Nokre oppklaringar

I dag har eg skrive brev til kunnskapsministeren. Det såg slik ut:

Oppklaringar i samband med handsaming av læreplanrevisjon for norskfaget

Landslaget for Norskundervisning (LNU) reagerer på Språkrådets bekymringsmelding om læreplanen i brevs form til kunnskapsministeren 21. mai. I brevet kjem LNU med ein del unøyaktigheiter som skapar behov for nokre korte oppklaringar.

A) LNU hevdar at Språkrådets hovudargument handlar om reduksjonen i talet på standpunktkarakterar. Det er ei upresis framstilling. I bekymringsmeldinga 3. mai og innlegget i Dagsavisen 6. mai, argumenterte Språkrådet med at den heilskaplege svekkinga av sidemålet i læreplanutkastet vil svekkja nynorskens stilling, og at dette bryt med gjeldande språkpolitikk. Språkrådet trekte også fram svekkinga av kompetansemåla for sidemål og mangelen på tidleg sidemålsstart, i tillegg til fjerninga av sidemålskarakteren.

B) LNU hevdar at «[s]ammenslåing av standpunktkarakterene medfører ikke bortfall av verken hoved- eller sidemålskarakter. En slik påstand hviler på en feillesing av planen». Same kva ordval LNU måtte føretrekkja, vil elevane med eit slik løysing ikkje lenger få kompetansen sin i sidemål dokumentert med eigen standpunktkarakterar. Elevane vil rett nok få dokumentert dette gjennom obligatorisk eksamen på vidaregåande, men fleirtalet av avgangselevar på ungdomsskulen vil ikkje lenger få eiga sluttvurdering i sidemål, då norsk er trekkfag. I tillegg vil den såkalla karaktersamanslåinga med stort sannsyn innebera at hovudmålet vil vega tyngre enn sidemålet når karakteren skal setjast. Der separate standpunktkarakterar sikrar at hovudmål og sidemål tel likt på vitnemålet, vil «sidemålsutteljinga» i ein felles skriftleg standpunktkarakter vera opp til kvar einskild lærar. Det vil i praksis vera å oppheva den språklege likestillinga i standpunktkarakterordninga.

C) LNU hevdar at «et temmelig samlet skole-Norge» står bak det endelege forslaget til vurderingsordning. Utdanningsdirektoratets oppsummering av høyringsrunden viser derimot at nær 25 % av skulane var heilt eller delvis samde i at gjeldande standpunktordning bør vidareførast. Drygt 70 % var heilt eller delvis usamde. Kor vidt dette kan refererast til som «et temmeleg samlet skole-Norge», framstår som eit definisjonsspørsmål.

D) LNU hevdar at «[d]et brukes for mye tid på å sikre karaktergrunnlag» og at «én standpunktkarakter i norsk skriftlig vil frigjøre tid til mer formativ vurdering». At også dagens ordning opnar for å bruka mindre tid på formelle vurderingar til karaktergrunnlag undervegs, og meir tid på formativ vurdering, kjem ikkje like tydeleg fram. Om mange lærarar brukar for mykje tid på å byggja eit kvantitativt karaktergrunnlag, er det vurderingspraksisen som er problemet, ikkje sjølve vurderingsordninga. Den praksisen kan leggjast om uavhengig av om elevane framleis får eigen sidemålskarakter.

E) LNU hevdar at «[vi vet] at dagens ordning ikke har styrket nynorskens stilling». Dette grunngjev dei ved å visa til at «[a]ndelen nynorskbrukere har gått ned, og holdningen til nynorsk som sidemål har ikke blitt bedre». Her ser LNU ut til å ha blanda saman årsakssamanheng med samanfall i tid. Sjølv om sidemålskarakteren har sameksistert med ei eventuelt manglande styrking av nynorsken si stilling, er det ikkje automatisk slik at sidemålskarakteren er årsaka til dette, ei heller til at nynorskprosenten i grunnskulen går svakt nedover. Det er også grunn til å stilla spørsmål ved kor vidt det faktisk er sant at statusen og haldningane til nynorsk (som sidemål) ikkje har vorte betre.

På bakgrunn av dette framstår ikkje LNUs kritikk av Språkrådets bekymringsmelding som nemneverdig råkande. Språkrådets analyse om at redusert sidemålsopplæring med redusert sluttvurdering vil svekkja den samla nynorskkompetansen, og dimed stimulera til målbyte frå nynorsk til bokmål, står ved lag. Det same gjer Språkrådets poeng om at omsynet til mindretalet ikkje kan forvaltast ved handsopprekking (slik LNU i praksis bed om, jf. punkt C). At LNU kallar dette for «språkpolitisk konservatisme», framstår ikkje som noko relevant eller sakleg argument, og bør såleis ikkje tilleggjast vekt.

Det er også noko oppsiktsvekkjande at LNU avsluttar brevet med at «det vil være et hardt slag […] om ministeren skulle la seg presse til å annullere resultatet av en prosess som har vært både faglig fundert og demokratisk utført». Å vedta ei anna løysing enn kva LNU agiterer for, er ikkje å «annullera» resultatet. Det burde heller ikkje vera naudsynt å minna LNU om at prosessen per dato ikkje er over, og at det dimed ikkje føreligg noko resultat. Resultatet av prosessen vert ikkje klart før kunnskapsministeren gjer sitt endelege vedtak. Me reknar med at det vedtaket vil verta fatta på sakleg og fagleg grunnlag, og naturlegvis i tråd med dei gjeldande stortingsvedtaka som departementet har å forvalta. I den samanhengen bør det ikkje vera framandt å lytta til kva vurderingar eit statleg fagorgan som t.d. Språkrådet gjer seg.

Dette innlegget vart lagt inn i målsak med merkelappane , , , , , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Opphavsfeil: Vebjørn Sture. Alle varmrettar må reserverast.
Denne sida køyrer Wordpress. Sjølv plar eg sykla.