Litt fotballsynsing og eit par spådomar

Me er ute av EM. Ferdig med det. Noreg spelte då også såpass dårleg i går at det nærast er til pass for oss at me ryk ut. Eitt poeng på to kampar mot eit såpass middelmåtig lag som Danmark er eit enkelt og greitt prov på at me ikkje er gode nok til å spela i EM – med eit hypotetisk atterhald om at Danmark framleis har moglegheita til å visa seg endå meir uskikka til å delta i EM enn oss, om dei no skulle klara å søla bort andreplassen i gruppa.

Så, kva er gale? Det vanlege svaret kvar gong Noreg drit på draget er manglande ferdigheiter og feil spelestil. No trur eg spelestilsdebatten kjem til å liggja daud ei stund til, rett og slett fordi resultata Drillo har å visa til – serleg sidan han tok over i 2009 – taler sitt eige, tydelege språk. Men det vert også for lettvint å skulda på dårlege ferdigheiter, både fordi det ikkje har vore til hinder for gode resultat gjennom god organisering tidlegare, men også fordi dei tekniske ferdigheitene truleg er betre på landslaget enn nokon gong.

Tenk over det: Den seinare tida, jamvel under Drillo, har me stundom sett eit norsk landslag finspela seg ut av eige forsvar. No spelte ikkje Henning Hauger Danmark-kampen, men jamfør ballhandteringa hans med til dømes Trond Andersen, som av ein eller annan grunn var det føretrekte ankeret på midten for nokre år tilbake, og du forstår kva eg snakkar om. Ballkontrollen og dei tekniske grunnferdigheitene hjå landslagsspelarane er høgare no enn før. Punktum.

To ting trur eg likevel er annleis. Det eine er psyken, og det andre er mangel på typevariasjon. Lat oss ta psyken fyrst:

Me ser det gong på gong, og me har sett det heilt sidan Drillo gav seg i 1998: Noreg sviktar når det gjeld som mest. Der me i VM i Frankrike gjorde omvendt – dreit på draget mot svak motstand dei to fyrste gruppespelskampane, men tok oss vidare ved å slå Brasil i den avgjerande kampen. Med eit straffespark rett før slutt. Etter det har det vore skrint: I 2000-EM slo me Spania, men rauk etter to elendige kampar mot Jugoslavia og Slovenia. Både i 2003 og 2005 rauk me ut i omspelskampane mot Spania og Tsjekkia, medan 2008-meisterskapen vart spolert då Thomas Myhre på uforståeleg vis slepte inn to frisparklomper frå Hamit Altintop.

Likeins går det på dunken no i kampane som tel. Me slår Portugal heime tidleg i kvaliken, og me bankar lag som Frankrike og Tsjekkia i uvesentlege privatkampar, men når Danmark, eit lag med tilsvarande spelarmateriell, men som slit med overdriven tru på eigne ferdigheiter og ein mildt sagt naiv spelestil, likevel tek 5 av 6 mogleg poeng mot oss, så kan det ikkje kallast anna enn ein liten kollaps. Når det gjeld som mest, igjen.

Det er ei vanskeleg greie å snu. Me treng fleire kalde fiskar som veit å bikka dei viktige kampane i rett retning, samstundes som me no er i ein situasjon der mest ingen på landslaget veit kva det vil seia å vinna viktige kampar. Dei beste spelarane våre lærer ikkje vinnarkultur i Manchester United lenger, eller til nauds på eit Rosenborg som dominerer heime og bit frå seg i Europa. Og korleis slikt skal snu? Eg har ingen aning. I mellomtida symboliserer Rune Jarstein den nervøsiteten som ser ut til å gripa landslaget når alvoret kjem.

Så var det typane: I «stordomstida» for det norske landslaget, i den grad eit lag med åttedelsfinale i VM som beste prestasjon nokon gong kan skryta på seg ei stordomstid, var landslaget sett saman av heilt ulike typar spelarar, alle med kvar sine spisskompetansar. Det sistnemnde er då også eit klassisk Drillo-omgrep. Der me i dag har fem relativt kortvaksne, teknisk brukbare og elles også relativt like mann på midten, kunne me tidlegare slumpa til å ha kombinasjonar av fyrtårn (Flo), løpsmonster (Leo), kjeftesmelle (Rekdal) og ballgeni (Myggen). Den som stikk seg mest ut no er Husekleppen, men oppsummert vert det stundom for einsformig, for lite å spela på. Det er ingen som slår den geniale pasningen, det er ingen som konsekvent dukkar opp på rett plass til rett tid, det er ingen som med full pondus sjefar dei andre rundt dit dei skal vera.

Også her er det vanskeleg å løysa problemet sånn heilt utan vidare. Me har eit avgrensa spelarmateriell å ta av. Og det er jo faktisk heller ikkje til å skjemmast over at eit søkkrikt land, der så å seia alle dei fem millionar innbyggjarane får det meste dei treng frå dei er ein neve store, ikkje evnar å dominera internasjonal fotball. Det skulle jo nesten berre mangla at det er slik.

Likevel, eit par spådomar: Det kan godt henda at dei rette typane kjem igjen. Innan VM i 2014, som eg trur me kjem til, vil det vel ikkje vera uventa om nokre få nye namn har fått foten innanfor A-troppen. Eg trur serleg midtbanen fort kan få eit par utskiftingar. Så eg prøver meg på eit lite råtips: I VM i 2014 stiller Noreg med omtrent same mannskapet som no, men med to nye indreløparar i startoppstillinga. Valon Berisha tek rolla som den skapande servitøren. Han har løpskapasitet til Drillo-systemet og vel så det, og han kombinerer det med eit farleg skot og offensiv kreativitet. Den andre indreløparplassen tek Fredrik Haugen. No har eg sett svært lite av han, skal eg vedgå, men makan til kald fisk har eg til gjengjeld knappast sett. Eit retteleg steintryne, som i tillegg veit å dukka opp på dei rette plassane og tidspunkta framfor målet.

PS: Etter at dette vart skrive, viser det seg altså at fleire av landslagsspelarane hadde ei lang og fuktig natt på byen etter kampen mot Island førre fredag. Det forklarer jo ganske enkelt kvifor landslaget vårt spelte som om dei var fyllesjuke …

Lagt inn i fotball | Med merkelapp , , , , | Legg att eit svar

I nynorskens skog

For å seia det, eller rettare sagt syngja det med Oddvar Torsheim:

År kasta eg bort før eg fann ein port til Nynorskens skog
Eg fann noko stort bak Mållagets port i Nynorskens skog

Desse linene var vel i utgangspunktet ganske dekkjande for seks-sju år sidan, då eg var fersk målmann og nyhekta på organisasjonsarbeid. No, årevis med leirar, møte og kontorkveldar seinare, er det kanskje endå meir dekkjande. Eg fann noko stort, og det veks stadig.

Eg har ikkje skrive her på fleire veker, og det er enklast forklart med at ting har gått mest i eitt sidan då. Eg har vore på ei kanontriveleg sentralstyresamling i Jølster. Helga etter var det NMU-stand på Målrock i Årdal som stod på tapetet, og veka etter var eg på skulestartaksjon på Nordfjordeid, lagsskiping i Ålesund og eit heilt fabelaktig bra landsstyremøte i Nordmarka. Innimellom har det gått i sentralstyremøte og -dugnader, planlegging av haustkonferansen Nynorsk framtid (som vert den herlegaste helga i haust!), tinging av jakkemerke og anna tilfang (den som fylgjer med, finn kanskje ut kva det sistnemnde vert), utforming av årshjul, skriving til medlemsblad, pressearbeid, gjesteblogging – mellom anna. I tillegg kjem jobben, som eg forresten må seia eg trivest svært godt på. Og i morgon kveld ber det til Øystese, for å dra på skulevitjing og markera at det er 40 år sidan den fyrste lærebokstreiken, som var på nettopp Øystese.

Nok å gjera er der, altså, men eg tek meg sjølv i å finna meir og meir glede i det, enn kor lenge eg har vore med i dette gamet. Ikkje berre er arbeidet moro, men berre det å få arbeida i lag med ein så herleg gjeng er i sanning ei eiga glede. Eg har skrytt av både landsstyret og sentralstyret før, men det er ikkje ufortent om eg gjer det igjen: Det er ei utruleg inspirerande samling menneske å samarbeida med. Som igjen gjer det endå meir inspirerande å vera med. Eg har vore på fleire titals landsstyremøte og sikkert hundre og femti sentralstyremøte gjennom åra, men eg gler meg til dei som aldri før.

No skal eg vakta meg for å gje tilnærma guddommelege framstillingar av folka rundt meg, dei er ikkje meirellemenneskj dei heller, men det er mykje flotte folk, og det synest eg godt me kan seia høgt ein gong i mellom. Og skulle det vera nokon der ute som synest det høyrest forlokkande ut, så står me sjølvsagt med opne armar for alle som vil vera med i det somme kallar for kremen av norsk ungdom.

Men no får de orsaka meg, eg må stikka på bladstyremøte. Så får eg heller lova å oppdatera på fredag eller laurdag med bilete og rapportar frå den store dagen i Øystese.

Lagt inn i kvardag, målsak | Med merkelapp , , , , , , , , , , , , , , | Legg att eit svar

Jølstramoro

Eg er på sentralstyresamling i Nygårdsheimen i Jølster, og mellom mykje annan moro fekk eg og Johanne oss eit aldri så lite fotomotiv på butikken i stad, då me handla inn daude plantar til veggismaten. Eg veit ikkje heilt om det er snakk om ironi på svært høgt nivå eller om merkeordninga «Nyt Norge» har satsa på nye jaktmarker, men eg tenkte no eg laut dela det med dykk lell:

Spinat frå Italia. Marknadsført av «Nyt Norge»

Merkeordninga «Nyt Norge» går tydelegvis ikkje av vegen for å marknadsføra mat som i beste fall kan karakteriserast som «norsk minus». I markeringa oppe til venstre ser du opphavslandsmerkinga, som opplyser at spinaten er frå Italia. I markeringa nede til venstre ser du merkeordningsmerkinga, som opplyser om at spinaten er frå Noreg.

Lagt inn i kvardag | Med merkelapp , , | 1 lesar har lagt att eit svar

Sola smiler

Ok, overskrifta er ein smule misvisande, i og med at Oslo har bydd på pissevêr og frysetemperaturar dei siste par dagane. Men for å oppsummera nokre små gleder frå dei siste og neste dagane:

1. Viking har for alvor funne formen. Det er stort sett berre smågutar på A-laget, men likevel trillar dei ball i hatt med både Brann og Tromsø. Mot Tromsø var det ein 17-åring, ein 18-åring, to 19-åringar og ein 22-åring mellom dei seks fremste spelarane på banen. Utruleg morosamt.

2. Ferien er over, og det kjennest i grunn ganske godt både å koma i gang med målarbeidet og med den inntektsbringande dagsysselen.

3. I kveld var eg og Maria på Ullevål for å sjå Noreg rundspela Tsjekkia. Og jammen! 3-0! Og det verste er at me tydelegvis har meir å gå på – det var mange gode moglegheiter som rann ut i ingenting i andre omgang på grunn av feil individuelle val. Island? Danmark? Kypros? Som dei seier på sidesidemål: Bring’em on!

4. I morgon tidleg fer eg til Jølster på sentralstyresamling. Eit nytt sentralstyre i Målungdomen er på plass, og skal bruka dei neste par-tre dagane – i framtidsfylket! – til å planleggja arbeidsåret som er i gang med. Æ glær mæ!

Og på sundag, når me er heime i Oslo igjen, skal Viking revansjera poengranet i Bergen når Brann kjem til Stavanger for å verta sende på hovudet ut av Noregsmeisterskapen. Skal tru om ikkje det vert storskjermfotball på Bjølsen på sundag, ja. :)

Lagt inn i fotball, kvardag | Med merkelapp , , , , , , , , , | Legg att eit svar

Fredagsmoro

I dag er det både fredag og 198 år sidan Ivar Aasen vart fødd. Med andre ord er det på sin plass med litt fredagshumring, som vonleg lèt seg katalysera av eit par småsnodige mobilkamerabilete. Det fyrste er frå førre fredag, og viser kor sterkt campingmentaliteten står hjå norske offentlege etatar. Det andre er bidraget mitt til den tilsynelatande evigvarande «Kelner! Det er ein Jesus i maten min!»-bylgja. Vel unt.

Politiet campar på Plata

Dei som klagar på at politiet er dårleg utstyrt, kan tydelegvis ta seg ein bolle. Og om dei ikkje har, så kanskje dei kan banka på politiet si campingvagn og spørja om å få? Biletet er frå Jarnbanetorjå i Oslo førre fredag.

Jesus i steikjepanna

Jammen dukka ikkje Jesus sjølv opp i steikjepanna då eg laga spegelegg mot slutten av fjoråret. Rett nok såg han ut til å lida så smått av dykkarsykje, men anna er vel ikkje ventande etter 2000 år under heilt andre lufttrykkstilhøve høgt til vêrs.

Lagt inn i kvardag | Med merkelapp , , | Legg att eit svar

Opphavsfeil: Vebjørn Sture. Alle varmrettar må reserverast.
Denne sida køyrer Wordpress. Sjølv plar eg sykla.