Lynkurs del 3: Omsetjing frå bokmål til nynorsk, ved meg sjølv
Jau. Eg trudde i mitt einfaldige sinn at førre omsetjingskurs gav eit solid grunnlag for alle omsetjingsspirer der ute, men eg innser no at det er visse nyansar ved det elles so nyansefattige bokmålet som ikkje har kome heilt klårt nok fram. Me køyrer difor ein del 2, denne gongen med eit heilt tilfeldig valt knippe utsegner og framlegg frå sjølvaste statsminister og landsbarnebarn, Jens Stoltenberg!
Bokmål: Vi har den høyeste levealderen i verden, den høyeste levestandarden og de høyeste helseutgiftene i verden. Samtidig har vi det høyeste sykefraværet, ja ikke bare det; det er økende. Da må vi gjøre noe.
Nynorsk: Ein effektiv måte å normalisera det norske folks abnormt høge levealder, levestandard og helseutloger, er å hindra folk i å vera vekke frå arbeid so lenge som dei treng for å verta friske.
Bokmål: Vi er for syke i Norge.
Nynorsk: PELL DYKK TILBAKE PÅ ARBEID, PROLETARJÆVLAR!
Bokmål: Arbeidsgiver skal betale mer av regningen når deres ansatte blir syke.
Nynorsk: Stimulera arbeidsgjevarar til å tilsetja folk med god helse.
Bokmål: Leger skal inn for å gjøre en vurdering av sykmeldingen fastlegen har gjort for folk som blir sykmeldt lenge.
Nynorsk: Pengar me i dag brukar på sjukepengar, skal i morgon brukast på å betala eksterne lækjarar for å undergrava fastlækjarane sin autoritet.
Bokmål: Lage en normallengde på en sykdom, slik som i Sverige: Statistisk er brokkopererte syke så og så lenge. Pasienten vil bli fulgt opp ut ifra antall dager det vanligvis tar å bli frisk.
Nynorsk: Statleg sjukmeldingslengderegulativ FTW!
Bokmål: Vurdere nye aktivitetskrav til arbeidstagere: Hyppigere melderutiner og større ansvar for bedriften å følge opp.
Nynorsk: La latsabbane få slita litt for sjukepengane sine.
Bokmål: Det er langtidsfraværet som er problemet. Langtidsfraværet er porten inn til uførhet og det er det vi må hindre.
Nynorsk: Det er dei med ordentleg dårleg helse som er problemet. Det er dei som mottek mest sjukepengar, og det er det me må hindra.
Bokmål: Jens Stoltenberg
Nynorsk: Menneskeforakt in persona.
Skulle noko elles vera uklårt, er det alltids svar å få i kommentarfeltet.

Gulpa av Morten
Er ikkje dette berre ei utviding av det gode, gamle, sosialdemokratiske prinsippet om idealtid?
Publisert 24.11.09, klokka 23:18:30