Til Finnmark med joggesko, del 1

Etter tre helger på rad med målsamlingar – to haustkonferansar og eitt landsstyremøte, der dei to fyrste låg på kvar si side av ei målferdveke, og den siste avløyste nokre jobbedagar kombinert med ei Oslo-målferd – var det på høg tid å slappa litt av. Så eg har teke meg ein liten firedagarstur til Finnmark, for å freista nynorsklukka lengst nord i landet.

Sidan Yr har bore bod om mildvêr heile reiseveka til endes, tok eg sjansen på å reisa 1800 kilometer nordover i november med joggeskor og ein jakke som openbert høver betre sumarstid enn midtvinters. Rett nok, litt ullunderty har eg med, i tillegg til eit skjerf, men resten la eg att heime. Litt spenning må ein ha.

No har eg vore her eit drygt døger, og kan konkludera med fylgjande:

- Her er mørkt som i ein bortgløymd potetkjellar.

- Åtte skuletimar på rad med føredrag røyner på halsen.

- Tre helger på rad utan ekstra svevn gjer meg for trøytt til å gjera noko fornuftig på kveldstid i dag.

- Alta har endå særare postkort enn resten av landet.

Elles, det meste skulle vera oppsummert med bileta som kjem under her. Kos deg.

Kristofer sjekkar inn på sårbar maskin

Eg slo fylgje med Kristofer til Gardermoen. Der sjekka han inn på ein automat som låg lagleg til for hogg. Sjå berre korleis både straumleidningar og internettkablar ligg heilt ope. Skulle likt å nappa litt i kontaktane når Brann-fansen var på veg heim frå cupfinalen, ja.

Sparebank1 Nord-Noreg med samisk skilting!

Vel framme i Alta var sola gått ned for lenge sidan. Difor var det ikkje berre i overført tyding at det samiske sparebankskiltet lyste opp.

Alta kommune - berre på bokmål

Alta kommune, derimot, held seg tydelegvis berre til bokmål. Så kan me jo spørja oss sjølve om kor vidt det er positivt at næringslivet står fram som det gode føredømet, eller om det er negativt at kommunen står fram som ei sinke.

Språkmangfaldet er jaggu til stades på hotellet òg!

Etter over fire år med målferdreising, hamna eg for fyrste gongen på hotell. Det vil seia, eg laut ta inn på pensjonat i Sirdal ei natt fyrste veka eg var på målferd i 2007, men i Alta fann me ikkje privat innkvartering, og vandrarheimen er nedlagt ... Så då vart det luksus, det vil seia det hotellgjengarar flest truleg opplever som «normalt billeg hotellstandard». Merk korleis språkmangfaldet frå sentrumsgatene i Alta vert supplert av kreativ vokalbruk på hotellfjernsynet.

Dobbeltseng på hotellet

Dobbeltseng fekk eg òg. Men likevel sov eg ikkje dobbelt så godt ...

E' det ditta so e MINIBAR?

Jammen var der ikkje også eit lite kjøleskåp, halvhjarta oppfylt med overprisa høgkarbo-produkt. Elles takk.

Meir samisk skilting

Tilbake til skiltinga: Fylkeskommunen tek ansvar. Her ved Alta vgs.

Målfararfôr

Matstell for enkle mannfolk. Eg prøvde «hotellrestauranten» Peppes Pizza i går, men tok meg ikkje råd til å kjøpa pizza, og hamburgeren der er diverre ganske triste greier. Difor vart det billegvariant i dag: Riven mozarella, snøggkokt makaroni og lågkvantums piffi-substitutt. Totalpris: 60 kroner, som held til middag og kvelds både i dag og i morgon

Gastronomiske øvingar. I dag: Pastakoking.

Oppskrifta er kanskje ikkje for nybyrjarar, men eg kan no dela det i fall det skulle snufla ein røynd gastronom innom her: Kok opp vatn. Ha i pasta. Vent nokre minutt. Server med ost og krydder.

MMMMM. Mat!

Og så: Festmåltidet. Rett nok vart osten seig som plastfolie så snart han byrja smelta, og krydderet bleikt som ein engelsk badegjest før solbrenninga. Men pastaen var slett ikkje verst!

Lagt inn i kvardag, målsak | Med merkelapp , , , , , , | 2 lesarar har lagt att eit svar

Ja dei gode gamle Nutarne / dei gjera Hugen glad

Denne veka har eg vore på Sunnmøre igjen, og eg trur jammen eg vert meir hugteken for kvar gong. Omgjevnadene er så flotte at korkje tekst eller mobilfoto på noko vis kan formidla det på ein fyllestgjerande måte, men eg har då gjort nokre spede forsøk lell, jfr. biletsamlinga under. Elles kan eg jo også nemna at ytterlegare ein kvalitet ved området, er det trivelege vertskapet. Eg har vorte hyst og traktert på beste vis både hjå Terje og Eli, besteforeldra hennar Inger-Lise og i casa del Kristofer. Stort trivelegare vert det knappast.

«Sanntidssystemet» i Oslo

På veg heim frå jobb måndag kveld, for å pakka og eta før avreise. Eg hadde litt dårleg tid, og Ruter gjorde sitt beste for å gjera meg sprø, jfr. ljostavla.

Ørsta rutebilstasjon, 06:50

Neste morgon, ti på sju, gjekk bussen frå Ørsta.

Haustfargar i Ulsteinvik

Både fargane og kamerafokuset vart noko kvassare utover dagen. Til liks med substantivbøyinga.

Tilfeldig utval frå bokhandelen i Ulsteinvik

I Ulsteinvik er det ikkje noko som heiter kiosklitteratur. Her er det NPK-språket som gjeld!

Handikapparkering på søre Sunnmøre

Handikapparkeringa er av det trivielle slaget på søre Sunnmøre. I sterke fargar også, for svaksynte.

Ettermiddagssol i Ulsteinvik

Det hadde visstnok regna i vekevis før eg kom til Sunnmøre, utan at det var til å merkast ved.

Fiskåbygd etter solnedgang

Eg kunne naturlegvis ikkje dy meg for å prøva det gamle vinnarkonseptet «mobilfoto gjennom bussglas i fart». Her ser du, eller rettare sagt, her ser du ikkje Fiskåbygd i Vanylven.

Nynorsk i landskapet

På Syvde i Vanylven har dei ikkje berre flotte fjell - dei har også avlaupsleidning. Er det rart eg likar denne plassen?

Syvde i Vanylven

Kva kan eg seia? Eg vil bu her ...

Soloppgang på Syvde

Sol snik seg opp attom fjella inst i Syvdefjorden

Herøy vgs avd Vanylven

I Vanylven har dei vidaregåande skule også. Her var eg – hald deg fast – i norskklassane til sjølvaste Maria Parr! Det må vel vera fyrste gongen eg kjende eit snev av prestasjonsangst før ein målferdtime ...

Valderøya i morgonsol

På veg til bussen på Valderøya ved Ålesund, etter å ha avlagt Kristofer ein visitt. Det var jammen ikkje stygt her heller, jamvel om lite slår synstedelen av fylket.

Reklame i Stavanger

Vel heime i Stavanger snufla eg over dette makelause reklamekonseptet. «Steg 1: Skaff deg eit namn som ingen evnar å uttala rett. Steg 2: Finn på ein fjollete uttalemåte. Steg 3: Blås heile marknadsføringsbudsjettet på store plakatar som forklarar dei forvirra kundane korleis dei skal uttala firmanamnet.»

Lagt inn i kvardag, målsak | Med merkelapp , , , , , , , , , , | 1 lesar har lagt att eit svar

Heimemålsregel?

Ein tanke som har slege meg: I dobbeltoppgjer, anten det er i kvalifiseringsgrupper eller i sluttspel, der to lag møter kvarandre på heime- og bortebane og speler samanlagt uavgjort over to kampar – kvifor er det då slik at det er den som har skåra flest mål i bortekampen sin som går vidare? Og kunne det vore ein idé å snu opp-ned på det?

Utan at eg har sett meg frykteleg nøye inn i bortemålshistoria, så tykkjest det ganske openbert at føremålet med regelen må vera å premiera offensive bortelag, noko som me i utgangspunktet kunne tru ville føra til meir offensiv fotball, fleire mål og betre underhaldning. Men så er spørsmålet om det fungerer slik. For fører ikkje dette også til at heimelaga tek færre sjansar, held meir igjen, for i alle fall å unngå mål i mot? Om det tyder at dei skårar eit mål mindre heime, og at kampen endar 0-0 i staden for 1-1 eller 1-0 i staden for 2-1, så er begge dei mest målfattige resultata her til fordel for heimelaget.

Lat oss så gjera eit tankeeksperiment på det motsette: Sett at det var talet på heimemål som gjorde utslaget når poenga og målskilnadene var like. Då ville det vore ekstra viktig for heimelaga å skåra mål, og 2-1 ville plutseleg vera mykje betre enn 1-0. Det ville lønt seg for heimelaga å satsa offensivt, fordi eitt ekstra mål til kvart lag ville vore til fordel for heimelaget, der det i dag er til fordel for bortelaget.

Så er det klart at bortelaga kanskje endå meir enn før ville lagt seg bakpå, satsa på kontringar og for alt i verda prøvd å unngå å sleppa inn mål på bortebane. Kan henda det hadde utlikna litt av skilnaden ein heimemålsregel kunne gjort for banespelet, men likevel: Bortelaga er generelt meir defensive i dag også. Bortemålsregelen endrar ikkje på det, han endrar berre på åtaksviljen hjå heimelaga, slik at både borte- og heimelaga tek defensive forholdsreglar, i staden for at berre bortelaget gjer det. Dessutan: Ville ikkje ein spelemessig ujamn kamp, der heimelaget dominerte og bortelaget satsa på å skåra på kontringar mot eit sårbart heimeforsvar, oftast føra til fleire mål og meir underhaldning, enn ein spelemessig jamn kamp, der spelet stort sett gjekk føre seg på midten, med ein solid forsvarsmur på kvar side?

Eg har, som vagt hinta om, ikkje sjekka noko talmateriale eller forsking på emnet. Om nokon kjenner til slikt, så er det berre å koma med det. Men uansett hadde det vel vore spanande å testa ut, som ei prøveordning, i det minste?

Lagt inn i fotball | Med merkelapp , | Legg att eit svar

Straffa for å fly

For eit par snaue veker sidan var eg på ei kjapp målferd til heimlege trakter. Reisemålet vart ikkje stadfest før siste dagen før, så eg synda og tinga flybillettar. Dels av økonomiske grunnar (halv pris jamført med tog), dels av praktisk-logistiske omsyn. Men så fekk eg då også mi velfortente straff i den såkalla tryggleikskontrollen.

Lat meg oppsummera det heile i dialogform med scenetilvisingar. Eg har sendt handbagasjen min gjennom skannaren, gått gjennom kroppsskannaren, vorte «kroppsvisitert» av ei tafsekåna, fått på meg jakka og nokre av dei personlege eigendelane igjen. Men sekken held dei igjen, og eg vert kalla bort til ransakingsbenken. Ein smått nidkjær vakt i femtiåra, litt kortvaksen og med smålåten hårvekst, står for hovudrolla.

Vakta: (rotar rundt i sekkelommene. Fiklar ut pumpa, og ser litt skrått på henne.)

Eg: Eh, det der er sykkelpumpa mi.

Vakta: … (legg pumpa tilbake, rotar vidare)

Eg: Ser du etter no—

Vakta: (lyfter handa og avbryt) Epepep!

Vakta: (vendt mot ei anna vakt) Det skal vera ei saks her.

Eg: Skal eg finn—

Vakta: Epepep!

Vakta rotar rundt, tømer sekkelommene, men berre delvis.

Vakta: (morsk) Har du med ei saks!?

Eg: Ja, det kan henda, i så fall ligg han i det frems— (vert avbroten idet eg prøver å visa)

Vakta: Epepep!

Vakta rotar stadig meir, og ristar til slutt sekken opp-ned, slik at det meste gjenverande drys ut, men ikkje saksa.

Eg: Seriøst, om saksa er der, så veit eg kva ho ligg.

Vakta: Ep!

Vakta byrjar å leggja alt innhaldet som han har tømd ut, i plastøskjer, og sender dei gjennom røntgen på ny, saman med sekken. Saksa er omtrent det einaste som er igjen i sekken, saman med eit brett paracet og nokre jakkemerke. Når øskjene kjem gjennom skannaren igjen, prøver eg på nytt.

Eg: Skal eg finna saksa t—

Vakta: Eppe!

Rot og skrot i tryggleikskontrollen

Slik såg det ut då sekkeinnhaldet vart fordelt på tre plastøskjer som måtte ei ny tur gjennom skannaren. Det låg jo ei saks med 4 cm lang egg der, kan du skjøna!

Omsider finn vakta den vesle pennalsaksa.

Vakta: Du må ikkje ha med slike ting når du skal fly.

Eg: M—

Vakta: Det er ikkje bra! Det kan sjå farleg ut.

Vakta snur seg mot den andre vakta: Sjå her! Ho ser ikkje farleg ut.

Eg: D—

Vakta: Det tek lang tid når du har med slikt.

Problemsaksa

Her var altså syndaren, den abnormt dimensjonerte terrorsaksa, med egg omtrent så lang som halve peikefingeren min. Jammen flaks tryggleiksvaktene er grundige, slik at dersom eg slepp ombord i eit fly med eit slikt masseøydeleggingsvåpen, så veit dei i alle fall kven dei skal skulda på i etterkant.

Eg byrjar organisera bagasjen min ned i sekken igjen, etter det som har vore ein heller langdryg seanse, og har plutseleg ikkje så god tid lenger. Men før eg kjem meg mot utgangen, får eg med meg at vakta har plukka seg ut eit nytt offer, ei middelaldrande, tungpusta dame.

Vakta (mistenksam): Kva er dette?

Dama (stotrar): Prhh… prhoote…—

Vakta (lettare irritert): Kva er dette!?

Dama: Pr… proteintilskot.

Vakta (ilter): Kva!?

Dama: Prot—

Vakta (stadig meir høgrøysta): Er det medisin!?

Dama (kastar etter pusten): Hhhh … ja (viser fram legeerklæring)

Lagt inn i kvardag | Med merkelapp , , , , | 2 lesarar har lagt att eit svar

Når dei vengjeklypte byrjar fly

Den siste veka har elevar landet over streika for leksefri skule. Streiken er organisert av Raud Ungdom, og har diverre hausta minst like mykje sidrumpa metakritikk som saklege motargument.

Sjølv har eg særleg bite meg merke i reaksjonane heime frå Stavanger. Mest iaugefallande er den smått hårreisande e-postvekslinga mellom RU-leiar Iver Aastebøl og Lars Petter Einarsson i Rogalands Avis. Noko meir representative døme for den generelle streikemotbøren finn me hjå Tore Kallevig og Cecilie Bjelland frå høvesvis Framstegspartiet og Arbeidarpartiet i Stavanger.

Kallevig seier til RA: «Det er galt å henvende seg direkte til 12-åringer når de oppfordrer til sivil ulydighet»

Det smått forunderleg å sjå at ein toppolitikar i Noregs fjerde største by ikkje veit kva sivil ulydnad er. Det finst inga lov som pålegg elevane å gjera lekser. Fråvær er heller ikkje ulovleg. Og sivil ulydnad handlar nettopp om lovbrot, gjerne organisert, i ikkje-valdelege former, med ideelt føremål. Leksestreiken stemmer for så vidt med dei fleste av kriteria, men ikkje det kriteriet som gjer det til ulydnad, nemleg ei lov å vera ulydig mot.

For det andre er ikkje alderspoenget særleg interessant: Om me reknar med ei jamn fødselsfordeling gjennom året, er ein fjerdedel av åttande trinn framleis 12 år. Det tilsvarer ein tolvtedel av ungdomstrinnet, igjen tilsvarande ca. ein tjuefjerdedel av elevane som streikeinitiativet har som målgruppe. Med andre ord: Om lag 96 % av elevane Raud Ungdom vil ha til å streika, er over 12 år. Og for å ha det sagt, så er ikkje 12-åringar viljelause zombiar. Dersom nokon 12-åring har valt å risikera ordenskarakter og lommepengestopp for å delta i streiken, så kan du ta gift på at det ligg ei reell politisk meining bak.

Cecilie Bjelland i same avisa seier: «Vi synes ikke noe om en slik aksjonsform, og på generelt grunnlag vil vi aldri oppfordre noen til å skulke skolen, uansett alder. Vi mener det er bedre å fremme slike synspunkter gjennom dialog»

Legg merke til ordbruken. Det å få med seg samtlege skuletimar gjennom skulegangen, enn kor lite det faktisk er å læra i løpet av ein enkelt skuletime eller to, er altså så viktig at Bjelland og Arbeidarpartiet aldri ville oppfordra nokon til det. Det er i seg sjølv ganske spesielt. Elevane går neppe glipp av vesentlege mengder kunnskap på dei par timane dei var vekke for å delta på demonstrasjon, så det er openbart at det er sjølve oppmøtet, det å innordna seg autoriteten, som er det viktigaste. Skal tru korleis det går med verda dersom alle hadde retta blindt seg etter slike ideal.

Like interessant er haldninga til aldersgruppa. Arbeidarpartiet har vel aldri teke fem øre for å oppfordra vaksne til streik i arbeidslivet om arbeidsvilkåra har vore ringe. Eg kan ikkje sjå anna enn at den underliggjande moralen difor må vera at det er ugreitt for ungdom å streika fordi dei er ungdom, og såleis ute av stand til å gjera seg opp kurante politiske meiningar. Der vil eg protestera.

For all del: Eg meiner heller lite av det eg meinte då eg var femten, eller for den del tolv. Nokre av standpunkta eg hadde den gongen var jamvel ganske lite gjennomtenkte, til dels baserte på sviktande kunnskapsgrunnlag. Men ein god del av standpunkta var faktisk gjennomtenkte, med kunnskap og fakta i botn og ei sjølvstendig vurdering på toppen – uavhengig av om eg deler vurderinga i dag. Me kan innvenda med at meiningane til ein tolvåring ikkje er verdt så mykje fordi han uansett kjem til å endra meining dei neste åra, men det skil seg vitterleg ikkje frå vaksne. Cecilie Bjelland og Stavanger AP sin snuoperasjon i bybanesaka kan tena som døme på nettopp det.

For å ha det på det reine: Eg er for lekser, og mot røysterett for 16-åringar. Men det forandrar ikkje på

A) at ungdom, også åttandeklassingar, er fullt i stand til å gjera seg opp legitime, politiske meiningar,

B) at elevstreikar historisk har vore eit viktig verkemiddel for å få på plass heilt sentrale elevrettar (og kom no ikkje her med avsporande døme på fjollete elevprivilegium, som aldri har fått elevar ut i streik. Retten til lærebøker på eige hovudmål, til dømes, er ein viktig og grunnleggjande elevrett, som aldri hadde vorte innførd utan titusenvis av elevar i streik)

C) at ein elevstreik faktisk kan vera eit demokratisk verkemiddel, i kraft av at elevane då får vist kven som faktisk støttar saka sterkt nok til å ofra litt oppmøte på skulen og eventuelt ein ordenskarakter. Dette i skarp kontrast til kva slags «dialog» eit heller lite representativt utval av flinkisar i eit ungdomsråd utan reell demokratisk forankring måtte føra med ein bystyrepolitikar som lovar å «ta med seg innspela i det vidare arbeidet».

I det store og heile kokar saka ned til at ein god del etablerte politikarar er openbart ukomfortable med at ungdom tek i bruk dei vaksne sine verkemiddel, i staden for å halda seg til dei dressurkursa som ein del vaksenstyrte «ungdomspolitiske» instansar stundom kan vera. Det er synd, fordi streikande elevar er eit så tydeleg prov på sjølvstendig politisk tenking, at dei hadde fortent å få svar på argumenta som streiken set to strekar under, i staden for lettvinte avfeiingar som eigentleg ikkje seier anna enn at «no burde vel du eigentleg vera på skulen, småen». Kva slik vaksenarroganse har å seia for tiltakslysta, engasjementet og trua på demokratiet mellom dei streikande elevane og sympatiserande klassekameratar, kan me berre førestella oss.

Lagt inn i politikk | Med merkelapp , , , , , , , , , , , | Legg att eit svar

Opphavsfeil: Vebjørn Sture. Alle varmrettar må reserverast.
Denne sida køyrer Wordpress. Sjølv plar eg sykla.