Fordi du fortener det

Når eg skriv dette, er det eit snautt døgn igjen av 2012. Du har med andre ord litt under 24 timar på deg til å gje deg sjølv ein flygande start på Språkåret 2013. Beste måten å gjera det på, er å melda seg inn i Norsk Målungdom.

Kvifor, spør du? Lat meg gje deg ti gode grunnar:

Fordi du fortener ein reell sjanse til å læra både bokmål og nynorsk. Sidemålsopplæringa anno 2012 lir av mangelsjukdomar – ho manglar både timing, omfang og entusiasme. Tidlegare start og nye metodar vil kunna bøta på det, men me treng fleire medlemer og meir tyngd for å snu kunnskapsministeren.

Fordi du fortener lærebøker på nynorsk dersom du vil ha det. Både lovfestinga av den retten på 1970-talet, og det at retten i dag i stor grad vert handheva, er resultat av omfattande målungdomsstreikar. Men framleis vert denne retten broten kvar einaste haust – kampen må vinnast om att og om att!

Fordi du fortener eksamensoppgåver på nynorsk dersom du bed om det. Når du skal opp til eksamen på høgskulen eller universitetet ditt, skal du sleppa å bruka tid på å omsetja fagtermar frå bokmål – eller i verste fall måtta gissa kva ei halvhjarta nynorskomsetjing skal tyda.

Fordi du fortener å bruka nynorsk i kvardagen. Å ha reell moglegheit til å velja nynorsk, inneber å kunna bruka språket i alle samanhengar. På mange område er det uproblematisk, men me jobbar stadig med å opna nye domene. Seinast i haust fekk me til dømes gjennomslag for kravet om å få spela Wordfeud på nynorsk.

Fordi du fortener å møta nynorsk i kvardagen. Skal du få ein ærleg sjanse til å læra nynorsk – anten du har det som hovudmål eller sidemål – held det ikkje berre å få bruka det sjølv; du må sjå det rundt deg også. Då er det jaggu flaks me har ein ungdomsorganisasjon som – mellom anna – jobbar for å oppheva nynorskforbodet i VG og Dagbladet.

Fordi du fortener sjansen til Ã¥ støtta nynorsken, sjølv om du kanskje ikkje er sÃ¥ god i nynorsk sjølv. Av og til spør folk meg: «Kan eg vera med i NMU, eg som har bokmÃ¥l som hovudmÃ¥l / som er sÃ¥ dÃ¥rleg i nynorsk / som ikkje kan nynorsk eingong?» Svaret er JA. De skulle berre visst kor dÃ¥rleg eg var i nynorsk dÃ¥ eg melde meg inn …

Fordi du fortener språkleg likestilling. Uansett om du skriv nynorsk eller bokmål, burde du sleppa å verta diskriminert og motarbeidd for det. Den språklege likestillinga har vore offisielt vedteken i Noreg sidan 1885. Det er på høg tid å realisera henne.

Fordi du fortener respekt for dialekten din. Noreg ligg langt framme når det gjeld likeverd for ulike dialektar, men me har framleis eit stykke igjen. Til dømes verkar det av og til som at enkelte trur dialektar er noko som finst i vest og i nord, men ikkje på Austlandet. Det er uendeleg feil – og det er ein viktig jobb å lyfta fram og gjera stas på dei dialektane som vanlegvis ikkje får så mykje kjærleg omtale.

Fordi du fortener at nokon gjer den viktige jobben. Kvart år vitjar me ei rekkje skular for å spreia kunnskap og utfordra haldningar og fordommar. Tilbakemeldingane frå lærarar og elevar er svært gode – men det kjem altså ikkje av seg sjølv. Nokon må gjera jobben. Jo fleire som er med og støttar oss, jo meir god jobb får me gjort.

Fordi du fortener å vera med i verdas herlegaste ungdomsorganisasjon. Dette vil sikkert alle leiarar seia om sine eigne organisasjonar, men eg trur sanneleg det er eg som har rett. Kjekkare ungdom enn målungdomar har eg aldri hatt med å gjera. Og det aller meste eg har lært, har eg lært av andre målungdomar. Så for din eigen del: Bruk sjansen medan du enno har han, og gjer deg til målungdom, du òg!

Korleis? Send kodeord NMU100 + namn, e-post og fødeår til 2090 (100,-), så gjeld medlemskapet ut 2013. Verre er det ikkje – velkomen skal du vera!

PS: Enkelte mobilabonnement tillèt ikkje SMS-betaling. Så om du får feilmelding: Overfør 100 kr til 3450.65.48618 innan tidsfristen i morgon nyttårsaftan (som regel kl 13 eller 14), og vips, så ordnar alt seg.

Dette innlegget vart lagt inn i målsak med merkelappane , , , , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Opphavsfeil: Vebjørn Sture. Alle varmrettar må reserverast.
Denne sida køyrer Wordpress. Sjølv plar eg sykla.