Vebjørn si heimeside

Peikarar

Publisert 27.12.06 i – Comments Off

Jajamen. I motsetnad til bloggekveget som er så taktisk ukloke at dei plasserer peikarane sine på framsida, er eg ikkje mindre kynisk enn at eg gøymer dei bort på ei eiga side som du aktivt må oppsøkja for å finna peikarane. Lesarlekkasje er ikkje mi greie.

Men altså. Her finn du ei finn rekkje peikarar, sortert etter emne, som du kan klikka deg inn på. Og skulle det no ha seg slik at du finn openberre manglar (eg er nesten viljug til å vedda på at dei fleste tilfella vil vera kjenningar som er sure av di eg ikkje har peika til heimesida/bloggen deira), så er det ikkje verre enn at du kan senda inn alt det du måtte ynskja av framlegg til peikarar til straumbrev(A)totlevase(.)net. Om du er heldig, får du kanskje igjennom eit framlegg eller to. Og berre så det er klårt: Menneska er sorterte alfabetisk. Meir oppfinnsam er eg ikkje.

Maria

  • Museholet.no
    – <3 ... (Sakleg info: Rikt illustrert, hyppig oppdatert. Tilrådd!)

Folk

  • André
    – Teiknefantom frå Skedsmokrossen.
  • Bror
    – Nyttevekstorientert spin-off-blogg av Hjartesmil, sjå Mariell.
  • Eirik
    – Raudvinskatolikk frå distrikts-Noreg. Ikkje rart han må flykta til utlandet.
  • Elisabeth
    – Gamal målsiddis som får dagane til å gå med å skriva slovakisk bikkjeblogg.
  • Eva
    – Den nye økonomivoktaren i NMU. Ho er heldigvis flinkare til å føra rekneskap enn ho er til å oppdatera bloggen sin.
  • Endre B.
    – Tidlegare Mållagsleiar. Glad i å snakka om revitalisering og mangfald, gjerne samstundes.
  • Janne
    – Den påtroppande NMU-leiaren.
  • Jarle
    – Frilandsorganist frå Jæren.
  • Jens
    – Nestleiar i Mållaget, og omtrent like sta som meg sjølv.
  • Jens Morten
    – Kanskje den minst metroseksuelle mannen eg kjenner (det er ein kompliment!)
  • Jostein
    – Sleip sogning. I Jostein inngår desse to korrelerande S-orda i ei synergisk eining.
  • Kristin
    – Elverumsing med fast spalte i Dag og Tid. Eg seier ikkje meir.
  • Magnus
    – Organisasjonskonsulenten over alle organisasjonskonsulentar.
  • Mariell
    – Hjartesmil, den nynorske feelgood-bloggen.
  • Odin
    – Dataguru og leiar i Studentmållaget i Bergen.
  • Ola
    – Byggstudent frå Suldal og NMU-klassikar.
  • Sara
    – Nynorskamerikanar frå Stavanger.
  • Simon
    – Nordlending på nynorsk. Kva meir kan du ynskja?
  • Straamannen
    – Periodisk organ for stråmenn og myrkemenn. Diverre ganske skrint med oppdateringar.
  • Synnøve
    – Leiar i Studentmållaget i Oslo, tidlegare NMU-leiar. Kanskje denne lenka får henne til å oppdatera meir? :)
  • Ulrikke
    – Sannsynlegvis den mest folkelege NMU-aren eg veit om.
  • Vegard
    – Nynorskbloggar med forkjærleik for Yoshi-kosedyr og turar i gravlunden.

Organisasjonar å melda seg inn i

  • Norsk Målungdom
    – Kremen av norsk ungdom.
  • Noregs Mållag
    – Snerken av norsk alderdom. Det vil seia nest øvst i koppen, men litt meir rynkete enn kremen.
  • Kringkastingsringen
    – Arbeider for at nynorsk, dialektar og samisk skal få eit rettkome rom i norsk kringkasting. Det er berre å melda seg inn.
  • Ungdom mot EU
    – Namnet seier vel det meste.
  • Nei til EU
    – Sjå Ungdom mot EU
  • Noregs Ungdomslag
    – Folkekultur, teatersport og målsak. Og sikkert meir.
  • Natur og Ungdom
    – Her melder du deg inn for å lenka deg fast til gasskraftverk og oljeinstallasjonar. Eller i mitt tilfelle: For å støtta dei som gjer det.

Andre tilrådde nettstader

  • Nynorsk.no
    – Den nynorske samlingsstaden på internett.
  • ABC Startsida
    – Noregs største startside – på nynorsk.
  • The Hunger Site
    – Avlat per museklikk.
  • Dag og Tid
    – Seks dagar gamle nyhende kverna gjennom ein redaksjon full av innfule nynorskbrukarar. Eit uslåeleg konsept.
  • Nynorsk Wikipedia
    – Dugnadsleksikon på folkemålet.
  • Allkunne
    – Nynorskspråkleg vestlandsleksikon med rikhaldig informasjon om sogneprestar og kraftkommunar.
  • Korleis få datamaskina di på nynorsk

    • Mozilla Firefox
      – Dugnadsnettlesar. Gjett kven som har vore med og omsett han til nynorsk …
    • Nynorsk språkgrensesnittpakke for Windows XP
      – Minimer Microsoftskavanken på maskina di med nynorsk grensesnitt.
    • OpenOffice
      – Kontorstøttepakke. Vesentleg mindre brukarfiendtleg enn MS Office, og attpåtil gratis.
    • The GIMP
      – … og vegvisaren for korleis du endrar GIMP til nynorsk
    • Inkscape
      – Vektorgrafikk på nynorsk.
    • Ubuntu
      – Skulle du gå lei av å måtta installera nynorske versjonar av kvart bidige program på Windows-maskina di, kan du like greitt skrapa Vetlemjuk og leggja inn Ubuntu linux i staden. Der fiksar språkstøttefunksjonen heile biffen for deg.

    Opphavsrett og slikt: Vebjørn Sture. Eg saksøkjer driten or deg om du kopierer!!!
    Denne sida køyrer WordPress. Sjølv tek eg bussen, eller så syklar eg.