Fredagsmoro

I dag er det både fredag og 198 år sidan Ivar Aasen vart fødd. Med andre ord er det på sin plass med litt fredagshumring, som vonleg lèt seg katalysera av eit par småsnodige mobilkamerabilete. Det fyrste er frå førre fredag, og viser kor sterkt campingmentaliteten står hjå norske offentlege etatar. Det andre er bidraget mitt til den tilsynelatande evigvarande «Kelner! Det er ein Jesus i maten min!»-bylgja. Vel unt.

Politiet campar på Plata

Dei som klagar på at politiet er dårleg utstyrt, kan tydelegvis ta seg ein bolle. Og om dei ikkje har, så kanskje dei kan banka på politiet si campingvagn og spørja om å få? Biletet er frå Jarnbanetorjå i Oslo førre fredag.

Jesus i steikjepanna

Jammen dukka ikkje Jesus sjølv opp i steikjepanna då eg laga spegelegg mot slutten av fjoråret. Rett nok såg han ut til å lida så smått av dykkarsykje, men anna er vel ikkje ventande etter 2000 år under heilt andre lufttrykkstilhøve høgt til vêrs.

Lagt inn i kvardag | Med merkelapp , , | Legg att eit svar

Eit uhyggeleg varsel

Måten ekstreme, antiislamske grupper omtaler muslimer på i dag, ligner måten ekstreme antisemittiske grupper omtalte jøder i tiårene som førte opp til andre verdenskrig.

Denne åtvaringa har Erna Solberg fått på trykk i ei sak på VG Nett i dag tidleg. Beviset på at ho diverre har rett, kom ganske umiddelbart. Saka, som vart publisert 07:15, vart endra 8:05, då det fylgjande avsnittet vart lagt til:

«PS! VG Nett åpnet denne saken for kommentarer, men måtte stenge kommentarfunksjonen etter kort tid på grunn av svært mye hets mot muslimer.»

Eg er mållaus.

Lagt inn i politikk | Med merkelapp , , | 3 lesarar har lagt att eit svar

Eit lite avbrekk frå alvoret

I går var det godt å sjå fotball igjen. Eliteserierunden førre helg vart avlyst, og det var utvilsamt det mest fornuftige. Sjeldan har fotball verka så meiningslaust som då. For fotballen er meiningslaust, men nettopp difor var det også både godt og viktig at han kom i gang igjen denne helga. Når tårene og tungsinnet har gått tomt, må verda gå vidare for at ikkje me skal verta verande i eit vakuum. Og det å kunna gleda seg over det totalt uviktige er ikkje berre god terapi, det er også ein viktig påminnar om kor godt me vanlegvis har det.

Lat meg difor uttrykkja litt glede over mitt kjære Viking. Det er så kjekt å sjå at laget har byrja vinna kampar og plukka poeng, at skuldrene deira heng tjue centimeter lågare enn i april, og at dei har byrja å få det til for seg der det tidlegare har skorta ‐ nemleg framfor måla.

Likevel, det herleg, uviktig frydefulle, som verkeleg dreg i smilebanda mine uansett korleis kampane endar, er dei lokale tenåringane. Kva gjer det med eit tullemål eller to i mot, når ein russ frå Vaulen driblar i sirkel rundt landslagsbacken på motstandarlaget? Kva gjer det, når storebror Berisha kan klemma ballen i vinkelen frå alle tenkjelege distansar, og veslebror hans får den berømmelege duracellkaninen til å framstå som ein pelskledd kappgjengar? Og kva gjer det, når ein kraftplugg frå Tasta nærast pløyer midtsirkelen med dei stakkarane som kjem i vegen for ballen?

Med slike ungdommar er det ikkje så farleg om det vert nok ein halvdårleg sesong resultatmessig. Om me får behalda desse gutane til neste år, så kjem dei for alvor til å herja. Og når dei vert kjøpte opp av storklubbar i utlandet og hamnar på landslaget, så skal det jammen verta gøy å fylgja dei då òg. For ikkje å snakka om kor gøy det då vert å sjå kva for nokre nye tenåringar som tek steget opp på A-laget i Jåttåvågen.

Kjem eg eigentleg fram til noko poeng her? Eg veit ikkje. Men kanskje er det nettopp det som er poenget. Kor godt det er å ha noko litt poenglaust å bry seg med, gle seg over og engasjera seg i. Kanskje er det nettopp dei litt meiningstomme gledene som gjev alvoret meining.

Lagt inn i fotball | Med merkelapp | Legg att eit svar

Scientologungar som propagandastativ

Som mange vonleg har fått med seg: Scientologikyrkja har sett opp noko som mest av alt liknar eit healingtelt på Youngstorget i Oslo – midt mellom det utbomba regjeringskvartalet og lokala til AUF. Allereie i starten av veka var scientologane på plass for å lokka til seg folk i sjokk og sorg, slik scientologane har for vane å gjera etter terroråtak og naturkatastrofar.

Fredag kveld tok eg turen ned til Youngstorget, for å åtvara og informera forbipasserande om at dei gulkledde som kalla seg «frivillige hjelpere» faktisk er scientologar. Scientologane på Youngstorget deler nemleg ut flygeblad, kaffi og massasje (eller «nerve assists», som dei yndar å kalla det) – men dei er merkeleg nok ikkje så ivrige etter å fortelja at dei er scientologar. Såpass lite ivrige, at fleire av dei fann det naudsynt å prøva å avleia meg og snakka meg «til fornuft». Kanskje ikkje så rart, då samtlege forbipasserande eg snakka med var takknemlege for at eg tipsa dei. Omtrent ingen hadde fått med seg at dei gulkledde var scientologar.

Som ein slags rosin i den frå før totalt usmaklege scientologipølsa, såg eg på fredag ikkje berre hjernevaska scientologar i vaksen alder. Scientologane ser nemleg heller ikkje noko i vegen for å bruka ungar med fleire fingrar enn leveår til å dela ut propagandaen sin.

Oversiktsbilete av scientologiunge på Youngstorget fredag 29. juli

Her går scientologiguten, som såg ut til å vera 9-10 år gamal, med «frivillig hjelper»-t-skjorte nærast ned til knes.

Scientologiunge på Youngstorget fredag 29. juli

Litt meir close-up. (Dei sivilt kledde på bileta er nettopp det – forbipasserande sivile. Berre så det er på det reine.)

Det er nærliggjande å spørja seg: Eig ikkje desse folka skam? Eller gangsyn? Svaret er sannsynlegvis at gangsynet er borte for samtlege. Skamma tippar eg fyrst og fremst er fråverande hos dei som sit høgare i scientologisystemet enn fotsoldatane på Youngstorget. Ut i frå distraksjonsforsøka deira var det relativt enkelt å slå fast at dei som står der, er så hjernevaska at dei ikkje berre trur på det dei held på med, men er heilag overtydde om det og like overtydde i trua på sjefane sine i Scientologikyrkja. Gangsynet, derimot … Det burde ha ei ringt nokre bjeller lenge før dei sende prepubertale barneskulegutar til å dela ut flygeblad. Og sjølv ikkje det ser ut til å rokka ved den heilage overtydinga deira.

I mellomtida er det beste me kan gjera å spreia ordet så godt som råd, slik at folk veit kven det er som står på Youngstorget og tilbyr «frivillig hjelp», «nerve assists» og «Veien til lykke». Slik at me kanskje kan hindra at endå fleire menneskeliv går tapt.

Lagt inn i ikkje-kategorisert | Med merkelapp , | Legg att eit svar

Jakta på ein handgripeleg syndebukk

Ei snau veke har gått sidan 22. juli. Dei tunge stundene er ikkje på langt nær over, men serleg for dei som ikkje vart direkte råka har også kvardagen gradvis byrja å venda tilbake. Omfanget av det som skjedde, har byrja siga inn no etter at sjokket for det meste har lagt seg. Dimed er det også mange som atter grip etter pennen. Det kan vera vel og bra, men lat oss endå ei stund vera litt varsame med kva me brukar han til. For:

Mellom dei som har skrive om det som har skjedd, er det fleire som har byrja leita etter noko å skulda på. Sjølve terroristen vart, som alle veit, arrestert på Utøya. Han har vore bak lås og slå sidan då, og kjem kanskje til å vera det resten av livet. Me veit alle kva han har gjort, og tenkjer me etter, veit me at hemn er nyttelaust, då det ikkje finst nokon måte å «ta igjen» på ein jambyrdig måte. Sjølv ikkje mosebøkene med sine «auge for auge»-metodar strekk til i dette tilfellet. Terroristen sløkte minst 152 uskuldige auge. Sjølv har han berre to.

Kanskje nettopp difor er det så lett å ta seg til å leita etter andre syndebukkar. Ikkje som skal få skulda for terrorhandlingane, men nokon eller noko å skulda på for terroristen. Noko me kan endra på eller avskaffa, for å hindra at det skal avla fram ein ny massemordar. Noko som kunne hindra terroristen i å verta den han vart, som igjen kunne hindra han i å planleggja og gjennomføra uhyrlegheitene sine.

Allereie på sundag var BT-toppen Hilde Sandvik ute og peika på moglegheitene til å opptre anonymt i nettdebattar. «Vi må ha høve til sjå kven vi har med å gjere. Før det er for seint.», skriv Sandvik, for å poengtera at me må ta eit oppgjer med anonymiteten.

Måten ho omtalar terroristen på, slår likevel effektivt bein under den førre konklusjonen: «Ein mann som i stort alvor diskuterer multikulturalismens farar og kulturmarxisme, men ikkje i hardare ordelag enn ein kjenner att frå dei fleste nettfora.» Med andre ord: Dersom terroristen hadde signert med fullt namn – friviljug eller ved påbod – ville meiningane hans framleis ikkje skilt seg stort meir ut frå den konteksten dei vart publiserte i. Ingen ville ha «fanga han opp», berre fordi me kunne sjå kven han var. Om han vart tvungen til å identifisera seg for å publisera, så kanskje han ikkje hadde publisert. Men hadde han skrinlagt terrorplanane, om han måtte brenna inne med bodskapen sin? Ville hatet hans skrumpa? Eg tvilar.

På onsdag var det forfattar Ketil Bjørnstad sin tur. Han gjekk relativt langt i å leggja skulda på valdelege filmar, TV-seriar og dataspel: «[Når] en massemorder innrømmer at han har brukt dataspill som ren trening frem mot terroraksjonen, bør vi kanskje spørre oss om det er sunt at barna våre roper «kill» til hverandre lenge før de har begynt på skolen.»

Retorikken her snublar i sitt eige hovudpoeng: Bjørnstad viser til at terroristen «trente» med dataspel. Fordi ein mann som alt har planlagt terror brukar dataspel til «trening», så vil ungar som aldri kunne tenkja seg å utføra ei terrorhandling, potensielt verta terroristar av å bruka det same spelet til leik. Med andre ord: Effekten dataspela har på ungar, er avhengig av kva ein komande terrorist eventuelt måtte bruka dataspel til. Resonnementet gjev ikkje meining.

Forklaringsmodellane til Sandvik og Bjørnstad framstår som døme på ein for så vidt heilt naturleg og forståeleg reaksjon: Ynsket om å forstå, slik at me får noko handgripeleg å skulda på, endra på, avskaffa. Slik at me – orsak hobbypsykologien – kan gjera noko med det, og såleis kanskje kvitta oss med avmakta. Lat oss ta høgd for at Sandvik og/eller Bjørnstad kanskje har hatt andre motivasjonar for utspela sine, men det er uansett slik eg les dei, og slik eg innbiller meg at ein del andre også les dei, forstår dei, og kanskje også kjenner seg samde.

Kanskje vil me ein dag finna ut kva det var som gjorde at terroristen vart slik han vart. Og kanskje ikkje. Uansett må me ha to ting klårt for oss: Ingenting kan fråta terroristen ansvaret for at han vart den han vart og gjorde det han gjorde. Og sannsynlegvis er det førebelse utfallet av livet hans ikkje eit resultat av eit isolert enkeltfenomen, det vera seg anonyme nettdebattar eller valdelege TV-spel.

Difor risikerer me også at me aldri får noko enkelt, handgripeleg svar, eller nokon enkel, handgripeleg syndebukk – og me får det i alle fall ikkje før me har fått 22. juli på temmeleg god avstand. Lat oss difor halda hovudet kaldt endå ei stund. Varmen og heita kan me ta gjennom hjartet så lenge.

Lagt inn i ikkje-kategorisert | Med merkelapp | 2 lesarar har lagt att eit svar

Opphavsfeil: Vebjørn Sture. Alle varmrettar må reserverast.
Denne sida køyrer Wordpress. Sjølv plar eg sykla.