve for kverulering. Då trur eg kanskje ikkje eg kunne ha laga maten sjølv. Eg kunne jo gjort som eg alltid gjer, bede Morten Myrkemann om å gjera det.

LST-folk: Deg, Wikie-Bixie og Anne Guro.

Ekstrautstyr: Decibelmålar til alle.

Føremål: Finna ut kven som hadde laga høgast ljod, kranglefantane som krangla eller Anne Guro som vart galen.

Granskande helsing
Useriøse Vebjørn

 

Spørsmål frå Synnøve, i fjor haust ein gong, fått svar 20.08.08

Gode Vebjørn,

når kjem klagebreva og reisespalta du har lova oss?

Helsing Synnøve

Seriøse Vebjørn svarar:

Seriøse Vebjørn svararHei, Synnøve!

Nja … Eg fekk ikkje høve til å gjera noko med det under Eldretreffen (fekk ikkje sitja på bakarste benk i år …), so det spørst nok. Til jol, kan henda?

Tolmotig helsing
Seriøse Vebjørn

 

Om Spørjespalta

Lurer du på noko? Har du spørsmål du trudde du aldri ville få svar på? Då er dette sida for deg. Her kan du få svar på nesten kva det måtte vera.

No har kanskje spørjespalter ein tendens til å verta litt keisame (eller, eg veit ikkje, kan ikkje hugsa sist eg las ei spørjespalte, eller i det heile teke sist eg las ein publikasjon som inneheldt ei spørjespalte), so for å sprita det heile opp litt lanserer eg Seriøse Vebjørn og Useriøse Vebjørn. Av og til svarar Seriøse Vebjørn, andre gonger svarar Useriøse Vebjørn, og om du er ekstra heldig svarar båe to.

For å få svar på det du lurer på, so sender du ein e-post (med spørsmålet/-a ditt/dine, sjølvsagt) til spyrjespalta(a)totlevase(.)net. Deretter lyt du kika innom denne sida dagleg for å få med deg svaret.

For dei som måtte undra, dette er Seriøse Vebjørn:
Seriøse Vebjørn

Og dette er Useriøse Vebjørn (han til høgre):
Useriøse Vebjørn

Gamle spørsmål

Spørsmål frå Jens, 29.07.07

Kjære Vebjørn,

kva var det mest intime du gjorde med Maria under fjellturen?


Beste helsing

Jens Kihl
Leiar
Norsk Målungdom
23 00 29 40/99 23 14 90
jens@nynorsk.no
alexanderkiellandsplass.blogspot.com

Useriøse Vebjørn svarar:

Useriøse Vebjørn svararHei, Jens!

Eg trudde verkeleg ikkje at du har for vane å etterlata skriftlege prov for dei slibrige spørsmåla dine, men eg skal no freista svara etter beste evne likevel:

Den eine dagen tok eg ut det samankrølla avispapiret frå skorne hennar. Det må vel kunna seiast å vera rimeleg intimt, om ein tenkjer på alt som kan finnast av biologisk interessant materiale nede i blaute fjellsko (og dimed i avispapiret som har vore i skorne når dei har tørka).

(Men berre for å heilgardera meg no, so skal det seiast at avispapirkrøllane frå skorne til Maria var sers lite gufne og klissete. Maria er på generelt grunnlag sers lite guffen og klissete, eller noko.)

Latterleg lang helsing

Useriøse Vebjørn
Snikkarlæring
Vikeså Trevare

og

vordande verdilaust sivilarbeidarpakk
Norsk Målungdom
23 00 29 40/924 16 527

for ikkje å snakka om

røynd krumkakeiskjekssteikjar
Isrosa

og ikkje minst

medandsvarleg (med d) for Spørjespalta
Vebjørn si heimeside

spyrjespalta(a)totlevase(.)net

http://www.totlevase.net/?page_id=18

 

Spørsmål frå Morten, 29.06.07

Skriv Seriøse Vebjørn og Useriøse Vebjørn òg på rim?

Upoetisk helsing
Morten

Useriøse Vebjørn svarar:

Useriøse Vebjørn svararHei, Morten!

Du veit, det kjem litt an på kven
som svarar på spørsmålet ditt.
Sjølv kan eg rima igjen og igjen,
medan Seriøse Vebjørn berre rimar litt.

Men Vebjørn i seg sjølv, gløymde seg ut
so seint som i dag, sjå framsida.
Nei, han tenkte som med andlet bak klut,
og sveik rimlovnadene med tida.

Og, du veit, eg tenkjer nok at han
tregar seg grøn der han sit no.
For kva skal han gjera, stakkars mann,
når rimeprosjektet gjekk rett i do?

Rimeleg helsing
Useriøse Vebjørn

 

Spørsmål frå Ola, 29.06.07

Hei Vebjørn,

Kvifor er svara til useriøse Vebjørn so seriøse, og svara til seriøse
Vebjørn so useriøse? Og kvifor er svara so kjedelege? Og kva meir kan eg
spørja om?

Useriøse Vebjørn svarar:

Useriøse Vebjørn svararHei, Ola!

Eg skal freista gjeva svar på alle spørsmåla dine med eit lite dikt. Det ser slik ut:

Ull
so krøllut
men likevel

so varmt.

Før.

Og etter.

OG ETTER FOR SVINGANDE!

Dramatisk helsing
Useriøse Vebjørn

 

Spørsmål frå Morten, 16.06.07

Hei, Vebjørn!

Kan du verkeleg ha på samvitet at du oppdaterer sida di endå sjeldnare
enn Jens?

Morten

Seriøse Vebjørn svarar:

Seriøse Vebjørn svararHei, Morten.

Det kjem an på korleis du definerer «kan».

Flisespikkande helsing
Seriøse Vebjørn

Spørsmål frå Maria, 15.06.07

Hei Vebjørn!

Gjekk turen heim til Stavanger greitt?

Helsing Maria

Useriøse Vebjørn svarar:

Useriøse Vebjørn svararHei, Maria!

Det har for svarte svingande ikkje du noko med! Høyrt om personvern, eller?

Harmdirrande helsing
Useriøse Vebjørn

 

Spørsmål frå Synnøve, 15.06.07

Kjære Vebjørn,

kva bok skal eg lesa etter at eg er ferdig med den eg held på med no?

Helsing Synnøve

Useriøse Vebjørn svarar:

Useriøse Vebjørn svararHei, Synnøve!

Kva som helst av Ingvar Ambjørnsen.

Litterær helsing
Useriøse Vebjørn

 

Spørsmål frå Ola, 23.05.07:

Hei Vebjørn,

Kva for eit videokamera skal eg kjøpa?

Helsing Ola

Useriøse Vebjørn svarar:

Useriøse Vebjørn svararHei, Ola!

Det er som kjend tyskarar som har best greie på slikt, so eg vil nok tilrå kameraet du finn her:

http://www.filmmuseum-hamburg.de/uploads/pics/elmo_02.jpg

Ja, det er nok det mest fornuftige.

25 helsingar i sekundet,
Useriøse Vebjørn

 

Spørsmål frå Maria, 04.05.07:

Gode Vebjørn!

Kvifor har eg ikkje musklar?

Veik helsing,
Maria

Useriøse Vebjørn svarar:

Useriøse Vebjørn svararHei, Maria!

Fordi Vårherre har skapa deg slik!!

Hihi, neidå. Eg har ikkje vorte gladkristen igjen, eg måtte berre få tøysa litt med deg før du får det ekstremt seriøse svaret. For svaret er religionsorientert, jamvel om det ikkje er veldig forkynnande.

Du ser, i rein desperasjon etter å prova at Darwin tok feil, og dimed at dei kristne har rett (ikkje at dét er ein rasjonell årsakssamanheng, men han er no i alle fall rimeleg populær hjå ymse kristne), so har hjernen din i undermedviten tilstand sytt for å overstyra skrotten din slik at du ikkje har utvikla so mykje som eit gram muskelmasse utover kva som er absolutt naudsynt for at du skal kunna bøya fyrstikkan-*kremt*- armane og beina dine. Dette har då openbert skjedd fordi undermedvitet ditt har freista så tvil om Darwin-slagordet «den sterkaste overlever», gjennom din eksistens i sin noverande form. Og den må for so vidt kunna seiast å vera i strid med Darwins lære, som eit slags unnatak som stadfester regelen, vel å merka.

Psykogisk helsing
Useriøse Vebjørn

 

Spørsmål frå Maria, 24.04.07:

Hei Vebjørn!

Takk for konstruktivt svar!
Kvar tek du det frå?

- Maria

Useriøse Vebjørn svarar:

Useriøse Vebjørn svararHei, Maria!

Ver so god for konstruktivt svar.

Eg veit ikkje om eg bør avsløra slike store løyndomar, men om du lover å ikkje seia det vidare, so skal du få vita det: Eigentleg er det ikkje eg som skriv svara. Eg har tilsett ein polakk til å skriva svara mine, sidan eg ikkje gidd å gjera det sjølv. Nei, han har ikkje løn og arbeidskontrakt og forsikring og skattekort og slikt, men eg skal ordna det so snart tenestedirektivet kjem, kross på halsen.

Jordbærske helsingar
Useriøse Vebjørn

 

Spørsmål frå Maria, 24.04.07:

Hei Vebjørn!

Kvifor er alle andre enn meg so dårlege til å stilla deg spørsmål?

Helsing Maria

Useriøse Vebjørn svarar:

Useriøse Vebjørn svararHei, Maria!

Det er fordi dei jamt over er fødde i 1986 eller tidlegare. På den tida hadde dei enno ikkje funne opp konseptet med spørsmål, so me kan nok ikkje venta all verda av korkje kvalitet eller kvantitet på spørsmåla frå den kanten. Eg meiner, dei er no trass alt ganske flinke, om me ser det i samanheng med handikappet deira.

Tolerant helsing
Useriøse Vebjørn

 

Spørsmål frå Ola, 23.04.07:

Hei, når bokmålsfolk skal diskutera nynorsk og bokmål osb. med oss på
internett, let dei ofte vera å utdjupa påstandane sine og å svara på
spørsmål me målfolk stiller, og i staden berre repeterer det dei alt har
sagt/skrive. (Hilde sine innlegg på vloggen til Odin er eit godt døme.)
Kvifor gjer dei det?

Beste helsing frå Ola

Seriøse Vebjørn svarar:

Seriøse Vebjørn svararHei på deg, Ola.

Det er i aller høgaste grad eit interessant spørsmål du stiller. Eg vil jamvel påstå at dette fenomenet ikkje er noko serskilt for Internett, men i det store og heile svært utbreitt mellom antinynorskingar generelt. Personen du referer til er til dømes ikkje akkurat verre enn ymse lokale figurar som nokon av oss har utveksla eit lesarbrev og to med i ei viss lokalavis.

Men for å svara på spørsmålet ditt: Det er fordi dei tek feil. Då seier det seg sjølv at det vert vanskeleg å svara for seg.

Blærete helsing
Seriøse Vebjørn

 

Spørsmål frå Maria, 16.04.07:

Hei Vebjørn!

Kvifor er eg so dårleg til å oppdatera bloggen min?

Beste helsing,
Maria

Useriøse Vebjørn svarar:

Useriøse Vebjørn svararHei, Maria!

Forsking syner at grunnen til at du er so dårleg til å oppdatera bloggen din kan vera ein av to:

1. Anten so er det fordi du er eit usedvanleg keisamt menneske som ikkje har noko interessant å melda …

2. … eller so er det fordi du er kristen, og dimed ser på bloggen din, og alt anna som har med internett, informasjonsteknologi, teknologi generelt, og ikkje minst ikkje-gudstenesteleg kommunikasjon med andre menneske å gjera, som djevelens verk, og soleis noko ein skal forsaka. At du frå tid til annan gløymer dette tyder vel på at du er ei svak sjel som er overstyrd av styggen sjølv, sett at det er grunn nr. 2. som er den rette.

Brutalt ærleg, men likevel hjelpsam helsing
Useriøse Vebjørn

 

Spørsmål frå Maria, 09.04.07:

Hei Vebjørn!

No er det påske, og det er ikkje tvil om at påske mellom anna er ei kristen
høgtid. Frå palmesundag til langfredag gjer dei kristne ulike symbolske
handlingar for å visa kor leit det er at Jesus døyr. Til dømes skrur me av
ljoset i kyrkja for å symbolisera mørket.
Kort tid etter feirar me at Jesus står opp. Då er me glade, og viser det med
ei rekkje andre symbol. Til dømes skrur me på ljoset i kyrkja att.
Kva f*** er greia med påskeharen?!

Jesusrusa helsing frå Maria

Seriøse Vebjørn svarar:

Seriøse Vebjørn svararHei og hopp (som påskeharen), Maria.

Påskeharen har vel, som det meste elles med påsken utanom Jesus og palmeblad, ikkje noko med kristendomen å gjera i det heile, og er soleis eit prov på at dette er nok ei heidensk høgtid som har vorte utsett for kristeleg kupp. Greia med påskeharen er, til liks med påskeegga, at det er eit symbol på fertilitet. I lag med at våren og sola kom tilbake, som den påskerelaterte gulfargen er eit symbol på, var det dette som vart feira i den før-kristelege vårfeiringa hjå heidningane.

Opplyst helsing
Seriøse Vebjørn

 

Spørsmål frå Nils Nikolai og Ola, 09.04.07:

Hei,
Kven eig internett? Kven får inntektene dersom me kjøper rettane til olaognils.com,
og kor kan me kjøpa det frå?

Med von om positivt svar.

Helsing Nils Nikolai (19) og Ola (21).

Useriøse Vebjørn svarar:

Useriøse Vebjørn svararHei, og god morgon, vyrde sudldødlar.

Eg har nok ikkje lov til å røpa kven som eig Internett, men i staden skal eg heller avsløra at det står i bruksrettleiinga. For å lasta ned Internett (med integrert bruksrettleiing, sjølvsagt), kan de klikka dykk inn på denne peikaren.

Elles, inntektene hamnar nok hjå skumle bakmenn som driv med snikskyting av jakokse i dei indre fjellstroka i Kazakhstan. Dei driv den tvilsame, kvitvaskande pengesugarverksemda si gjennom sal av til dømes domenenamn på Internett. So det kan nok vera ein ide å stela rettane til olaognils.com i staden.

Vevguruisk helsing
Useriøse Vebjørn

 

Spørsmål frå Sander, 04.04.07:

Hei.

Ser du har en god samling med spørsmål her på siden.
Føler meg med ett ganske misunnelig.
Kunne du tenkt deg å være så amisiøs og skrive en liten hilsing?
Hadde vært en stor påkjenning for meg.

Ironisk hilsing
Sander.

Useriøse Vebjørn svarar:

Useriøse Vebjørn svararHei, Sander salamander.

Nei, Sander salamander.

Ver grei, Sander salamander.

Reptil helsing
Useriøse Vebjørn

 

Spørsmål frå Morten, 03.04.07:

Hei, Vebjørn!

Kvifor vart dei spørsmåla som kom inn 1. april merkte med 1. mars som
dato? Var det eit (dårleg) forsøk på å løyna kva dag det var, slik at du
kunne lura folk (sidan dagen i fylgje nokre har dette føremålet)?

Helsing frå Morten

Useriøse Vebjørn svarar:

Useriøse Vebjørn svararHei, Morten.

Vel, det gjorde eg for å testa kor godt de (lesarane) fylgjer med. Det er ikkje verre enn det. Sjølvsagt hadde eg vona å kunna avsløra lesarane som dei sløvingane dei er, men so måtte det naturlegvis dukka opp ein eller annan gledesdrepande DNP-ar (dvs. deg). Usj. Eg seier som Brottveiten — no vert det FrP.

Men nei, at det skjedde på fyrste april hadde ingenting med saka å gjera. Du veit, for oss som har det slik at kvar dag er ein fyrste april, so er ikkje nett den eine dagen so himla viktig.

Fossroande helsing
Useriøse Vebjørn

 

Spørsmål frå Maria, 01.04.07:

Hei Vebjørn!

Kva religion er den riktige?

Klem frå kristenbaben

Seriøse Vebjørn svarar:

Seriøse Vebjørn svararHei på deg, kristenbab (det var no eit pussig kallenamn du gav deg sjølv, men ok …).

Vel, det der er eit leiande spørsmål, som legg til grunn at det finst ein religion som er den rette, eller har rett, om du vil. Jamvel om det fristande å svara folkeeventyra åt Asbjørnsen og Moe, so må eg nok skuffa deg med å slå fast at religion ikkje er anna enn ymse utslag av den enorme menneskelege kreativiteten som kan setjast i sving ved konfrontasjon med tanken om at livet har ein slutt.

No kan det vel såast tvil om eventuelle «oppstartsdatoar» for dei ulike religionane, men sjølv om ingen av dei har sitt utspring i 1. april, so fungerer dei likevel som nokre slags evigvarande aprilspøkar, der merkverdig få aldri forstår at det er ein spøk. Men i alle fall, som ei fylgje av at religion kjem i same kategori som skjemt og folkedikting, so er det openbert ikkje nokon religion som er rett. Dei er feil, alle i hop.

Nådelaus helsing
Seriøse Vebjørn

Useriøse Vebjørn svarar:

Useriøse Vebjørn svararGod morgon i stova, kristenbab (kannibalistisk pseudonym, det må eg seia).

Kristendomen er sjølvsagt svaret! Ja! Hyll Herren, vår milde skapar som har skjenkt oss eit problemfritt liv, ein problemfri klote, og eit bokmålsfritt Noreg!

Eller?

(Hint: Kva for ein dag er det i dag, tru ..?)

Aprilspøkande, og framleis postreligiøs helsing
Useriøse Vebjørn

 

Spørsmål frå Tore, 01.04.07:

Kjære seriøse og Useriøse Vebjørn.

Korleis er forhaldet mellom dei to? Er dei gode vener,
seriøse og Useriøse Vebjørn? Eller kjenner dei i det
heile tatt kvarandre?

Helsing ein undrande Tore.

Useriøse Vebjørn svarar:

Useriøse Vebjørn svararHei Tore.

Sidan du er NMU-ar og soleis har litt kjennskap til ymse sentralistar og eks-/varasentralistar, so kan vel tilhøvet mellom meg og Seriøse Vebjørn liknast slik:

Seriøse Vebjørn og Useriøse Vebjørn er omtrent motsett av Jens og Vegard. Det vil seia, i staden for å vera akkurat den same i to lekamlege utgåver, er me to ulike utgåver innetter i den same lekamen. Om du skjønar. (Men me er ikkje so krøllete som dei, då.)

Når det gjeld det reint relasjonsmessige, vel, la meg seia det på ein fin måte:

EG HATAR DEN BLÆRETE TOSKEN!

Utblåsande helsing
Useriøse Vebjørn

 

«Spørsmål» frå Jens, 30.03.07:

Jo.

Venleg helsing
Jens Kihl

Seriøse Vebjørn svarar:

Seriøse Vebjørn svararHei igjen.

Flott.

(I den grad dette var eit spørsmål.)

Konsis helsing
Seriøse Vebjørn

Post scriptum: For dei av dykk som lurer på kva det går i, sjekk det førre spørsmålet frå Jens og svaret han fekk.

 

Spørsmål frå Synnøve, 30.03.07:

Kjære Useriøse Vebjørn,

kvifor svarar du på spørsmålet mitt når det so tydeleg er retta til
Seriøse Vebjørn?

Det er jo ein grunn til at han har fått spørsmålet og ikkje du, og den
grunnen er ikkje at eg er samd med Jens, om du skjønar kva eg meiner…

Helsing Synnøve

Seriøse Vebjørn svarar:

Seriøse Vebjørn svararVyrde Synnøve.

Det har seg no ein gong slik at her i spalta får ein ikkje alltid svar frå den spørsmålet kanskje var retta til. Det er ein del av heile greia med det, i tillegg til at Useriøse Vebjørn ikkje tek fem øre for å skriva tøysete svar på spørsmål som ikkje eingong er retta mot han.

Men no fekk du jo i alle fall svar frå meg. Det er då alltids noko?

Oppmuntrande helsing
Seriøse Vebjørn

 

Spørsmål frå Synnøve, 29.03.07:

Kjære Seriøse Vebjørn

Skal eg nytta påskeferien min på studiar og NMU-relatert arbeid, eller skal eg ta
heilt fri og utsetja alt til ferien er over?

Dersom eg får gjort mykje i påsken, vert det jo mindre å gjera etterpå. Men dersom
eg tek heilt fri, har eg kanskje meir energi og pågangsmot etter ferien, slik at alt
berre går av seg sjølv. Kva meiner du?

(Du kan godt konsultera Useriøse Vebjørn. Men dette er eit seriøst dilemma, difor
trur eg du veit best.)

Helsing Synnøve

Useriøse Vebjørn svarar:

Useriøse Vebjørn svararGod morgon i stuggu, Synnøve.

Eg ser du er i tvil. Men eg kan ikkje tvila tvilen for deg.

Du må tvila han sjølv. Men eg skal tvila med deg.

Eventuelt kan du skaffa deg snorkleutstyr, spade og bossekk, for so å ta eit friskt påskebad i Indre Oslofjord, som du nyttar til å symja ned til botnen og spa opp botnslam med ymse tvilsame komponentar, og deretter fly rundt i Oslo sentrum med snorkel på hovudet og klistersmurde ski på føtene medan du heller slammet i eit vassgevær og skyt vilt kringom deg med størst mogleg tilgrising med giftige stoff som overordna mål for auga. Om ikkje du har vassgevær, so kan du nytta sprettert, det går for det same.

Ja, det er nok det luraste.

Konstruktiv helsing
Useriøse Vebjørn

 

Spørsmål frå Jens, 29.03.07:

Hei!

Kvifor er det berre Seriøse Vebjørn som svarar i spørjespalta for tida?
Eg synst Useriøse Vebjørn er heitare.

Venleg helsing

Jens Kihl

Seriøse Vebjørn svarar:

Seriøse Vebjørn svararHei igjen, Jensemann.

Det har seg slik at Useriøse Vebjørn dominerte spørjespalta ganske heftig til tider. Som god hobbyraddis tok eg dimed litt grep, og sytte for å innføra eit Ansgar Gabrielsen- og Karisma Veggimellom-inspirert kvoteringsregime.

Men elles bør det jo òg nemnast at dei siste spørsmåla har vore svært godt eigna for svar av den litt meir seriøse typen, synest du ikkje?

Seriøs helsing
Seriøse Vebjørn

 

Spørsmål frå Jens, 26.03.07:

Hei!

Visste du at rektor les opp ti løyndomar for elevane siste dagen på
vidaregåande, men at dette ikkje gjeld yrkisar? Og at løyndom nummer ni
er at serviettane til Jens eigentleg er reklame for Kogsberg Jazzfestival?

- –

Venleg helsing

Jens Kihl

Seriøse Vebjørn svarar:

Seriøse Vebjørn svararHei, Jens.

Ja.

(Eg veit jo alt, skjønar du vel.)

Allvitande helsing
Seriøse Vebjørn

 

Spørsmål frå Maria, 25.03.07:

Hei Vebjørn!

Eg trur at tid er relativt, og at det difor er trongsynt berre å kalla det
intervallet mellom to hendingar. Tid og rom heng so vidt eg veit godt ihop,
so dette intervallet ditt må i so fall vera eit rominterval.

Og for å fylgja vidare opp, kva skjer med dei 21 gramma som forsvinn når eit
menneske andar ut?

Slapp helsing,
Maria

Seriøse Vebjørn svarar:

Seriøse Vebjørn svararHei Maria.

At du trur tid er relativt er vel knappast eit godt grunnlag for å kalla definisjonen eg presenterte i stad for trongsynt. Eg har i det store og heile vanskar for å sjå kva du vil fram til. Korleis definerer du dette romintervallet du snakkar om? Korleis heng tid og rom ihop?

Når det gjeld dei 21 gramma, so må eg igjen få protestera. Kor tek du dette ifrå? Har du målt? I alle høve, nei, eg kjem ikkje til å svara at det er sjela som forlèt kroppen, om det var det du ynskte (noko eg har deg mistenkt for). Om dette vekttapet stemmer, so har det naturlegvis ei fysisk årsak, jamvel om eg ikkje har tenkt å avsløra slike løyndomar for korkje deg eller andre.

Rebelsk helsing
Seriøse Vebjørn

&nsbp;

Spørsmål frå Tore, 25.03.07:

Hei Vebjørn!

Kva er tid, og kva hender etter at ein døyr?

Tankevekkjande helsing,
Tore

Seriøse Vebjørn svarar:

Seriøse Vebjørn svararTid er intervallet mellom to hendingar. For å eksemplifisera, so er til dømes eitt sekund ei eining for so lang tid som det tek i frå sekundvisaren på klokka står på 14:32:00 til han står på 14:32:01.

Og so, då, kva hender etter at ein døyr? Nei, det kjem vel litt an på kor sterkt påverka dei næraste pårørande er av sedvanlege, men akk so merksnodige, gravferdsskikkar. Du kan risikera alt i frå å hamna i ei øskje seks fot under jorda til å verta sett fyr på for deretter å verta spreidd utover eitt eller anna naturlandskap. Men på heilt generelt grunnlag, slik at eg skal sleppa å skissera alle moglege vis dette kan gå føre seg på, so kan eg jo seia som det heiter i naturfagsbøkene, at ein inngår i «karbonet sitt krinslaup i naturen». For å forenkla litt: Ein vert makkemat.

Filosofikvelande helsing
Seriøse Vebjørn

 

Spørsmål frå Jarle, 25.03.07:

Gode Vebjørn!

Kor mange målungdomslandsstyremedlemer vert det i kommunestyre og fylkesting i
Rogaland etter valet til hausten?

Beste helsing
den eine av dei tri fyrstekandidatane.

Seriøse Vebjørn svarar:

Seriøse Vebjørn svararEin kommunestyremedlem (Mats), ein fylkestingsmedlem (deg), og ein ordførar (Kristine). I Stavanger gjer Bymiljølista det stort på å køyra beinhardt på vern av trehusbyen, på fylkesnivå rir Dei Grøne på «kva skal me finna på no som Statoil forlèt oss»-bylgja rett inn i fylkestinget, og når det gjeld Sauda, so er det so avsides at eg knapt kan tenkja meg noko anna enn ein braksiger for Seterpartiet.

Samtidspolitikkanalytisk helsing
Seriøse Vebjørn

 

Spørsmål frå Maria, 23.03.07:

Hei Vebjørn!

Kva synest du om at ungdom frå dei meir fisefine plassane i Oslo har kuppa
NMU?

Helsing,
ungdom frå fisefin plass i Oslo

Useriøse Vebjørn svarar:

Useriøse Vebjørn svararHei ungdom frå fisefin plass i Oslo.

Det er litt både òg, dette her. Det er vel sikkert ikkje usunt å få ein leiar som ikkje er frå Hordaland, til dømes. Om ikkje anna, so for avvekslinga si skuld. (So får me heller finna oss i ein leiar som skriv med e-infinitiv … Grøss …)

Men denne nye skrivaren og hennar geografiske bakgrunn er eg litt meir skeptisk til. Me får satsa på at Arbeidstilsynet avlegg hyppige vitjingar på skrivarstova til hausten, slik at ikkje «vesle-Valla» får altfor fritt spelerom …

Personfokusert helsing
Useriøse Vebjørn

 

Spørsmål frå Sander, 23.03.07:

Hei Vebjørn. Sander her.

Bare lurte på hvordan du lager en sånn hjemmeside du har,
eller : hvilken hjemmesidegenerator bruker du?

tenkte å lage en selv

din venn,
Sander

Seriøse Vebjørn svarar:

Seriøse Vebjørn svararStikkord: XHTML, CSS, WordPress. Eigentleg er WordPress litt juks, det òg, men eg er både for lat og for oppteken til å gidda/orka/kunna læra meg PHP sjølv, so då lèt eg WordPress liggja til grunn som publiseringssystem, medan eg fiksar utsjånaden og slikt sjølv gjennom rein koding (pluss litt bilethandsaming i GIMP til hovudbiletet).

Eg brukar ikkje generator, utover teksthandsamaren i WordPress, som er omtrent like avansert som notisblokk.

Nerdete helsing
Seriøse Vebjørn

 

Spørsmål frå faren til Maria (?), 13.03.07:

Hei!

Kvifor heiter du Vebjørn?

Helsing faren til Maria

For å gje eit mest mogleg feilaktig, positivt inntrykk til eit menneske eg aldri har møtt før, so vil det naturlegvis vera mest taktisk å la Seriøse Vebjørn ta seg av det slipskledde og glattstrigla digital-skriftlege handtrykket.

Seriøse Vebjørn svarar:

Seriøse Vebjørn svararNei, det hadde jo vore veldig teit dersom eg ikkje hadde heitt noko? (Det var den jobbintervjuske «eg kan vera ganske morosam om eg vil, men no skal eg vera seriøs resten av tida»-spøken.)

Men for å koma litt til meg sjølv igjen (sidan eg er Seriøse Vebjørn), so har det seg no slik at det pussig nok er ein svært vanleg skikk å kalla opp ungane sine etter ein eller annan dauing. Og då gamlingane mine for drygt 19 år sidan skulle finna på eit namn til meg, so hadde dei slite ut dei kreative evnene sine eit par år tidlegare med å finna på eit namn nesten utan slekts-/dauingreferansar til storesystra mi. Fylgjeleg lét dei slektstreet gjera jobben då det var eg som skulle få namn, og som so mange andre enda eg opp med å verta oppkalla etter eit lik som på det dåverande tidspunkt truleg var kome til eit svært seint stadium i komposteringsprosessen.

Sjølve fyren eg er oppkalt etter heitte visst Webiørn, etter kva eg hugsar, men det er vel ikkje so usannsynleg at analfabetismen har fått litt kjipare kår sidan den gong, noko skilnaden på namnet mitt og namnet på han eg er oppkalla etter er eit tydeleg prov på.

Granskande helsing
Seriøse Vebjørn

 

Spørsmål frå Nicolai, 13.03.07:

Spørsm– Forresten.. Bladde gjennom en tabloidavis her om dagen. Leste et
kort intervju med Petter Solberg hvor han fant det for godt å substituere “å
angripe” med “å attakere”. Følte meg med ett noe kvalm. Hva får enkelte til
å tro at slik oppførsel tolereres? Akk. Det er nok mange som føler at de som
følge av en markant mangel på intellektuell kapasitet har blitt redusert til
drivved på skjebnens proverbiale elv, og derfor higer etter å bli sett på
som intellektuelle av deres medmennesker. Et ønske hvis oppfyllelse de tror
vil medføre en utopisk og aberfri eksistens. Kan man virkelig eskapere den
generelle majoritets ugleseelse ved å forsøple det norske språk på slikt
vis? Tvilsomt. Man kan gjerne strø om seg med alskens ‘avanserte synonymer’,
men man vil sannsynligvis ikke oppnå noe annet enn det å bli gjort til
latter av bak ens rygg. Er det å bli sett på som pretensiøs og pompøs
virkelig noe man ønsker å oppnå? På hvilken måte kan dette gagne en? Det
hele vil nok helst kulminere i at man ender opp med å bli sett på som
fåkunnig, og man kan jo også risikere å ende opp med å fremagitere en mer..
hostil reaksjon. Men, eheh, nok digresjoner ->

The perennial question: Nethack eller Ancient Domains of Mystery?

Din venn,
Nicolai.

Useriøse Vebjørn svarar:

Useriøse Vebjørn svararAaahhh … Eg kjenner eg vert varm langt inn i hjarterota (kvar ligg hjarterota, eigentleg?) av å lesa dette. Du er eit fantastisk menneske, Nico, jamvel om du har betringspotensial reint språkvalsmessig. ;o) (Tja … Dette var kanskje litt for lite ironisk til å vera Useriøse Vebjørn, men Seriøse Vebjørn ville seriøs som han er freista svara på spørsmålet, i staden for å koma med utanomsnakk, so de får heller sjå litt mellom fingrane denne gongen (og kven veit, kanskje de finn noko der. Mellom fingrane, altso.))

Men spørsmålet? Nethack. Definitivt.

Kvasiintellektuell helsing
Useriøse Vebjørn

 

Spørsmål frå Maria, 09.03.07:

Gode Vebjørn

Kvifor er gutar so teite?
Dei spring rundt med alle tenkjelege penisforlengarar som fiskestenger,
keyboards, balltre og store fruktar.
I tillegg grisar dei til og rotar. Eg vert so sur.

Helsing Maria

Useriøse Vebjørn svarar:

Useriøse Vebjørn svararVel, det har naturlegvis noko å gjera med kva som høver best for meg.

For å konkretisera: Dersom det var jentene som var teite (no finst det rett nok sume teite jenter òg, men det får me ta ein annan gong) og sprang rundt med penisforlengarar, so trur eg nesten eg ville vurdert å skifta fil. Men det har eg eigentleg ingen store planar om, so difor er det nok greiast for oss alle (i alle fall for meg) at det er gutane som er teite og utbasunerer kompenseringsturftene for alle i nærleiken, i staden for at jentene skal vera det.

Men som eit lite sosialeksperimentelt råd kan du jo prøva å jekka ned eventuelle testosteroneksponentar du måtte treffa på med å spørja om ikkje alle kompensasjonsforsøka tyder på … eh … la oss kalla det «lite kvantitativt orientert ekvipering»? Eg tippar det kan stogga springja- og rota- og grisa- og laga hekkan generelt-lysta hjå sume av dei teite gutane.

Kjønnsforskande helsing
Useriøse Vebjørn

 

Samsvar, 04.03.07:

Sidan det no var kome inn to spørsmål nesten samstundes, prøver me ut noko nytt. Me svarar båe spørsmåla på ein gong, og kallar det heile på verste ordspelske vis for «samsvar». Ohohohoho, var eg ikkje artig no, vel?

Spørsmålet frå Jens:

Hei på dykk, Vebjørn og Vebjørn.

Kvifor har ikkje NMU lokallag på Haugalandet?

Venleg helsing
Jens Kihl

Spørsmålet frå Odin:

So, kvifor ikkje?


Beste helsing,
Odin Hørthe Omdal

(Ulempa er at eg ikkje gidd å laga eit bilete med både Seriøse Vebjørn og Useriøse Vebjørn på nett no, so de får klara dykk utan.)

Samsvar frå Seriøse Vebjørn og Useriøse Vebjørn:

Me kunne ha sagt det, men då måtte me drepa dykk etterpå, og det har me ikkje lyst til. (Det vil seia, Useriøse Vebjørn er ikkje heilt avvisande, men no er det eg (Seriøse Vebjørn) som har kapra tastaturet.)

Beste/løyndomsfulle helsingar
Seriøse Vebjørn og Useriøse Vebjørn

 

Spørsmål frå Ola, 02.03.07:

Hei.

Kvifor?

Helsing Ola

Useriøse Vebjørn svararUseriøse Vebjørn svarar:

Fordi du fortener det.

Angloamerikansk kommerskulturimperialimeeinsrettingsforflata helsing
Useriøse Vebjørn

 

Spørsmål frå Maria, 25.02.07:

Vebjørn…

Kvifor er eg so trist når eg ikkje har noko å vera trist for?
Eller har eg det? Er eg premenstruell eller lettare deprimert?
Er det av di eg har tenkt for mykje på FrP i dag? Eller skuldast det for
stort inntak av cola?
Er eg hormonell tenåring, eller hypokondar?
Kva er gale, som gjer meg so trist i kveld?

Apatisk helsing,
Maria

Sidan dette eigentleg er eit nokso alvorleg spørsmål om nokso alvorlege ting, so hadde Seriøse Vebjørn tenkt å ta seg av det. Men sidan han ikkje er i stand til å lesa undermedvitet åt Maria, so kunne ikkje han gje noko godt svar. Difor gjev me heller ordet til Useriøse Vebjørn, i von om at det vil sprita opp humøret hennar litt.

Useriøse Vebjørn svarar:

Useriøse Vebjørn svararDet er nok sikkert fordi du er kristen. Eller fordi du er kortvaksen. Eller kanskje du berre saknar meg veldig.

(Ja, eg har kome meg over den verste predikantraptusen frå tidlegare i år no.)

Post-religiøs helsing
Useriøse Vebjørn

 

Spørsmål frå Jarle, 21.02.07:

Gode, friske Vebjørn!

Kvifor er eg vorten virussjuk tvo gonger i år? Burde det ikkje halda med éin runde i
krimlaupet?

Snufsande helsing
Jarle.

Useriøse Vebjørn svarar:

Useriøse Vebjørn svararKanskje fordi du er veggis.

Nei, ikkje kanskje eingong. Det er fordi du er veggis. Ferdig med den saka.

Kjøtetande helsing
Useriøse Vebjørn

 

Spørsmål frå Maria, 13.02.07:

Hei!

Eg treng litt hjelp med latinleksa mi.
Korleis skal eg bøya adverb som står til gerundiv i ei setning med
upersonleg dativ?

Kozzz og klemzzz frå Maria

Faglege spørsmål er naturlegvis Seriøse Vebjørn best skikka til å svara på.

Seriøse Vebjørn svarar:

Seriøse Vebjørn svararSei meg, Maria, kor mykje lærer du om eg skal gjera leksene for deg? Du veit vel svaret, gjer du ikkje?

Nei, eg har ikkje samvit til slikt. Du er stor jente no (aldersmessig), Maria, no må du læra å gjera leksene dine utan å masa på andre!

Du lurer berre deg sjølv, Maria, veit du det?

Beste helsing
Seriøse Vebjørn

Spørsmål frå Martin, 10.02.07:

Fræge allvitar!

Eg sender deg eit spursmål Martin Heidegger spurde i
1959. Sidan spyrjespalta di kom til fyrst etter han
havde andast, fekk han aldri noko godt svar, men eg
vil gjerne vita:

Kvifor finst det noko i staden for inkje?

Beste helsing frå Jarle (og Martin, posthumt)

Eksistensielle spørsmål krev eksistensielle svar, og nett det hevdar Useriøse Vebjørn at han er ekspert på. So då lèt me han ta seg av dette.

Useriøse Vebjørn svarar:

Useriøse Vebjørn svararSlike spørsmål har ofte oppskakande svar, so det er nok best at de finn dykk ein stad å sitja før de les vidare. For svaret lyder nemleg sånn:

Fordi Vårherre vil det slik.

(Ja, eg er nok framleis litt i religionsrus etter spørsmålet frå Maria tidlegare i veka. Om nokon skulle lura på det. )

Gladkristen helsing
Useriøse Vebjørn

Spørsmål frå «Finn Erik», 090207:

Kjære Vebjørn!

Kvifor er det ingen som liker meg?
Eg føler meg so einsam og trist.

Finn Erik

Trass i at dette er eit nokso rampete forsøk på å hengja ut ein viss … ahem … figur, so svarar Seriøse Vebjørn likevel, om enn litt i overkant flåsete til han å vera.

Seriøse Vebjørn svarar:

Seriøse Vebjørn svararVel, «Finn Erik», eg trur det kan ha noko å gjera med at å framstilla seg sjølv som nokon andre enn kven ein eigentleg er …

Beste helsing
Seriøse Vebjørn

(Moral: Framtidige forsøk på å gjera narr av offentlege personar (som for all del gjerne fortener å verta gjort narr av) set eg pris på om de utøver andre stader enn i spørjespalta. Det vil seia, om de finn på noko som er so artig at de berre ikkje kan la vera, so får det vera greitt, men elles finst det nok av kranglefelt her på heimesida til å slengja drit i. Det er trass alt difor eg har dei.)

 

Spørsmål frå Ola, 08.02.07:

Hei Vebjørn. Eg treng hjelp til eit problem eg ikkje klarer å løysa
sjølv. Kven er best av Odd Nordstoga, Åsmund Nordstoga og Ragnar Hovland?

Helsing Ola

Som dårlege spørsmål flest, pådreg òg dette spørsmålet seg svar frå Useriøse Vebjørn.

Useriøse Vebjørn svarar:

Useriøse Vebjørn svararTja. Ødd er seg sjølv nok, og Ragnar Hovland skriv på e-infinitiv. Åsmund stiller sterkt med hallomannjobben, og eg har høyrt han skal vera ganske morosam. Og so er han jo litt kjekk, so alt i alt er det vel han som stikk av med det lengste strået denne gongen.

Konklusjon: Åsmund er best.

Homoeksperimentell helsing
Useriøse Vebjørn

 

Spørsmål frå Maria, 05.02.07:

Store orakel!

Kvifor finnest det vondskap/bokmål i verda når Gud er allmektig?

Helsing frå ho kristne

Det er ikkje so ofte spørsmåla er av dette kaliberet, so no svarar både Useriøse Vebjørn og Seriøse Vebjørn. Useriøse Vebjørn var so ivrig at han måtte kjølast ned litt, så då tek me svaret frå Seriøse Vebjørn fyrst.

Seriøse Vebjørn svarar:

Seriøse Vebjørn svararFyrst av alt, spørsmålet ditt er leiande. Du legg til grunn at det finst ein Gud, og at han er allmektig, sjølv om det er to i aller høgaste grad diskutable påstandar. Og om Gud ikkje finst, fell heile spørsmålet i fisk. Min påstand vil vera at nettopp det er tilfelle.

Oppfylgjingsspørsmålet vert dimed korleis eg grunngjev ein slik påstand. Vel, eg orkar ikkje å ramsa opp alle logiske brestene, alle sjølvmotseiingane og alle aspekta ved kristendomen som religion si historie som viser korleis han har vorte nytta til å kua folk for å oppretthalda maktstrukturane i samfunnet. Eg skal nøya meg med noko som enkelt som at Guds eksistens ikkje kan underbyggjast med andre prov enn svært tvilsame vitneforklåringar, oftast i frå før av svært tvilsame vandresoger frå nokre tusenår tilbake. Eg meiner, korleis har menneskeætta fått greie på at Gud finst i det heile? Jau, gjennom urgamle forteljingar om folk som høyrde ei røyst (Gud) som fortalde dei kva dei skulle gjera (stort sett). Om nokon seier til deg i dag at dei vart kontakta av Gud, gjerne i form av å ha høyrt røyster frå ein brennande busk, hadde du trudd på dei? Det hadde ikkje eg, og eg ser heller ingen grunn til å tru på slike historier berre fordi dei er nokre tusen år gamle.

Eit anna poeng er at det ikkje berre er den kristne Guden som har vorte «prova» på den måten. Eg kjem ikkje på noko objektivt kriterium som tyder på at kristendomen er meir eller mindre sannsynleg eller truverdig enn islam, buddhismen, og so bortetter. Religionar generelt har ein tendens til å vera bygde på føresetnaden om at deira Gud/gudar er den/dei einaste sanne Gud/gudane, utan at nokon av dei kan føra vitskaplege prov for noko som helst, ei heller at den eine religionen skal vera meir sannsynleg enn den andre.

Men, for å vera litt grei, so skal eg òg gje eit kort svar på spørsmålet ut i frå premisset om at den allmektige Gud finst. For dersom eg no skulle ta skammeleg feil, og Gud faktisk finst, so må svaret på spørsmålet ditt vera at Gud er vond (og evt. skriv bokmål).

Beste helsing
Seriøse Vebjørn

Useriøse Vebjørn svarar:

Useriøse Vebjørn svararAkk, kvifor so kritisk til din O Store Herre og Skapar? Kvifor, du ytste ledd i det skjendige resultat av syndefallet, stiller du spørsmål ved Vårherre? Har Han ikkje gjeve deg livet og alt godt? Har Han ikkje gjeve deg fri vilje, som du kan bruka på å gjera slik Han vil? Nei, ynkelege menneskesjel, vondskap er utakken Gud får for å ha gjort menneska frie.

Men det er ikkje for seint å venda om! Sanneleg eg seier deg! Herren er deg nådig, og vil gje deg evig liv i himmelrik om du tilbed Han slik som Han fortener. Du skal byggja Herren eit alter av sedertre, der skal du dagleg ofra ti marsvin med sløv smørkniv. Du skal skjera over strupen på dei, knela for Herrens andlet til fullmånen lyser, og deretter stenka blodet i fire runder rundt alteret. Kadavera skal du kompostera, og vera urein alt til kvelds.

Gjer no som Herren seier, og sjå deg ikkje attende! Og på den sjuande dagen, sanneleg eg seier deg, so skal Herren tilgje deg, og du får som fylgje av Hans godskap ein ny sjanse til å leva eit liv i forsaking.

Formanande helsing
Useriøse Vebjørn

Spørsmål frå Synnøve og Maria, 04.02.07:

Hei!

Kva er det eigentleg som går føre seg på biletet av Useriøse Vebjørn?

Helsing Synnøve og Maria

Sidan det er Useriøse Vebjørn som får fokuset, er det òg han som har teke på seg oppgåva med å svara.

Useriøse Vebjørn svarar:

Useriøse Vebjørn svararNei, det går vel over hovuda på dykk båe! Ohohohoho!

Men for å informera dykk, vyrde, men akk so kortvaksne medmålungdomar: Svaret er pseudosamtidsperformancekunst.

Og so vert det heider, ære og eventuelt ymse andre former for premiering til den eller dei som kan gje meg eit norsk synonym til performancekunst. Eg kan ikkje verta galen Stavangerkunstnar (for det skal eg verta) om kunstarten min berre har eit namn på engelsk. Det får vera måte på. (Språkrådet føreslår framføringskunst, so då er det utelukka.)

Slapp helsing
Useriøse Vebjørn

Spørsmål frå Odin Omdal Hørthe, 24.01.07:

Hei tøflus,

kann eg få ei større/betre/tøffare lenkje enn alle dei andre på lenkje-sida? Slik at fleire trykkar på mi lenkje, enn på dei andre?
Eller kanskje du kann lenkja eit stort bilete av meg med raude bokstavar yver: «HELTEN MIN (les meir, trykk)»? Det hadde jo vori fantastisk nyttig for sida di.

Berre spør um du vil hava fleire gode råd frå eg som bur i storby.

Takk på førehand!


Beste helsing,
Odin Hørthe Omdal

Trass i at Odin syner ein imponerande mangel på evne til å senda spørsmåla til rett e-posttilskrift (gmailen min er ikkje til utvortes bruk … eller noko i den duren), so får han svar likevel. Men som straff er det berre Useriøs Vebjørn som tek seg bryet.

Useriøse Vebjørn svarar:

Useriøse Vebjørn svararJa, det skal du få, «storby»-gut.

Og kom gjerne med dei gode råda. Det kan vel knapt finnast måte på kva ein kan læra av folk som bur i hovudstaden. Alltid like lærerikt å vera i kontakt med slike.

Klam helsing
Useriøse Vebjørn

Spørsmål frå Odin Omdal Hørthe, 11.01.07:

Hei,

du talar mykje og varmt um dei gamle sidone dine. So eg, som ikkje kjende deg fyrr etter starten på «joleuppvaskingi» lurer på korleis desse sidone var. Sjølv ligg mine gamle sidor ute på nettet (heilt attende til den fyrste av dei). Vil du ein gong når du ikkje er lat leggja ut «høgdepunkt» frå denne tidi?


Beste helsing,
Odin Hørthe Omdal

Dette spørsmålet var so keisamt at det berre har fått svar frå Seriøse Vebjørn. Elles bør det òg nemnast at svaret kjem på rein nåde, då Sleipe Odin nytta snarvegen gjennom den vanlege e-posttilskrifta mi.

Seriøse Vebjørn svarar:

Seriøse Vebjørn svararFyrst av alt, du kjende meg lenge før julerydden byrja. Me møttest fyrste gongen 204 dagar før eg la heimesida mi på is, so du hadde rikeleg med tid til å sjå korleis dei sidene var.

Men, for å svara på spørsmålet, jau, kanskje eg gjer det. Det vil seia, eg har gjort det, men det var for so lenge sidan at eg i alle høve lyt byrja frå botnen av om eg skal gjera det att.

Beste helsing
Seriøse Vebjørn

Spørsmål frå «O. Hansen», 9.01.07:

«Hei

Du skrivar at du ikkje er ein blogger men likevel så har du kommentarfuksjon på sida
di og oppfordrar til å krangle. Er ikkje det dobbelt moral?

O. Hansen»

Dette spørsmålet har på uforklårleg vis pådrege seg svar frå både Seriøse Vebjørn og Useriøse Vebjørn.

Seriøse Vebjørn svarar:

Seriøse Vebjørn svararDet hadde vore dobbeltmoral dersom kranglefunksjonen hadde vore uløyseleg knytt til bloggfenomenet. Men, det er ikkje tilfelle. Kommentar-/krangle-/kalldetkvaduvil-funksjonen er mykje eldre enn bloggfenomenet, og me lyt difor passa oss for å la bloggarane ta patent på brukarinvolvering.

Eg har faktisk gjeve høve til kommentarar og innspel på dei tidlegare utgåvene av heimesida mi, og det lenge før bloggane oppstod. Skilnaden frå no og då er at eg då samla alt i éi einaste stor vitjarbok, medan eg no lèt sidene i vitjarboka fordela seg fint utover mange av dei ulike sidene. Det var ingen som fann på å kalla heimesida mi for blogg før i tida, og det ser eg heller ingen grunn til at ein skal gjera no, då det i hovudsak er formgjevinga, publiseringssystemet og domenenamnet som skil denne heimesida frå dei førre utgåvene.

Beste helsing
Seriøse Vebjørn

Useriøse Vebjørn svarar:

Useriøse Vebjørn svarar ògEg skulle ynskja det var det. Du veit, moral er godt, dobbeltmoral er dobbelt so godt.

Men det rette ordet i denne samanhengen er sjølvsagt hykleri. Men ikkje sei det til Seriøse Vebjørn. Han vert berre so irritert.

Kjærleg helsing
Useriøse Vebjørn

Her kan du dyrka egoet ditt, du òg!

Opphavsrett og slikt: Vebjørn Sture. Eg saksøkjer driten or deg om du kopierer!!!
Denne sida køyrer WordPress. Sjølv tek eg bussen, eller så syklar eg.