Ropet frå rettebunkersen

Svart mot kvitt. Godt mot vondt. Heltemodige norsklærarar mot marginale nynorskekstremistar. Tenk om verda – og norskfagsrevisjonen – hadde vore så enkel.

Så enkel er verda i Eva Kosbergs blogginnlegg om norskfaget frå førre veke. Norsklærarane, som «ante et håp» og «så lys i enden av tunnelen», har ifylgje Kosberg fått sine søte nattedraumar knuste av «nynorskekstremister» som «presser [ekstreme tiltak] på bokmålsmajoriteten». Ekstra trist er det jo også at dette går utover ein «nynorskentusiast» som Kosberg:

«Jeg er glad i nynorsken, jeg skriver og leser det gjerne, og jeg gleder meg over dets særpreg. Og det tror jeg at jeg klarer å formidle til elevene. Men det hjelper lite. De fleste elevene mine hater nynorsk.»

Det er kanskje ikkje så rart. For trass Kosbergs smått rørande kjærleik til nynorsken, skriv ho kort etter at «saken er jo den at [elevene] har helt rett: DETTE FÅR DE IKKE BRUK FOR!».

Eg kan ikkje fri meg frå å spørja: Er det verkeleg rart at elevane ikkje ser poenget med å læra nynorsk, når ikkje eingong læraren deira gjer det? Er det rart elevane får eit dårleg forhold til nynorsk, når det beste ikkje-instrumentelle argumentet norsklæraren deira evnar å harka opp, er at nynorsk er «kulturarv som må bevares»? Kva skjedde med danningsargument? Politiske argument? Rettigheitsargument? Fleirspråksargument?

Og ikkje minst: Kva med nettopp omsynet til mindretalet? Jau, det har Kosberg utvikla ein argumentasjon om:

«For det er nå en gang slik at det finnes en majoritet og en minoritet her. […] Skal dere fortsatt insistere på likestilling? Skal dere fortsatt rope og skrike om bevaring på noen svært få sine premisser?»

Med slik ein overstrøymande toleranse og kjærleik til nynorsken og dei 600 000 nynorskbrukarane, er det jo verkeleg til å undrast over at ikkje elevane adopterer den same elskhugen.

Samstundes kan ein undra korleis Kosberg motiverer elevane for resten av norskfaget. Når ho aksepterer premissen om at finansiell matnytte skal vera einaste legitime kriterium for å setja noko på pensum – korleis får ho då elevane til å skjøna at dei må terpa diktanalyse og lesa Holberg?

Men argumentasjonsknipa til side, har ikkje Kosberg eit poeng? Vil det ikkje vera betre for nynorsken om elevane fekk konsentrera seg om sidemål i VG2 og hovudmål i VG3, med eksamen i staden for standpunkt som sluttvurdering på vitnemålet?

Jau, det kan henda – på språkleg homogene skular utan eit einaste svart får i norsklærarflokken. Men ein læreplan som skal fungera over heile landet kan ikkje vera spesialtilpassa tilhøva på Rosenvilde vgs i Bærum. Læreplanen må også ta høgd for alle dei skulane der elevar med nynorsk og bokmål som hovudmål går i same klasse. Sidemålsavslutting på VG2 og éin (skriftleg) standpunktkarakter i norsk vil gje incentiv til språkskifte frå nynorsk til bokmål, og det vil auka presset på nynorskelevar i bokmålsdominerte klassar. Dette har eg skrive meir om før.

Kva så med norsklærarane? Arbeidsvilkåra deira? Rettebunkene? Lat meg gje ordet til nokre skular som svara på læreplanhøyringa i vår:

«Elevenes skrivekompetanse må opprettholdes […]. Det betyr at rettebyrden blir den samme med endret vurderingsordning. Antall vurderinger vil bli som før» (Langhaugen vgs)

«I Vg3 er det heller ikkje eit så stort press at det ikkje er mogleg å setja tre karakterar, ein har då trass alt seks timar til disposisjon.» (Vardafjell vgs)

«[Meir lik arbeidsbør] bør ikkje vere styrande for opplæring i sentrale delar av faget. Her er justering av timetal og prosenten stillinga meir aktuelle virkemiddel.» (Kvitsund gymnas)

Så enkelt kan det seiast. Utan at det dimed hindrar somme i å innta skyttargrava, for å spela vidare på Kosbergs lett militante ordbruk. For norskfagsordskiftet fortonar seg sanneleg som ein verbal skyttargravskrig når meiningsmotstandarar vert omtalte som «ekstremister», som lik ein «skarpskytter» skyt seg sjølve i foten, og såleis fort vil enda opp med å «drepe alle muligheter» til å redda ein «utdøende rase».

På ein måte kan eg skjøna aggresjonen. Med for få timar til for- og etterarbeid, dagleg basking med tidstjuvar og dokumentasjonsvelde, og langt fleire karakterar og vurderingsgrunnlag å henta inn enn lærarar i andre fag, er det ikkje rart norsklærarane vert frustrerte. Og det er ikkje rart at somme av dei ser svekking av sidemålet som ein utveg når ikkje dei har fått gjennomslag for betre arbeidsvilkår på anna vis.

Det som derimot er litt rart, er at ikkje ropet om betre arbeidsvilkår – uavhengig av læreplanen – har vore høgare. Og minst like rart: At dei som skrik høgast om kor fæl den nye læreplanen er, held daudtyst om at alle vidaregåande skular som ynskjer det kan få vera med på eit fleirårig forsøk med samanslegen standpunktkarakter i norsk på VG1 og VG2. Det vil unekteleg redusera rettebunkene monaleg – men det passar dårleg inn i dramaturgien.

For nede i skyttargrava – eller rettebunkersen, om du vil – har frustrasjonen gått i lås. Der finst ingen nynorskelevar, målbytarar, språkdelte klassar eller andre smålege omsyn. Der finst berre eit bokmålsområdeperspektiv, nokre gamle mytar om at nynorsken døyr grunna sidemålsjammeret i Bærum, og eit stort vonbrot over at Utdanningsdirektoratet ikkje fekk gjennomslag for å svekkja sidemålet. Og rikeleg med ekko, då, så sjølv einslege rop kan høyrast ut som talrike klagekor.

 


(Meir om norskfagsrevisjonen:
– Læreplan i 1D
– Karakterblind kommentar)

Dette innlegget vart lagt inn i målsak, politikk med merkelappane , , , , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Opphavsfeil: Vebjørn Sture. Alle varmrettar må reserverast.
Denne sida køyrer Wordpress. Sjølv plar eg sykla.