Her er ei lita peikarsamling til folk eg i ganske varierande grad kjenner, sortert kronologisk etter kva tid dei oppdaterte bloggane/heimesidene sine sist. Med andre ord: Dersom du har hamna langt nede på lista, så er det fordi du er ein slask som ikkje oppdaterer. Dersom du ikkje er på lista i det heile, så kan det henga i hop med at eg
A) ikkje kjenner deg
eller B) ikkje veit at du har ein stad på veven
eller C) ignorerer deg
eller D) ikkje får den fordømrade peikarsamlingsfunksjonen i WordPress til å fungera skikkeleg. (Odin, til dømes, er ikkje synleg her, sjølv om eg har lagt han inn. Stakkars! :’( … )
eller E) har gjort slik at berre dei femten nylegast oppdaterte sidene er «inne» på lista til kvar ei tid. I så fall kan det vera ein god ide å oppdatera heimesida di …
I alle høve er det ikkje verre enn at det berre er å gje meg eit lite vink om du sit med ein blogg eller ei heimeside eller noko eg burde ha ein peikar til. Elles kan eg jo leggja til at eg no har gjeve bengen i å forklara kven som er kven og kva dei skriv om, både av di eg er lat og av di eg tenkjer at peikarsamlinga fyrst og fremst er ein grei måte for folk med overlappande kjennskapskrins til å halda seg orientert om kva som skjer på bloggane/heimesidene til kjensfolk. I alle fall, her er lista: