Tomme ord på fullt volum

Det er ikkje måte på kor rause og imøtekomande Riksmålsforbundet er når leiaren deira, Trond Vernegg, skriv i avisene.

For Riksmålsforbundet vil visst samarbeida. Riksmålsforbundet vil visa gjensidig respekt. Riksmålsforbundet vil sannkjenna at me har to mål i landet, og at desse er akkurat like mykje verdt. Diverre er ikkje Riksmålsforbundet like rause når det kjem til konkret handling og politikk.

Kløyv tunga, ikkje landet
For kor samarbeidsviljuge er Riksmålsforbundet når dei skriv i prinsipprogrammet sitt at dei vil «bekjempe» det dei kallar «utilbørlige» og «urimelige» forsøk på å styrkja nynorsken?

Kor rause er dei eigentleg, når dei i det same prinsipprogrammet tykkjer det er for gale at der finst eit minstemål for bruk av nynorsk i staten?

Og kor truverdige er Verneggs frasar om at «ditt språk er like mye verdt som mitt», når Riksmålsforbundet samstundes omtalar sitt eige språk som «vårt viktigste tale- og skriftspråk»?

Slik kan me halda fram i det uendelege. Riksmålsforbundet er eit forbund som var høglydt fornærma over at dei kvenske, samiske og nynorske miljøa ikkje laga mange nok bokmålsarrangement i Språkåret 2013. Det er eit forbund som same året markerte Ivar Aasens 200-årsjubileum ved å stela boktittelen hans – Norsk Grammatik(k) – då dei (via underbruket Det Norske Akademi) gav ut Finn Erik Vinjes riksmålsgrammatikk. Og det er eit forbund som har spesialisert seg på å vera furtne og fornærma, same kva respons dei får.

Klangen i eit tomt ord
Debatten i Dagbladet er eit godt døme på det siste. Vernegg opnar med å etterlysa sakleg diskusjon om språkpolitikk, lettare molefonken over å ha møtt på ei vittig spissformulering om bokmålet sitt historiske opphav. Torgeir Dimmen frå Nynorsksenteret og Marit Aakre Tennø frå Noregs Mållag svarar med å diskutera nettopp språkpolitikk. Så svarar Vernegg igjen, denne gongen sår på tærne fordi den «belærande» Tennø hadde våga å konfrontera han med Riksmålsforbundets uttalte politikk.

Og sjølvsagt: I det same innlegget presiserer Vernegg at han gjerne vil diskutera kva ein offensiv språkpolitikk bør innehalda. Men sju avsnitt var tydelegvis ikkje nok til å få plass til eit einaste konkret døme.

Det er den same visa som alltid: Riksmålsforbundet snakkar høgt – så alle skal høyra – om kor samarbeidsviljuge, imøtekomande og diskusjonsglade dei er. Men så snart dei vert bedne om å konkretisera, vik dei unna. Og så snart dei vert konfronterte, byrjar dei å furta.

Det er dette som er grunnen til at Verneggs ord kling så holt. Det er fordi dei er tomme.

Eit daudfødd prosjekt
Me har neppe sett det siste frå Verneggs arbeid for å gjera Riksmålsforbundet språkpolitisk stovereint. Men han skal vita to ting:

Det eine er at så lenge Riksmålsforbundet har programfesta at dei skal motarbeida forsøk på å styrkja nynorsken, og så lenge dei omtalar bokmål som «vårt viktigste» språk, er det ingen som trur på snakket deira om kor høgt dei respekterer nynorsken.

For det andre er det ingen som trur på eventyra om at det å fjerna dei mest sentrale, mindretalsvenlege språktiltaka – det vere seg sidemålsopplæring eller mållova – vil slå positivt ut for det språket som er i mindretal. Så lenge Vernegg står fast ved at mindretalsspråk skal overlatast til seg sjølve, kjem han neppe til å finna noka felles plattform med målrørsla.

Dette innlegget vart lagt inn i målsak med merkelappane , , , , , , , , , , , , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Opphavsfeil: Vebjørn Sture. Alle varmrettar må reserverast.
Denne sida køyrer Wordpress. Sjølv plar eg sykla.