Førjulsblasfemi

Mot eigen feigskap finst berre éin kur: Konfrontasjon. Full guffe for open mikrofon. Så her skal de få ein høveleg dose nynorsk kyrkjebanning.

I dag har eg nemleg hatt ganske god tid til å grubla. Eigentleg skulle eg vore på språkårsavslutninga i Ørsta nett no, men høvesvis vêret og teknisk feil på ein flygemaskin, hindra den deltakinga ganske effektivt. Om lag 12-13 timar etter at eg kom til Gardermoen i dag tidleg, kapitulerte eg, då siste fly som kunne ta meg til Ørsta i tide var floge, og det næraste eg sjølv kom – etter to kanselleringar og to ombokingar – var å vera halvvegs avgarde gjennom overfarten før kapteinen måtte snu og setja kursen mot vedlikehaldsbasen igjen.

Kva har dette med noko som helst å gjera? To ting: 1. DET ER SYND I MEHEHEG. 2. Eg fekk så mykje daudtid (i alle fall då eg hadde gått tom for straum) at eg rakk å tenkja meg fram til at urpubliseringa som fylgjer under var det einaste rette.

Dette litt kryptiske som eg no har referert til eit par gonger, stammar frå den ovgilde bokmålsfesten som Norsk Målungdom skipa til no sist onsdag. Ein av postane på programmet var allsong av nynorske klassikarar i omsetjing, og jårs truli gjorde sjølv omsetjarjobben natta før.

Eg laut naturlegvis velja ut noko som både hadde relativt kjende melodiar, slik at det skulle høva til allsong, og som hadde såpass stor tyngd at det faktisk ville vera litt stas for bokmålet å få akkurat desse songane omsette. Fylgjeleg landa eg på Nordmannen (også kjend som Mellom bakkar og berg) og Den fyrste song.

Urframføringa gjekk fint, med passe høgt toneleie og elles munter stemning. Men i nokre svake augeblinkar tenkte eg at dette måtte aldri koma ut, aldri verta kjent. Rett og slett av frykt for å verta kjølhalt av arge representantar for alle dei som reknar desse tekstane for det ypparste («ypste»?) av all heilagdom.

Og då kjem me til kjernespørsmåla: Skal verkeleg noko få lov til å vera heilag? Og viktigare enn kor vidt eg kan stå inne for å ha omsett Aasen til bokmål – kan eg stå inne for å ikkje tora å stå inne for det? Svara er naturlegvis nei, nei og atter nei.

Ikkje berre har dei gamle mållagsskinna rundt om godt av å verta røska litt i, men det treng eg sanneleg å gjera med meg sjølv også. Difor, mine damer og herrar, kinder und knaben, pojkar och flickor – her har de mine to nyaste bidrag til den nynorske blasfemiskatten. Eg gjev dykk: Mellom åser og hauger og Den første sang. Sov godt!

Mellom åser og hauger

Mellom åser og hauger ved havet
hadde nordmannen funnet sitt hjem
hvor han selv tomtens støpninger lavet
hvorpå reiste han boliger på dem

Han beskuet den stenfylte fjære
den var uten bebyggelsens hvelv
La oss rydde og bygge en sfære
som så eies i trygghet, for oss selv

Han beskuet den harmfulle bølge
som å padle på var slik en risk
men han visste at sjøen kan dølge
den severdige leken mellom fisk

Undertiden hver vinter han grublet
gid jeg reiste til sydlige strøk
Men når sollys i skråningen snublet
tenkte han det fikk rekke med besøk

Og da gresstuster grøntes på sletter
da hver blomsterkvast dinglet på aks
og da dager var klare som netter
føltes landskapet rundt som øye-snacks

Den første sang

Den sang jeg først besunget ble
var mammas sang mens jeg vogget
så myke ord, som jeg kunne se
at hun sporenstreks også blogget

De nynnet meg så rolig, ja,
så rolig, rakt til å duppe
meg vistes da, en autostrada
til søvns fra vår sofagruppe

Den autostradaen møter jeg
når øyeeplet mitt hviles
Da står en engel, munter og grei
og derom kan intet betviles

NÃ¥r undertegnede sovner hen
på tross av allting som spjæres
fra moders grav, det synges igjen
den trall som gjør alt til å bæres

Dette innlegget vart lagt inn i ikkje-kategorisert, kvardag, målsak med merkelappane , , , , . Bokmerk fastlenkja.

Eitt svar til Førjulsblasfemi

  1. Okto seier:

    «kinder und knaben»? :O De i Noreg mÃ¥ virkeleg tenkja mykje rart om oss tyskarar.

    Elles er det virkeleg bra gjort med omsetjingane og dei er veldig kontemporære, om det kan seiast sÃ¥nn — sjølv om eg ikkje skjønar so mykje.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Opphavsfeil: Vebjørn Sture. Alle varmrettar må reserverast.
Denne sida køyrer Wordpress. Sjølv plar eg sykla.