Religion som premiss?
Det verkar som om religionstilknytte saker er poppis i nyhenderedaksjonane rundt om i landet. Kan henda er ikkje det so rart – det er mykje å ta av no om dagen. Skulle nesten tru det var nokre høgare makter som herja litt ekstra mykje med trådane.
Fyrst ut i år var «gjeninnføringa» av blasfemiparagrafen, som justisministeren (visstnok mot eigen vilje) føreslo å fjerna i si opphavlege form og reinkarnera i ei anna lov, som forbod mot kvalifiserte åtak på religionar, eller korleis ordljoden no var.
Dei siste dagane har det derimot vore mest om hijabbruk i kombinasjon med politiuniformen. Premieargumenta går på ytringsfridom, religionsfridom, integrering, et cetera, med utgangspunkt i at dersom me vil ha muslimske kvinner i politiet, må dei få bruka hijab.
Og no i dag kom nyhendet om at Frelsesarmeens barn og unge (FAbU) får statsstønad likevel, fordi jamstellingsminister Anniken Huitfeldt ikkje vil straffa dei for å vera usamde med henne i homofilispørsmål. Dette byrjar å minna om eit mynster.
Kva mynster snakkar eg om? Jau, eit mynster der dei opphavlege premissane for kva einskildsak vert forsøkt pressa ut til fordel for eit nytt premiss – religion.
For alt i verda, din tanke er fri. Tvang til tro er dårers tale, og det finst ikkje mykje – om noko – som er viktigare enn fridomen til å tenkja, tru og ytra seg. Men det er altso ikkje dette det er snakk om. Her er det snakk om, til dømes, at premissen for at politiet ber uniform er at dei skal vera so nøytrale som mogleg. Dersom politiet skal fungera som ordensmakt, må mest mogleg tvil rundt nøytraliteten deria fjernast. Difor har dei uniform. Difor ser du aldri politi med Che-t-skjorter bak den opne glidelåsen på politijakka, difor ser du aldri politi iførd Vålerengen-drakt saman med uniformen, difor ser du aldri uniformskledd politi med hijab. Politiuniform er, i tillegg til å synleggjera kven som er politi, til for å usynleggjera kulturelle, religiøse og politiske standpunkt hjå einskilde politifolk. Er du politi, so flaggar du ikkje slike standpunkt utetter når du er på jobb.
Nett det same ser me i argumentasjonen bak avgjerda om likevel å gje FAbU statsstønad. Lat det vera sagt: Det var fullstendig meiningslaust å gje organisasjonen melding om at dei ikkje fekk statsstønad i 2009 so seint som i desember. Å melda i frå ein månad på førehand at vops, de får 1,2 millionar mindre å rutta med neste år, har eg nesten ikkje ord til å uttrykkje meiningsløysa i. Dersom prinsippet om overgangsordningar ved større endringar, eller for den del prinsippet om at ingen bør mista statsstønaden utan at dei får ei rimeleg mengd med tid til å omstilla seg og planleggja arbeidet utan stønaden i ryggen, hadde vore grunnen til at FAbU fekk pengar i år likevel, so hadde det vore heilt supert.
Men Huitfeldt gjer same feilen som me har sett i hijab-ordskiftet. Heile føremålet med den nasjonale grunnstønaden som Fordelingsutvalet deler ut er å støtta opp om demokratiopplæring for born og unge. For å sitera Forskrift om tilskudd til frivillige barne- og ungdomsorganisasjoner:
«Formålet med tilskuddsordningene er å legge til rette for barn og ungdoms deltakelse i barne- og ungdomsorganisasjonene. Tilskuddsordningene skal stimulere organisasjonene til engasjement og medansvar nasjonalt og/eller internasjonalt, og sikre organisasjonene som arena for medbestemmelse og demokrati.»
Grunnlaget for at FAbU mista den nasjonale grunnstønaden, var nettopp at dei ikkje driv med demokrati. Dersom du har «feil» legning, ja, so får du valet mellom å ikkje leva ut legninga di, eller å mista demokratiske rettar i organisasjonen. Tvang til tru, for å seia det mildt. Likevel er forsvararane av FAbU, til dømes Trine Skei Grande, nestleiar i Venstre, og ikkje minst minister Huitfeldt, frekke nok til å bruka demokratiargumentet for at FAbU skal få motta statsstønaden i framtida. Dimed dyttar dei premissen som ligg til grunn for statsstønaden, altso demokratiprinsippet, under teppet, og freistar dytta religionsprinsippet inn som ny premiss.
Ein annan variant såg me med blasfemisaka. Då ville Sp innføra ein ny blasfemiparagraf, for å verna religionane og kjenslene til dei religiøse. Dette ville dei attpåtil ha inn i rasismeparagrafen i straffelova. Om me treng ein rasismeparagraf er vel eigentleg eit spørsmål i seg sjølve, og eg kjenner eg er skeptisk, men det skal eg ta ein annan gong. Poenget her er uansett at premissane igjen er heilt ulike. Grunnen til at rasismelova finst, er so vidt eg kan skjøna for å verna folk mot hets og diskriminering på grunnlag av etnisitet. Det har ingenting med religion å gjera. Då vert det feil å gjera religionen til premiss.
For det er nett det som skjer seg i alle dei nemnde sakene. Greitt nok, dersom nokon vil ha religionsomsynet som den grunnleggjande premissen i alle samanhengar, so er no det ei ærleg sak. Men då får dei arbeida for å leggja om ordningane frå botnen av, med religionsomsynet som grunnstein, i staden for å lata som om t.d. føremålet med nasjonal grunnstønad til friviljuge ungdomsorganisasjonar er omsyn til religionsfridomen. Får dei politisk fleirtal for å endra føremålsparagrafen i føresegna til å lyda noko slikt som «Føremålet med tilskotsordningane er å leggja til rette for at alle ungdomsorganisasjonar fritt skal få diskriminera på bakgrunn av kjøn, seksualitet og etnisitet, so langt dei kan forsvara det ut i frå ei religiøs grunngjeving», so greitt nok, då er det me veljarar som har vore ukloke i utpeikinga av våre folkevalde.
Men spel no i alle fall med opne kort og etter rette prosedyrer. Dersom me vil framheva ein serskild premiss, eit serskild prinsipp eller ein serskild rett som skal vera grunnlaget for noko, so må me vedta dette fyrst, og byggja ordningane på dei nye føremåla. Det går ikkje an å fyrst laga ei ordning, og deretter avgjera kva føremålet med ordninga skal vera.

Gulpa av Eirik
Sei nei til regilion!
Publisert 19.2.09, klokka 18:55:31
Gulpa av Synnøve
Eg trur ikkje religionane kjem til å forsvinna nokon gong, men det burde jo vore mogleg å halda dei vekke frå dei stadene dei ikkje høyrer heime - som til dømes i politiet.
Publisert 20.2.09, klokka 12:59:03