Med mørt hjarte

Ein haustdag i 2004 sat eg i stova heime på Byhaugen og ana fred og ingen fare. Inn kom storesyster mi, Gunn Inger, med eit ark i nevane, og sa: Du skal på Målstrid.

Den gongen var Målstrid det faste namnet på den årlege haustkonferansen til Norsk Målungdom. Eg hadde meldt meg inn i januar, og jamvel vore på eit vårleg møte i Målsiddisane, med Sigbjørn – sjølvaste NMU-leiaren – på vitjing frå sentralt hald. Eg hadde late meg imponera over kor jordnær og triveleg han var, som om han liksom ikkje spela i ein annan moralsk og medmenneskeleg divisjon enn meg, der eg sat og skjemdest over at eg framleis ikkje hadde skifta til nynorsk som hovudmål.

Trass det gode inntrykket hadde ikkje syster mi fått meg til å melda meg på sumarleiren i Sandefjord same året. Eg var seksten år og nokså sjenert, redd ingen ville bry seg med meg, og tykte det høyrdest frykteleg lenge ut å vera fem–seks dagar åleine med framande menneske som sikkert ikkje brydde seg med meg, og som like sikkert kunne låtteleg mykje meir enn meg om alt som hadde med nynorsk å gjera.

Men denne gongen var det annleis. Gunn Inger spurde ikkje om eg ville på Målstrid. Ho orienterte meg om det. Myndig, utan å vera kommanderande, som om ho berre refererte ei befaling frå Skatteetaten, Vegvesenet eller andre høgare makter. Okei, sa eg – hakket varmare i trøya enn om våren, sidan eg i mellomtida hadde skifta hovudmål til nynorsk, skaffa meg nynorske lærebøker og vore med skulestartaksjon på Kongsgård, der me fnisande hadde teipa fast oppbyggjeleg flygebladlektyre på innsida av dodørene.

Nokre veker seinare var det som ein ny himmelkvelving opna seg. Hjernen var mør som ein hjortebiff i kokegropa, etter det som utvilsamt hadde vore den beste helga eg kunne hugsa. Derfrå balla det berre på seg.

Brått har det gått nesten ti år. I sju av dei har eg fått gleda av vera ein del av sentrallekken i organisasjonen, dei to siste som leiar. Visst har der vore nokre tøffe tak og vanskelege avgjerder på vegen, men eg har korkje tal eller ord for kor triveleg eg har hatt det, kor mange gilde menneske eg har fått treffa og verta kjend med, eller kor mykje eg har fått læra som eg elles aldri eingong ville tenkt tanken på å prøva.

Difor er det ikkje med lett hjarte eg takkar for meg – men hjartet er heller ikkje tungt. NMU anno 2014 har dei rette folka på dei rette plassane, både i styre og stell. Med handa på nynorskordlista: Eg har ikkje uroa meg eit sekund for korleis det kjem til å gå. Eg kan padla ottelaus ut mot horisonten, vel vitande om at moderskipet er i dei beste hender. Det er i seg sjølv eit privilegium.

Derimot er hjartet mørt, nett slik hjernen var det på veg heim frå Oslobygdi ein oktoberkveld i 2004. Fordi lite er meir stas enn å sjå kor nye målungdomar veks, både som tillitsvalde og menneske, og lite er meir sårt enn å få færre påskot til å treffa dei igjen. Eg trur knapt nokon av dei – korkje sentralstyrefolka, landsstyremedlemene eller leirdeltakarane eg helsa farvel på Åndalsnes stasjon for to dagar sidan – veit kor stor pris eg set på dei. Dei er det aller fremste norsk ungdom har å by på, og eg saknar dei allereie.

Dette innlegget vart lagt inn i målsak med merkelappane . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Opphavsfeil: Vebjørn Sture. Alle varmrettar må reserverast.
Denne sida køyrer Wordpress. Sjølv plar eg sykla.