Baksnakk er Vikens løn

I fjor haust hjelpte eg forfattaren Anne Viken med å promotera den nynorske barne-/ungdomsboka si i målrørsla og nynorskverda. I dag kom takka: Lygnaktig baksnakking av Norsk Målungdom.

Kort fortald gjekk historia slik:

28. august i fjor kontakta Anne Viken meg på Twitter. Ho skreiv at eg måtte marknadsføra hesteboka hennar, og eg svara straks at eg gjerne kunne hjelpa til. Vidare gjekk samtalen om at eg skulle senda henne e-post med oversikt over kanalar ho kunne spreia informasjon om boka si i. Her er eit skjermbilete av samtalen:

Twitter-samtale mellom Anne Viken og meg i august 2012

Seinare på kvelden 28. august sende eg e-post til Viken, slik eg hadde lova. I e-posten lista eg opp dei ulike kanalane eg kunne koma på, med tilhøyrande forklaringar.

31. august skreiv Viken eit svar, der ho ramsa opp ein del promoteringsvinklingar ho meinte NMU kunne «spele på», «gripe tak i», «utnytte», «gjere noko ut av» og «bruke til noko». Eg sende svar 4. september, der eg skreiv at eg ikkje heilt klarte å tolka konkret kva ho meinte me burde gjera, men i den same e-posten tilbaud eg meg å kontakta enkelte bokklubbar for henne, tilrå boka hennar under skulevitjingar o.l., og eg stilte meg elles open for konkrete idear til kva me kunne gjera. Til dette svara Viken seinare same kveld at ho prøvde å tenkja ut vinklingar til presseutspel, og at me kunne bruka det om me ville.

Heile e-postvekslinga (som de kan lesa underst) gjekk i ein venskapeleg og triveleg tone, med smilefjes og det heile. På mitt sedvanleg tøysete vis, gav eg den fyrste e-posten emnet «Hest er best som pålegg …» – ein Øystein Sunde-songtittel som i denne samanhengen spelte på at boka Viken promoterte, er ei hestebok. For å vera på den sikre sida, og unngå å verta oppfatta som spydig eller støytande, byrja fyrste e-post med eit «… neidå.». Ettersom Viken ikkje kommenterte dette, og tonen i e-postane hennar ikkje lét til at ho hadde teke seg nær av den vesle hestespøken, tolka eg det som at alt hadde falle i god jord. Så feil kan ein ta. For:

I dag, 28. april, la Viken ut ei statusoppdatering på Facebook, der ho hevdar at den ovannemnde e-postvekslinga gjekk ut på at ho kontakta Norsk Målungdom vedrørande «ein ide om leselyst i sidemål», og at me svara med «hest er best som pålegg». Trass i at sanninga er at eg starta e-postvekslinga, som primært handla om at ho ville ha hjelp til å få selt boka si. Trass i at ho fekk tilsendt ein relativt grundig gjennomgang av ulike salskanalar i målrørsla, medan hestevitsen var avgrensa til emnefeltet. I fulltekst ser Facebook-statusen hennar slik ut:

«Sende mail til målungdommen med ein ide om leselyst i sidemål. Lystbetont lesing av nynorsk. Feks les hestejenter alt om hest så kvifor ikkje la dei lese hestebok på nynorsk i sidemål? Fekk svar: "hest er best som pålegg". Og dei påstår dei fremmer nynorsk!! Vel, eg ser meg iallefall om etter meir konstruktive kanalar for idear heretter. Snakk om sidrumpa respons»

Med andre ord: Mitt ærlege forsøk på å hjelpa Viken med det som i grunnen er eit kommersielt nynorskprosjekt, vrengjer ho til det ugjenkjennelege for å framstilla NMU som ein gjeng innfule kvasi-målfolk.

Meir smakfullt vert det ikkje av at Viken serverer den falske røvarhistoria si bak ryggen på meg. Ulikt mykje anna av kva som er å finna i Facebook-tidslina hennar, er dagens statusoppdatering ikkje synleg for ålmenta. Eg er ikkje i Vikens Facebook-venekrins (der det elles finst ein del prominente menneske), og hadde dimed ikkje kunna forsvara meg mot lygnene hennar, om ikkje det var for at eg vart tipsa av nokon som har tilgang til dei.

Utakk er verdas løn, heiter det frå gamalt av. Og som det no har vist seg: usant baksnakk er Vikens løn. Takk for ingenting.

 
 


E-postvekslinga:

Fyrste e-posten
Dato: 28. august 2012, kl. 22:10
Frå: vebjorn@nynorsk.no
Til: viken.anne@gmail.com
Emne: Hest er best som pålegg …
Innhald:

… neidÃ¥.

Hei igjen!

Eg forstod deg slik at du lurte på kva kanalar eg kan bruka til å
spreia den glade bodskapen om Den Nynorske Hesteboka? Eg må ærleg
vedgå at eg har lite oversikt over hestemiljø, likeins noko avgrensa
innsikt i kvar hestebok-mÃ¥lgruppa «finn» bøkene dei les. MEN: Eg har
bra koll på nynorskmiljøet, og der er det kanskje nokre portar som
du kan gjera deg nytte av.

– LNK (Landssamanslutninga av nynorskkommunar): I kraft av å
organisera ein heil haug med nynorskkommunar og somme språknøytrale
kommunar, er LNK ei einaste stor samling av skule- og
bibliotekseigarar. Vil du ha hesteboka ut på skular, skulebibliotek
og vanlege bibliotek, trur eg LNK er rette folka å ta kontakt med.
Kan henda dei også kan skriva om boka i den såkalla LNK-avisa, dvs.
medlemsbladet deira. Kontakt: judith@norsk-plan.no

– Norsk Tidend, medlemsavisa til Noregs Mållag. Når ut til 10-12 000
foreldre, onklar, tanter, besteforeldre, etc, etc, som gjerne vil at
ungane i familien/slekta skal lesa nynorsk. Kan godt henda dei er
interesserte i å skriva om at hestesjangeren endeleg har fått eit
nynorskinnslag. Kontakt: kjartan.helleve@nm.no

– Norsk Barneblad. Om eg skal tippa på éin kanal som kan nå ut til
hestegalne nynorskungar i barneskule- og kanskje tidleg
ungdomsskulealder, så må det vera Norsk Barneblad. Ikkje noko enormt
opplag, men trur du kan få relativt høg treffprosent her. Kontakt:
nana@barneblad.no

– Nynorskbok.no. Nettside i regi av Nynorsksenteret (Nasjonalt
senter for nynorsk i opplæringa) som tilrår og tipsar om nynorske
bøker som høver for ulike aldersgrupper i skulen. Har inntrykk av at
dette er ein del i bruk av lærarar, som prøver å finna gode
nynorskbøker til elevane. Kontakt: nynorsksenteret@hivolda.no

– Blåmann barnebokklubb. Namnet seier vel det meste. Kontakt:
blamann@blamannbok.no

– Til slutt, litt utanfor rørsla, men i same gate som Nynorskbok.no
kjem Ungdomsbøker.no. Kan jo prøva å få også bokmålskidsa til å lesa
om nynorskhestar. Kontakt: http://ungdomsbøker.no/kontakt

Så. Det var det eg kom på no. Vonar det kan vera til hjelp. :)

Vebjørn

Andre e-posten
Dato: 31. august 2012, kl. 18:09
Frå: viken.anne@gmail.com
Til: vebjorn@nynorsk.no
Emne: Re: Hest er best som pålegg …
Innhald:

Hei. Det eg tenker er:

Det finst ingen andre hestebøker på nynorsk! Hest har aldri vore så
populært som hobbydyr i Norge som no.

Dette er to moment de kan spele på, og eg syns jo, når nynorsken sliter
og de etterlyser tiltak, at dette er noko de kan gripe tak i. De må
tenke kreativt, og hestejenter er megakonsumenter av hestebøker. kvifor
ikkje utnytte det? Pennyklubben er ein av verdens største bokklubbar.
Her er det stort potensiale for ei hestebok på nynorsk. Dette er nemleg
den einaste som finst på nynorsk.

Målgruppa er stor. Dette syns eg de kan klare å gjere noko ut av, eller
bruke til noko.

SÃ¥ «Hest pÃ¥ nynorsk»

Her er argumenta for å bruke denne boka i skulen i norskundervisninga
ellers også.
*
HEST PÅ NYNORSK: Det er ei hestebok på NYNORSK, og det finst ingen andre
hestebøker på nynorsk. Det er den einaste.*

Den er ei hestebok som foregår i ein bygdeveterinærpraksis. Det finst
ingen andre bøker som er basert på ein virkelig veterinærpraksis på
norsk for ungar. Dette er den einaste.

*Sjanger: den skil seg kraftig frå andre hestebøker ved å halde eit
høgare litterært nivå* og er meir innhalds- og kunnskapsmetta enn

vanlege hesteseriar. Dette har vore omtalt av pressa og er poengtert av
forlaget, og det har heile tida vore mitt mål å skape god litteratur om
hestar og dyr. Det skal vere gjennomført kvalitet, alt, både tekst og
innhald og konseptet. Det ligg mykje research bak.
*
Boka er den første i ein serie om hest, hestedyrlegar og livet i ein
bygdepraksis med fleire veterinærar. Det er eit heilt unikt litterært
konsept med målgruppe 10 +. *

Det har aldri før vore fleire hobbyhestar i Norge enn no.
*
Hestejenter er ofte så opptekne av hest at dei tenker ikkje på noko
anna. Kvifor ikkje gi dei ei hestebok i handa for å lære nynorsk?
HESTEBOK PÅ NYNORSK. Lystbetont lesing, lystbetont å lære nynorsk.*

Hestejenter vil ofte lese alt om hest.

*Nynorsken er enkel og i tråd med den nye norma. *Dette er vektlagt i

korrektur og språkvask.

Det går an å lære ganske mykje om dyr og livet med dyr av å lese boka.

LOKAL tilknytning: mange av segnene og bakteppet ein kan lese om er
henta frå Sunnfjord. Særleg Viksdalen fascinerer meg, og eg kjem til å
bruke enda meir av dette i bok to og tre om Elise.

Dette skriv forlaget:
http://www.mynewsdesk.com/no/pressroom/samlaget/pressrelease/view/anne-viken-debuterer-med-hestebok-788474?utm_source=rss&utm_medium=rss&utm_campaign=Alert&utm_content=pressrelease

Boka er basert på Vikens eigne erfaringar som dyrlege. Boka skiller seg
frå det klassiske hestebokscenarioet og har ei sterk og tydeleg jente
som hovudperson og heltinne: -*Elise vil bli veterinær, og interesserer

seg for dyr på ein litt annan måte enn jentene i dei tradisjonelle
hestebøkene. Elise er tøff og har eit svært realistisk forhold til dyr,
seier Viken

Dette seier pressa: du kan laste ned artiklane frå denne linken, dei
ligg på rekke under bileta. Bileta er til fri bruk
https://www.dropbox.com/sh/t8atdz3gd8zvf1z/Bwn_jFgkUm/Pressefotos%20Barnebok%20Samlaget
*

Tredje e-posten
Dato: 04. september 2012, kl. 16:26
Frå: vebjorn@nynorsk.no
Til: viken.anne@gmail.com
Emne: Re: Hest er best som pålegg …
Innhald:

Hei igjen!

Dette er jo vel og bra, eg kan godt kontakta Pennyklubben, og eventuelle andre klubbar om det måtte vera aktuelt. Utover det slit eg litt med å sjå kva det eigentleg er du vil eg skal gjera. «Gripe tak i», «spele på», «gjere noko ut av» og «utnytte» er ikkje så konkret at det gjer noko.

Eg kan for all del tilrå boka di – slik eg i årevis har gjort med god barne- og ungdomslitteratur på nynorsk generelt – i alle samanhengar der det høver, til dømes på skulevitjingar. Men eg tek gjerne imot konkrete idear, då det er litt avgrensa kor mykje tid eg har ledig til å ha dei store idemyldringane på eiga hand. :)

Vebjørn

Fjerde e-posten
Dato: 04. september 2012, kl. 21:55
Frå: viken.anne@gmail.com
Til: vebjorn@nynorsk.no
Emne: Re: Hest er best som pålegg …
Innhald:

Boka har alt fått fleire store presseoppslag, og skal ein ha presseoppslag, utover det same gamle, må ein tenke ut vinklingar. Det er det eg gjer;) Det kan de bruke, om de vil. Ellers ikkje. Opp til dykk. Nynorsken slit jo såkalla så da må ein tenke kreativt.

Dette innlegget vart lagt inn i målsak med merkelappane , , . Bokmerk fastlenkja.

6 svar til Baksnakk er Vikens løn

  1. anne seier:

    Hei Totle Vase. Eg syns tittelen pÃ¥ din epost var litt teit, dvs «hest er best som pÃ¥legg». Det er jo ei legitim meining. At du skuldar meg for løgnaktig baksnakking blir absurd dÃ¥ dine eigne kopiar av denne epostvekslinga her pÃ¥ bloggen viser at du skreiv nettopp «hest er best som pÃ¥legg» i subjektet.

    Du skuldar meg i denne bloggposten for Ã¥ lyge, noko som dine eigne epostar viser at ikkje er korrekt. Eg lyg ikkje. Dine eigne kopiar av epostvekslinga viser jo subjektet i eposten ganske klart: «hest er best som pÃ¥legg».

    Det som kjent ikkje er lov å spreie usanningar på web om enkeltpersonar (sidan du først er inne på baksnakking og den slags). At du spreier løgn om meg på din blogg (skuldar meg for å lyge) er ikkje legitimt.

    Statusen var for venner, som dei fleste av mine statuser er på facebook, og det kjem dei til å halde fram med å vere. Du er fri til å legge meg til som venn om du ønsker:)

    At du derimot tar ein facebook-status tagga for venner, og legg den ut offentlig, saman med ein kommentar av ein av mine venner, som har kommentert på ein vennetagga status, er meir betenkeleg og i gråsone om kva som er lov og ikkje på web. Medier har blitt slått ned på før for å gjere nettopp dette, så her er du i gråsone, i tillegg til at du skuldar meg, offentleg, for å lyge, noko som dokumenterbart ikkje stemmer ifølge dine eigne epostar. Det er same reglar for bloggar som for medier når det kjem til dette.

    At du er ueinig med mi ytring er heilt greit, men det legitimerer ikkje at du spreier usanningar om meg på web. Eg meiner det eg meiner, men det er ikkje løgn.

    Skulle seff tagga dykk i statusen. Råda du kom med var ellers svært gode, men må innrømme at eg oppfatta subjektet som at de syns hestebok kanskje var litt teite greier. Men mulig eg misforstod. Og du er selvfølgelig velkommen i min facebook-krets.

  2. Vebjørn seier:

    For å presisera dei faktuma som tydelegvis ikkje kan ha gått klart nok fram av blogginnlegget over her:

    1. Du skreiv at *du* sende e-post til *Målungdommen*. Det stemmer ikkje. *Eg* sende e-post til *deg*. Å påstå noko anna er *feil*. Eller lygn, om du vil.

    2. Du skriv at *MÃ¥lungdommen* svara «hest er best som pÃ¥legg». Det er feil. Eller lygn, om du vil. Det var *eg* som sende *deg* e-post, der den nemnde hestevitsen var i *emnefeltet*, men der e-posten, eller «svaret», som du kallar det, inneheld ein god del hjelp om kva kanalar i nynorskverda du kunne bruka til Ã¥ promotera boka di.

    3. Fyrst i svaret *du* sende til *meg*, kjem du med sidemÃ¥l-leselyst-greiene dine. Det var altsÃ¥ sidemÃ¥l-leselyst som var svar pÃ¥ «hest er best»-vitsen, ikkje omvendt. Igjen lyg du.

    Elles: Utover dei dokumenterbare usanningane dine, er framstillinga di openbert og grovt lygnaktig. Dersom dette er vanskeleg å forstå, så er det heldigvis ganske godt forklart av t.d. Kristin Clemet: http://clemet.blogg.no/1362924160_lgn_forbannet_lgn_og_.html

    Post scriptum: Ja visst opererer eg i ei gråsone når eg spreier ting som du har posta for vener på Facebook, og når eg ikkje klypper bort det hårreisande sitatet frå kommentaren til kameraten din. Men for å seia det på litt folkeleg norsk: Det er sanneleg til pass.

  3. Anne seier:

    Trist at nokon som kallar seg forfattar, og som i kraft av Ã¥ leva av blant anna nettopp Ã¥ skriva, ikkje kan halda seg for god for meiningar som passar betre til uvitande tenÃ¥ringar. NÃ¥r det gjeld Ã¥ spre usanningar pÃ¥ nettet, er det vel Anne Viken som er nærast i Ã¥ gjera dette, ved Ã¥ ta ut deler av ein lang korrespondanse og setja det inn i ein annan setting. Det er vel mang ein politikar som har brent seg pÃ¥ Ã¥ bli avslørt pÃ¥ kva ein har delt pÃ¥ «private nettsider», sÃ¥ det er inga unnskulding. Ã… gjengi heile korrespondansen for at folk sjølv kan gjera seg opp ei meining, har eg vanskeleg for Ã¥ sjÃ¥ er Ã¥ «spreie usanningar pÃ¥ web». At det stiller Anne Viken i eit dÃ¥rleg lys, er eit resultat av hennar eigne meininar, og at ho ikkje veit betre enn Ã¥ gjera eit mislykka forsøk pÃ¥ Ã¥ vera morsom pÃ¥ vegne av noko andre har sagt. Kven hadde ikkje hatt eit behov for Ã¥ fortelja korleis historia eigentleg var, nÃ¥r ein finn ut at ein er blitt sitert pÃ¥ ein feil mÃ¥te?

    Heldigvis held seriøse forfattarar i dette landet seg for gode for slikt, anten dei no skriv pÃ¥ bokmÃ¥l eller nynorsk….

  4. Nynorskingen seier:

    Til @Anne (ikkje Viken).

    Det kan stokka seg i subjektet for nokon kvar.

  5. Hingst seier:

    Første bok om hest på nynorsk? Det fanst i alle fall ei frå før: http://www.nynorskbok.no/2010/12/20/inger-lise-belsvik-spring-hesten-spring/

  6. Simon seier:

    Hingst: For ikkje Ã¥ gløyma Dei svarte hestane (1928) av Tarjei Vesaas…

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Opphavsfeil: Vebjørn Sture. Alle varmrettar må reserverast.
Denne sida køyrer Wordpress. Sjølv plar eg sykla.