Til minne om ein barndomsven

Laurdag gjekk Bjørn Nicolai Olsen bort. Eg veit ikkje korleis, anna enn at det var brått og uventa, også for familien. Eg veit ikkje kvifor, men det kan i grunnen vera det same, for det finst ingen grunn i verda som kan rettferdiggjera at ein 27-åring vert riven bort frå vener, sysken og foreldre.

I ni år hadde eg gleda av å gå på skule med Nicolai, dei seks fyrste i same klasse. Det byrjar å verta lenge sidan, men framleis har eg fleire gode minne enn eg kan halda styr på.

Me slo fylgje til skulen. Åt middag hjå kvarandre. Spelte dataspel saman. Sprengde knallbomber. Sykla om kapp. Ringde på nabodører og sprang avgarde. Gjekk i speidaren. Smelta om kindereggfigurar. Laga avis. Snøvla så foreldra våre knapt skjøna eit ord av kva me sa. Sparka fotball. Leika krig. Bygde hytte i hagen. Kasta snøballar om vinteren, vassballongar om sumaren. Skar grimasar på bilete. Las teikneseriar og grøssarbøker. Stundom, som regel på moderleg instruks, las me også lekser – gjerne litt i raskaste laget, for å få meir tid til alt det andre.

Sjølv var eg aldri nokon sosialt gåverik unge. Eg forstod meg ikkje på jenter, slett ikkje på alle gutar heller, og hadde ikkje fleire vener enn eg trong. Men eg forstod meg på Nico, han forstod seg på meg, og i barndomen var han den næraste og mest lojale venen eg hadde.

Diverre var ikkje nokon av oss flinke til å halda kontakten då me vart eldre. Kanskje var det fordi omgangsforma vår var som ho var – lokal, spontan og fjes til fjes. Me gjorde ting i lag, meir enn me planla dei. Me chatta ikkje særleg på nettet, veksla ikkje stort med tekstmeldingar. Det einaste var ein del telefonsamtalar, som i hovudsak gjekk ut på å avtala kvar og når me skulle møtast. Då eg flytte til Austlandet, flytte eg samstundes bort frå den sosiale sfæren vår. Eg stelte med organisasjonsarbeid i Oslo, medan Nico hadde universitetsstudium på Ullandhaug og jobb på Helgø. Eg trefte han ein gong eller to der under førjulshandlinga, men det var stort sett det. Slik gjekk venskapen og kontakten vår i dvale dei siste åra.

Dimed kan eg vel neppe påstå at eg kjende den 27-årige Nico like godt som eg kjende den 17-årige. Interesser, meiningar og oppfatningar kan forandra seg mykje. Men grunnleggjande karaktertrekk brukar å halda seg ganske bra over tid – og det er dei eg hugsar Nico best for. Bjørn Nicolai Olsen var ein tvers gjennom god gut. Ærleg og skvær, kvikk i både hovud og snakketøy. Alltid med ein rev bak øyret. Alltid ekte.

På fredag skal han bisetjast. I desse dagane går tankane ikkje berre til Nico, men også til Anne Lovise, Bjørn Rune, Live, Lone og Sander. Korleis dei har det no, er knapt til å førestilla seg. Dei har verkeleg ikkje fortent dette, like lite som Nicolai sjølv.

Kvil i fred, gamle ørn. Du skulle ha vore her så mykje lenger.

Dette innlegget vart lagt inn i ikkje-kategorisert. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Opphavsfeil: Vebjørn Sture. Alle varmrettar må reserverast.
Denne sida køyrer Wordpress. Sjølv plar eg sykla.