Ja vel. Sidan brorparten av dei som måtte forvilla seg inn her sannsynlegvis kjenner meg ganske godt frå før, og dei som ikkje gjer det kanskje har større interesse av å grafsa direkte i personopplysningar enn dei har av å leita etter dei i nært skjønnlitterære vendingar, trur eg me skal gjera dette veldig konsist og enkelt:
Eg heiter altså Vebjørn (Sture, om me skal vera formelle), 87-årgang, kjem frå Stavanger, og har budd i Oslo sidan hausten 2007. Dit flytte eg for å bruka (endå meir av) tida mi på sjølve kremen av norsk ungdom, der eg i skrivande stund attpåtil er påtroppande nestleiar. I tillegg sit eg i styret i Kringkastingsringen og i hyttestyret for Røkleivhytta til Bondeungdomslaget i Oslo. Gjer vel og merk deg at eg oftast skriv for eiga rekning her på heimesida/bloggen, så det er ingen grunn til å ta dei eventuelle ålmennpolitiske utblåsingane mine til inntekt for nokon andre enn meg sjølv.
Her på totlevase.net har eg, som før, ein slags ambisjon om å halda meg til å skriva om målsak og kvardagskuriosum, men det er vel berre å innsjå at eg stundom er dårleg til å halda meg i skinnet. Når eg synest noko er tåpeleg nok, så kjem det vel ei utblåsing kor som er.
Skulle du – uvisst av kva grunn – kjenna eit behov etter å få tak i meg, så er det ikkje verre enn å senda meg ein e-post til vebjorn (krøllalfa) nynorsk.no. Eller så er eg ikkje så vanskeleg å finna i telefonkatalogen, Facebook og Twitter, om du ikkje er av e-post-typen.