Han søker intet og vil intet finde

Velkomen til den nye lesarinnlegg-og-svar-spalta her inni internetten! Fyrst ut er ein kar som kanskje ikkje har stengt sig inne i et bur, men likevel tykkjest fornærmet over menneskets kultur. Lat oss sjå om me kan få han på mildare tankar.

I desse Sanna Sarromaa-tider er det ikkje berre i Vege me kan bada i språkfagleg innsikt og språkpolitisk visdom. Òg i nord finst der nokon som tek ansvar for å stilla undrande og kunnskapssøkjande spørsmål på vegner av den rause majoritet.

Sidan eg er slik ein diplomatisk og imøtekomande fyr, tenkte eg at det kunne vera greitt å respondera på det initiativet med å gje svar på det so mange tydelegvis lurer på. Eg tillèt meg difor å saksa heile innlegget hans Jonas Nielsen, bit for bit, og gje svara fortlaupande, slik at det heile ikkje berre vert ein hyggeleg Q&A-passiar i skriftleg form, men jamvel so enkelt og oversynleg at sjølv den rette mottakaren kan greia å henga med å svingane. Enjoy!

«Jeg har, som mange av mine likemenn, blitt pålagt å studere»

Nei, du har vorte pålagd å gå på grunnskulen. Å studera er friviljug.

«nynorsk, et fag som»

Nynorsk er ikkje eit fag. Nynorsk er eit skriftspråk, som du kan ha som anten hovud- eller sidemål på skulen. Og både hovudmål og sidemål inngår som ein del av eitt fag, som heiter norskfaget.

«er nærmest beryktet innad i den norske skolen og blant deres studenter.»

Hæ.

«På landsbasis er gjennomsnittskarakteren ved nynorsk eksamen på rundt 3, og for påbyggselever er det enda lavere.»

1. Det er ikkje noko som heiter «nynorsk eksamen». Du kan ha eksamen i hovudmål og sidemål, og kva for ein av dei eksamenane som testar nynorskkunnskapane dine, er avhengig av kva for eit skriftspråk du har valt å ha som hovudmål.
2. Gjennomsnittskarakteren i hovudmål er berre nokre få tidels karakterpoeng høgare enn i sidemål.

«Nynorsk er en karakterdreper for mange»

Det er klart ein kan bruka nynorsken til å utføra eit karakterdrap. Men det er då avsendaren eller forfattaren, ikkje språket i seg sjølv, som gjer karakterdrapet.

«en karakter som drar ned snittet til så mange.»

Men ikkje til fleire enn at snittkarakteren i hovud- og sidemål likevel er ganske lik. Pussig, det der.

«Og til hvilken nytte?»

Til dømes er det å skriva nynorsk ein veldig hendig måte å kunna terga ilskne Fpu-arar utan å seia noko som er upassande i seg sjølv.

«Til de som sliter med matematikk, engelsk eller samfunnsfag vil det alltid eksistere en objektiv argumentasjon for hvorfor de må jobbe med faget. Både matematikk og engelsk er eksempelvis fag som man ikke kommer utenom, både i arbeidslivet og i privatlivet.»

1. Jo.
2. At eit argument handlar om arbeidslivsrelevans, er ikkje det same som at argumentet er objektivt.

«Nynorsk er det eneste faget på videregående hvis pensum ikke bærer nytte for elevene i sitt videre akademiske eller profesjonelle liv.»

1. Nei.
2. Nynorsk er ikkje eit fag.

«På videregående i dag er engelsk et fritt valgfag fra og med andre klasse, mens nynorsk forblir obligatorisk ut tredjeklasse.»

1. Ikkje på yrkesfag.
2. Nynorsk er ikkje eit fag.

«Hvor er logikken i dette?»

Logikken i at L1-faget norsk er obligatorisk i 13 år, medan framandspråksfaget engelsk berre er obligatorisk i 11 år? Nei, sei det.

«Støttespillerne til tvungen nynorsk undervisning påpeker verdien av å bevare vår egen kultur.»

Det gjer støttespelarane til Fpu òg. Særleg når «norsk kultur» vert definert som ishockeylag på Oslo aust, pølser på 17. mai eller flaggmonopol i barnetoget.

«Hvis det eneste som står mellom utryddelsen av nynorsk som skriftspråk og dens videre overlevelse er obligatorisk undervisning og nedprioritering av andre, viktigere fag»

Det er det då ingen som påstår.

«er da nynorsken verdt å beholde?»

Ja.

«Vi snakker her om et fag»

Nei. Me snakkar her om eit sett av kompetansemål i norskfaget, og om éin av tre karakterar som skal setjast i det same faget.

«som gjør mer skade enn nytte»

På sidemål har dei eit ganske dekkjande uttrykk for dette: drama queen. :)

«et fag som ødelegger mange studenters forhold til norskfaget»

Hæ.

«og senere deres karakterkort.»

Flaks at karakterane finst i ein nasjonal vitnemålsdatabase, då, slik at dei kan hentast fram sjølv om nokon øydelegg karakterkorta sine.

«Og hva får de igjen?»

Betre ferdigheiter i dei to norske skriftspråka, større kjennskap til eige samfunn og kultur, meir allmenndanning.

«Hva får samfunnet igjen?»

Allmenndanna og språkleg kompetente borgarar, betre grunnlag for å ta vare på språkleg mangfald, større høve til å ta omsyn til mindretalet.

«Er det ikke på tide å se nynorsken for hva det er, et motivasjonsdrepende og hemmende fag som gjør mer skade enn nytte for norske studenter.»

1. Det heiter elevar.
2. Nynorsk er ikkje eit fag.

«La oss gjøre nynorsken frivillig»

Vil det seia at dei som har nynorsk som hovudmål, skal kunna velja bort undervisning og karakter i hovudmål? Det kunne jo vorte litt morosamt.

«la de som ønsker å studere det få lov, men ikke sett det som krav.»

Dei som ynskjer å studera nynorsk, har allereie høve til det. Dei kan til dømes ta ein master i nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda. Men det er altso ikkje noko krav.

So, vyrde lesar, dett var dett. Har du innspel til kven som bør få koma med i neste utgåve av lesarinnlegg-og-svar-spalta? Legg att eit tips i kommentarfeltet. :)

Dette innlegget vart lagt inn i målsak med merkelappane , , , , , . Bokmerk fastlenkja.

2 svar til Han søker intet og vil intet finde

  1. Eirik Andreas seier:

    Du er berre so fantastisk, Vebjørn! :)

  2. Ole Mikalsen seier:

    Vi som arbeidar i det offentlege er pålagt å svare avsendaren av eit brev på det skriftspråket dei nytter. Det står i Mållova, som eit lov- og orden-parti eg ikkje skal nemna namnet til ofte vel å sjå bort frå.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Opphavsfeil: Vebjørn Sture. Alle varmrettar må reserverast.
Denne sida køyrer Wordpress. Sjølv plar eg sykla.