Eit lite budsjetteventyr

Lat meg fortelja deg litt om Språkrådet, Rixmålsforbundet og statsbudsjettet.

Språkrådet:
– Har som ein av sine primære funksjonar Ã¥ gje rÃ¥d om sprÃ¥k. Til dømes kva reglar som gjeld i den offisielle rettskrivinga. Som jo er nyttig for alle som skal skriva korrekt norsk. Til dømes lærarar. Elevar. Studentar. Professorar. Tilsette i offentleg sektor. Og i privat sektor. Ja, alle saman, i grunn.
– FÃ¥r 1 mill mindre til dette arbeidet i statsbudsjettet for 2014.

Rixmålsforbundet:
– Har som ein av sine primære funksjonar Ã¥ gje rÃ¥d om korleis dei sjølv tykkjer sprÃ¥ket burde vera. Til dømes kva reglar som dei tykkjer burde vore gjeldande i den offisielle rettskrivinga. Som jo er nyttig for alle som ikkje skal skriva korrekt norsk. Til dømes … ingen.
– FÃ¥r 0,8 mill ekstra til dette arbeidet i statsbudsjettet for 2014.

Ja vel. Dette var sanneleg ein ny ide, men eg har til gode å la meg overtyda om at det er ei betre løysing.

Dette innlegget vart lagt inn i politikk med merkelappane , , , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Opphavsfeil: Vebjørn Sture. Alle varmrettar må reserverast.
Denne sida køyrer Wordpress. Sjølv plar eg sykla.