Lesarinnlegg-og-svar del 3

Ålesund, Haram, Skodje og Sandøy skal danna ein ny nynorskkommune, og det fell ikkje alle like lett for bringa. Lat oss difor by Frp-politikar Terje Storm Unhjem på nokre velmeinte svar.

«Nei til språkdiktatur»

Det er ingen som har føreslege noko språkdiktatur.

Sunnmørsposten har lørdag 4. mars et oppslag om valg av skriftspråk i den nye Ålesund kommune. De har intervjuet lederen i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn, som deltok på årsmøtet i Sunnmøre Mållag lørdag.

Det høyrest jo ut som eit triveleg oppslag?

Sitat: ”Det er heilt naturleg at nye Ålesund kommune nyttar nynorsk som administrasjonsspråk, fordi alle dei andre kommunane som er med i samanslåinga er nynorskkommunar”. ”Her snakkar vi om å vise respekt for ein kulturell samanheng. Ålesund er den største byen på Sunnmøre, og i eit fylke som nett har vedteke nynorsk administrasjonsmål, er det sentralt at ein så viktig by i det nynorske kjerneområdet i fylket også er ein nynorskby. Det handlar om å vise respekt overfor dei mindre kommunane”

Ja? Og?

Nei Aasbrenn, det er slettes ikke naturlig at 47.000 mennesker skal måtte forholde seg til et nytt skriftspråk

I skulen har kvar åttande ålesundselev nynorsk som hovudmål. I tillegg bur der vel ein god porsjon innflytta nynorskbrukarar i kommunen. Dei 47 000 ålesundarane er med andre ord ikkje berre bokmålsbrukarar.

i sin kommunikasjon med kommunen

Når innbyggjarane kommuniserer med kommunen, vil kommunen svara på innbyggjaren sitt skriftspråk. Dette var då faktisk avklart allereie i den fyrste intensjonsavtalen i fjor vår?

, for å tekkes knappe 20.000 som skriver på nynorsk.

Nei, den eigentlege årsaka er at den skuggesame nynorskmafiaen har balletak på dykk alle saman.

Hvorfor kan vi ikke da bare fortsette som i dag, og være språknøytral?

1. Fordi «språknøytralitet» ikkje fungerer i kommunar med bokmålsdominerte administrasjonssenter.

2. Til orientering er Haram, Skodje og Sandøy nynorskkommunar. Å skifta til nøytralt administrasjonsmål vil altso ikkje vera å «fortsette som i dag».

Hvorfor skal vi påtvinges nynorsk?

Nei, kvifor skal de vel påtvingast noko som de sjølve har vorte samde om i forhandlingane …

Jeg er personlig vokst opp med nynorsk i Haram kommune,

Og eg har mange vener som er … øh … bokmålsbrukarar.

men i dag snakker og skriver jeg bare bokmål.

Eg veddar gjerne ein tiar på at du ikkje seier «jeg». :)

Jeg er bystyrerepresentant og nestleder i kontrollkomiteen.

Hurra for deg.

For meg personlig blir dette faktisk et stort problem. Du undres kanskje på hvordan? Jeg skal forklare; Jeg har fått en skade etter et grovt overfall. Denne skaden gjør at jeg har store konsentrasjonsvansker, og gjør det svært vanskelig for meg å lese både dialekter og nynorsk. Som et eksempel fikk jeg utdelt Kontrollutvalgsboken på nynorsk. Jeg måtte gi opp å lese den etter 5–6 sider.

Det er (oppriktig!) trist å høyra om problemet ditt og årsaka til det. Men kva har det med saka å gjera? Burde kommunen gått for nynorsk dersom det var bokmål du tilfeldigvis sleit med å lesa? Kva om der finst andre som har det på den måten?

Hvordan skal jeg kunne gjøre jobben min som bystyrerepresentant når jeg må pløye gjennom opptil 2000 sider på nynorsk på en uke!? Eller lese alle sakspapirer til kontrollutvalget på nynorsk, et utvalg jeg til alt overmål tidvis skal lede?

Kanskje du kan gjera jobben din på same måte som andre politikarar som av ulike grunnar (dysleksi, konsentrasjonsvanskar, låkt syn, osb.) ikkje kan lesa 2 000 sider på ei veke? Det finst vel hjelpemiddel her i verda?

I ytterste konsekvens så kan faktisk dette medføre at jeg ikke kan utføre min folkevalgte oppgave, og dermed må trekke meg fra verv fordi det går utover helsen.

Dersom kommunen ikkje legg til rette for politikarar med lese- eller konsentrasjonsvanskar, er det då kommunen som er problemet, ikkje skriftspråket? Igjen: Det finst hjelpemiddel.

Er der noen i Noregs MÃ¥llag som har tenkt over det?

At administrasjonsmålet i kommunane burde fastsetjast på nytt etter kvart kommuneval, ut frå kor mange folkevalde som har vanskar med å lesa det eine eller det andre språket? Nei, den ideen trur eg faktisk ikkje dei har tenkt på.

Neppe, men det kunne kanskje vært en idé å foreta en høring om dette, slik at de som er berørt får en mulighet til å uttale seg

Jaggu flaks at kommunen din har gjennomført ei innbyggjarundersøking, då. Visste du forresten at denne undersøkinga avdekte eit klårt fleirtal for nynorsk som administrasjonsmål?

før man durer fram som et babelsk godstog?!

Eg visste ikkje at dei hadde jarnbane i Babylon, men takk for opplysninga – ein lærer noko nytt kvar dag!

Dette innlegget vart lagt inn i målsak, politikk med merkelappane , , , , , , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Opphavsfeil: Vebjørn Sture. Alle varmrettar må reserverast.
Denne sida køyrer Wordpress. Sjølv plar eg sykla.