Karakterblind kommentar

(Dette svarinnlegget sende eg til Dagbladet i slutten av juni, men det kom ikkje på trykk.)

Livet er sanneleg greitt når politiske saker er enkle ja-/nei-spørsmål, som heltane frontar med nytenking og fagleg tyngd mot reaksjonære ideologar. Velkomen til diskusjonen om læreplanen i norsk.

Dagbladets kommentator Inger Merete Hobbelstad gjorde seg til innflyttar i dette smått alternative universet laurdag 22. juni. Då teikna ho opp eit monokromt bilete av norskfagsrevisjonen, der nynorskorganisasjonane – som «står fjernt fra elevene» – har fått Kunnskapsdepartementet (KD) til å «klamre seg til status quo». Dette til frustrasjon for norsklærarane, som med felles røyst og fagleg erfaring fremja Utdanningsdirektoratets (Udir) «nytenkning og vårlig[e] energi».

Desse svart-kvite båsane lagar kanskje ein god dramaturgi, men saklege og nøkterne er dei ikkje. Alle forenklingane og eindimensjonaliteten er til å verta sprø av. Lat oss heller sjå litt på nyansane.

For det fyrste har ikkje KD gått for status quo. Læreplanrevisjonen er meir enn karakterar og eksamen. Hovudområda i norsk er reduserte frå fire til tre. Kompetansemål er endra for å tydeleggjera progresjon og avgrensa omfanget av faget. Mykje av Udirs «vårlige energi» er altså vedteken. KD legg også opp til ei omfattande forsøk med éin karakter i norsk på VG1 og VG2.

Sidemålsordninga vert også endra. Lesing, lytting og refleksjon om nynorsk og bokmål skal inn frå starten av. Skriving på sidemål byrjar på femte trinn. Slik kan me koma elevane sine fordomar i forkjøpet, og la elevane læra sidemål medan dei framleis er i den alderen dei har størst evne til å læra språk. Status quo? Ikkje akkurat.

For det andre er det ikkje slik at ein unison lærarstokk har fått sine faglege argument nedkjempa av røyndomsfjerne nynorskideologar. Ja visst har mange lærarar ynskt færre karakterar, men høyringsrunden viste at det også er usemje mellom lærarane, i tillegg til at det slett ikkje berre er faglege omsyn som får vega tungt. Eit par døme:

«[3 karakterer] er unaturlig og det krever ALTFOR MYE jobb av læreren» (Ringerike vgs)

«I stedet for faglig utbytte blir elever og lærere tvunget til å fokusere på å skaffe karaktergrunnlag i tre disipliner» (Frogn vgs)

Ynsket om færre karakterar spring altså ikkje berre ut frå ein fagleg visjon om meir formativ vurdering. Ut frå høyringssvara lèt det til å handla minst like mykje om at norsklærarane har for ringe arbeidsvilkår. Men er det heva over tvil at færre karakterar vil bøta på dette? Lat oss saksa litt til:

«Elevenes skrivekompetanse må opprettholdes […]. Det betyr at rettebyrden blir den samme med endret vurderingsordning. Antall vurderinger vil bli som før» (Langhaugen vgs)

Vidare kan me spørja: Er ynsket om færre karakterar for å minska rettebyrda ei fagleg vurdering? Eller høyrer kan henda striden om arbeidsvilkåra meir heime i avtaleverket mellom arbeidsgjevar- og arbeidstakarorganisasjonane?

«Mange i kollegiet vil videreføre dagens ordning, men ønsker å tilføre norskfaget flere ressurser slik at det skal være mulig å innfri kravene til en god vurderingspraksis» (Bergen katedralskole)

«[Meir lik arbeidsbør] bør ikkje vere styrande for opplæring i sentrale delar av faget. Her er justering av timetal og prosenten stillinga meir aktuelle virkemiddel.» (Kvitsund gymnas)

Hobbelstads framstilling av målrørsla må også korrigerast. No skal dei andre organisasjonane i rørsla få svara for seg sjølve, men for Norsk Målungdom (NMU) sin del kan eg tilrå Hobbelstad og andre å lesa høyringssvaret vårt. Det inneheld meir fagleg argumentasjon enn kva ein god del av skulane sine høyringssvar gjer.

Eg minner også om at NMU er ein ungdomsorganisasjon. Dei fleste medlemene våre er mellom 15 og 25 år, og brorparten av dei som ikkje er elevar nett no, har vore det for relativt kort tid sidan. I tillegg reiser me mykje rundt på skulevitjingar, der me mellom anna diskuterer norskfaget med hundrevis av lærarar og tusenvis av elevar kvart einaste år. Å avskriva innspela våre med at me «står fjernt fra elevene», verkar såleis meir lettvint enn rettvist.

Når det er sagt, er ikkje Hobbelstad åleine om å overforenkla. Utspela frå LNU og Utdanningsforbundet sist torsdag [20. juni] var ikkje stort meir nyanserte, dei heller. Det meste handla om karakteren. Andre endringar i planen, ikkje minst slike som eit stort fleirtal av skulane ser på som positive og tydeleggjerande, vart plutseleg ikkje-eksisterande.

Logikken – både i Hobbelstads innlegg og dei nemnde organisasjonane sine utspel – går ut på at så lenge karakterordninga er som før, er også alt anna som før. Heldigvis er norskfaget meir fleirsidig enn som så. Eg skulle ynskja eg kunne seia det same om norskfagsordskiftet.

Dette innlegget vart lagt inn i målsak, politikk med merkelappane , , , , , , , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Opphavsfeil: Vebjørn Sture. Alle varmrettar må reserverast.
Denne sida køyrer Wordpress. Sjølv plar eg sykla.