Læreplan i 1D

Rett på sak: I går hadde Kjersti Rognes Solbu (LNU) og Brita Bøyum (Utdanningsforbundet Hordaland) eit innlegg på trykk i Dag og Tid, der dei langt på veg framstiller norskfagsrevisjonen som ein rein vurderingsordningsrevisjon. Debattredaktør i BT, Hilde Sandvik, fylgde opp med å hevda at essensen i saka er at målfolk ikkje vil lytta til lærarane – etter at Olaug Nilssen hadde utfordra både henne, underteikna, og ein del andre til å kommentera Solbu og Bøyums innlegg. Her kjem svar med noko attåt frå meg.

Læreplanen er meir enn karakterane

For det fyrste handlar læreplanendringane om langt meir enn karaktersystemet. Mange kompetansemål vert endra, somme for å presisera kva dei faktisk skal innebera, andre for å avgrensa omfanget, og i mange tilfelle elles for å tydeleggjera kva progresjon elevane skal ha innanfor det same emnet. Faget ser jamvel ut til å gå frå å ha fire til tre hovudområde – då «samansette tekstar» vert skore ned og sortert inn under eit anna hovudområde. Det heng mellom anna i hop med at den noverande læreplanen «oppfattes som svært omfattende», for å sitera oppdragsbrevet som revisjonen starta med i 2010.

Likevel presenterer Solbu og Bøyum eit nokså eindimensjonalt bilete av revisjonen, idet dei teiknar opp ein tilsynelatande uløyseleg motsetnad mellom eigen sidemålskarakter og det å driva formativ vurdering for å styrkja grunnleggjande dugleikar. Dei refererer til at tre karakterar i norsk kverrset mykje tid til å skaffa vurderingsgrunnlag – jamvel om Kunnskapsløftet ikkje spesifiserer at det må vera så og så mange innleveringar eller prøver knytte til kvar karakter. For å sitera ein av Solbus lærerkollegaer som skreiv til meg på fjesboka her om dagen:

«Det er jo […] ikkje noko «kvantitetskrav» [til karaktergrunnlaget] i dag, det er vel helst berre sedvane som gjer at dei fleste lærarar gjer som «dei alltid har gjort». Moglegheitene for […] formativ vurdering, er det like mykje rom [for] i vurderingspraksisen i dag. Lærarane mÃ¥ leggja om praksisen sin, men det kan dei gjera anten det er sÃ¥nn eller slik. Eg mistenkjer mange lærarar i dag gjer begge delar. Ikkje rart dei blir utslitt av det!»

Målrørsla er meir enn karikaturane

Like eindimensjonal som framstillinga av revisjonen, er måten målrørsla med jamne mellomrom har vorte framstilt gjennom heile dette årelange norskfagsordskiftet. Me er visst styrte av «språkpolitisk konservativisme» (for å seia det med LNUs ord), monotont opptekne av karaktersystemet og at det noverande karaktersystemet skal haldast heilag. Naturlegvis utan omsyn til dei stakkarane som faktisk underviser i faget me er så opptekne av, om eg får vera så freidig til å setja Hilde Sandviks påstand på spissen.

Inkje av dette stemmer. For å ta det siste fyrst, har målrørsla generelt og Målungdomen spesielt vore viljuge til – og i fleire år jamvel etterspurd – endring av norskfaget. Ikkje berre av omsyn til nynorsken, men også av omsyn til lærarane. For oss heng dei to tinga saman. Gode vilkår for nynorsken og nynorskopplæringa føreset gode vilkår for norsklærarane og arbeidet deira. Kanskje er ikkje det til å undrast så mykje over heller, enn så lenge norsklærarane tykkjest å vera temmeleg overrepresenterte på alle nivå i målrørsla.

At me er einsidig opptekne av vurderingsformene, stemmer heller ikkje. I høyringssvaret frå NMU fekk tidleg start med sidemål den mest framskotne plassen. Også kompetansemåla i nynorsk og bokmål, i tillegg til føremålsteksten for faget, framheva me med eigne bolkar, til liks med vurderingsordningane. Dette held meiningsmotstandarane våre i karakterspørsmålet som regel påfallande godt kjeft om. Eg er ærleg tala vorten ganske mett av å få både rørsla og agendaen vår framstilt på uetterrettelege måtar – til dømes slik det kjem til uttrykk i Henning Fjørtofts stråmannskavalkade i bladet Utdanning.

Lat meg leggja til at me også har føreslege endringar i den noverande vurderingsordninga. Ideelt sett vil me gjeninnføra obligatorisk sidemålseksamen i VG3 – slik at eksamensordninga jamstiller nynorsk og bokmål nett slik dagens standpunktordning gjer det. Me har også stilt oss bak Språkrådets «paraplymodell» som eit mogleg kompromiss i standpunktspørsmålet. Vel å merka kan sistnemnde framlegg i sum innebera at lærarane får endå lågare rettebyrde per elev gjennom eit treårslaup på vgs eller ungdomsskule, enn kva lærarane får dersom Udirs framlegg om éin skriftleg og éin munnleg karakter gjennom heile ungdomssskulen og vgs går gjennom (1+1+3 vs. 2+2+2).

Lærarane er meir enn statistikk

Også lærarane vert framstilte syrgjeleg eindimensjonalt. Solbu og Bøyum omtalar norsklærarane i bunden form, som om dei var homogene og samrøystes i kravet om å fjerna sidemålskarakteren. Dei refererer til at lærarorganisasjonane har gått inn for å erstatta standpunktkarakteren i sidemål med sidemålseksamen etter VG2, og at 75 % av dei vidaregåande skulane er tilhengjarar av at dagens standpunktordning må endrast. Kor vidt desse tre fjerdedelane er faktisk samde om kva ordning dei heller vil ha, og kva grunngjevingar dei eventuelt måtte vektleggja, får me høyra mindre om.

Og det er i grunnen ikkje så rart. Det mentometeraktige høyringsskjemaet som Udir forma ut (som i seg sjølv er oppsiktsvekkjande, då Udir på det viset sjølv fekk leggja premissane for høyringsinstansane sine svar), gjev mykje fragmentert statistikk, der nyansar og argument har lett for å drukna. Talet på kor mange skular som har svara A eller B, seier heller ingenting om kor brei semje der har vore internt på dei ulike skulane.

Å lytta til lærarane må difor innebera å lytta også til dei som ikkje sit på toppen. Hege Cruickshank, Ingrid Guntveit og Mona Brekkan er tre døme på norsklærarar som talar Solbu og Bøyum midt i mot, jamvel i Hilde Sandviks eigne debattspalter i BT (17.02.2013). Kanskje tilhøyrer dei ikkje fleirtalet, men eg tykkjer det er verdt å lytta til innvendingane deira likevel. Skal eit argument avskrivast, bør det vera fordi det viser seg å ikkje halda vatn – ikkje fordi det skårar for dårleg på popularitetsmålinga.

Det er elles interessant å notera at Solbu omtalar fleirtalet av 75 % av skulane i høyringsrunden som «særs unisont til norsklærarar å vera». Eg skulle jaggu likt å sjå Solbu eller andre glatta over eit tilsvarande røystetal i til dømes målrørsla på same måten. Sjå føre dykk at kvar fjerde landsmøtedelegat i Mållaget hadde røysta mot separat sidemålskarakter. Ville de – med handa på hjartet – omtala også eit såvore fleirtalsvedtak som «unison» semje? Eg tillèt meg å tvila.

Skal resultatet definera prosessen?

Eg må også seia eg stussar over måten sjølve revisjonsprosessen vert omtala. Både i brevet Solbu og LNU-kollega Lars Fodstad sende til kunnskapsministeren 21. mai, og i det nemnde Dag og Tid-innlegget, vert prosessen skrytt opp i skyene som «grundig», «faglig fundert» og «demokratisk utført». Vel og bra, altså, jamvel om eg nok tykkjer den oppsummeringa er noko ukritisk.

Kor vidt prosessen faktisk har vore så fantastisk, er eit ope spørsmål. Pussig er det uansett at hyllinga av prosessen kjem i same andedrag som åtvaringane om at eit eventuelt nederlag for LNU i karakterspørsmålet vil vera ei «annullering av resultatet» frå denne vedunderlege prosessen, noko som i neste rekkje vil få «grasrota i Skule-Noreg, lærarane og fagmiljøa [til å] kjenne seg heilt avmektige». Parafrasert: Resultatet som avgjer kor vidt prosessen som har leidd fram til resultatet har vore grundig, fagleg og demokratisk. Det tykkjest meg ein smule inkonsekvent.

Noko å semjast om

Med alt dette sagt: Det er mykje eg kan vera einig med Solbu og Bøyum i. At me er komne til siste veka i skuleåret utan at neste års læreplan er fastsett, er så uhaldbart at det grensar til det komiske. Eg misunner ikkje dei lærarane som får valet mellom å stilla nær uførebudde til skulestart eller å bruka sumarferien på å planleggja korleis endringane i faget deira skal innførast (og dette gjeld fleire fag enn norskfaget). Eg er også hjartans samd i siste avsnitt av Dag og Tid-innlegget til Solbu og Bøyum:

«Norskfaget treng sårt ei fornying, slik at elevane kan bli betre skrivarar – på båe målformer.»

Så kan me diskutera korleis fornyinga skal gjerast. Eg meiner den viktigaste fornyinga må skje gjennom generell trimming og konkretisering av læreplanen (som det til ein viss grad ser ut til å verta), og ved å byrja med sidemål på eit tidspunkt der elevane har færre fordommar og større evne til å læra språk. Særleg når det gjeld det sistnemnde hadde eg sett pris på litt drahjelp frå til dømes rørande nynorskvenlege lærarorganisasjonar

Baksida av VG2-medaljen

No har dette vorte lengre enn langt og eg bør nærma meg slutten, men eg kan forstå om folk er leie av meta-snakket og heller vil vita kvifor LNU og Utdanningsforbundets konkrete framlegg til karakterordning er dårleg. Dei som har tid og lyst kan lesa NMUs høyringssvar, men eg refererer kort nokre av dei viktigaste innvendingane mot sidemålsavslutting-på-VG2-løysinga her:

1) Ingen – heller ikkje LNU – har klart å gje konkrete svar på korleis dei skal løysa utfordringane som dei sjølve innrømmer at sidemålsavslutting på VG2 vil føra med seg. Éi av desse utfordringane er korleis det å leggja opp til sidemålsdrilling på VG2 og hovudmålsdrilling på VG3 skal kunna gjerast utan at nynorskelevar som er i mindretal i sine klassar kjem under sterkt press om å byta til bokmål av omsyn til medelevar og eksamensførebuingar.

2) Det er forståeleg, men prinsipielt gale, at kutt i talet på karakterar skal brukast for å bøta på at norsklærarane har for mange tidstjuvar og dårlege arbeidstidsavtalar. Og om me fyrst skal kasta prinsippet på båten, så vil som sagt paraplymodellen (i alle fall i nokon mon) ivareta både omsynet til lærarane sin arbeidssituasjon og dei språklege omsyna.

3) Med eigne standpunktkarakterar i sidemål og hovudmål, tel dei to karakterane like mykje på vitnemålet. Med felles karakter, der hovudmålet tel mest, vil elevar som er flinkare i bokmål (gjeld ganske mange nynorskelevar i randsonene) få incentiv til å byta til bokmål som hovudmål for å få betre karakterutteljing. Så kan du seia at det ikkje vil vera noko verre enn dagens språkskifteincentiv i eksamensordninga (alle kjem opp i hovudmål, berre 1/3 i sidemål), men eg tykkjer uansett ikkje at å byta ut eitt dårleg incentiv med eit anna er så innmari føremålstenleg.

Dimensjonane som forsvann

Det eg kanskje saknar aller mest i den offentlege diskusjonen om læreplanendringane, er høvet til å vera så grundig, utdjupande og presis som saka fortener. På same måte som eg tykkjer Solbu og Bøyums innlegg i Dag og Tid vert for eindimensjonalt, skal eg ærleg innrømma at eg strevar sjølv med å gjera det fleirdimensjonale biletet av læreplansaka enkelt og tabloid nok til at det kjem på trykk – anten det no er som presseutspel eller lesarinnlegg. Læreplanar er kort og godt for spesielt interesserte, og vanskeleg tilgjengeleg stoff for dei som ikkje har sett seg inn i det på førehand (eg har vore i båe båtane). Eg – og sikkert mange av dei eg har nemnt – kunne lett ha skrive ei bok berre om læreplanen (det har eg jo på sett og vis gjort, men de skjønar kva eg meiner …) og revisjonsprosessen, så eg veit alt om kor vanskeleg det kan vera å trøkka det inn på 300 ord i ei debattspalte. Sånn sett skal eg vera varsam med å kappa hovudet av andre som slit med det same som meg.

Men likevel: Om me ikkje har tid eller plass eller romsleg nok teikngrense til å få med alt, så kan me alle prøva å unngå forflata biletet der me ikkje treng det. Det går fint an å argumentera for VG2-løysinga utan å lata som at norsklærarane er unisone. Det går fint an å lena seg på lærarfleirtalet utan å diskreditera målrørsla som viljedauve vrangpeisar. Og for å sparka litt til styresmaktene til slutt: Det går fint an å fatta avgjerder som vil vera kontroversielle uansett utfall, utan å utsetja det så lenge at utsetjinga i seg sjølv vert ei belasting.

Dette innlegget vart lagt inn i målsak, politikk med merkelappane , , , , , , , , , , , , , , . Bokmerk fastlenkja.

Eitt svar til Læreplan i 1D

  1. Tilbakeping: Ropet frå rettebunkersen | Vebjørn si heimeside

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Opphavsfeil: Vebjørn Sture. Alle varmrettar må reserverast.
Denne sida køyrer Wordpress. Sjølv plar eg sykla.