Berre eit tal?

«Ingebrigtsen (37) og jente (17) til sengs, hva så?», spør ein pensjonert avisredaktør, og han er langt frå den einaste. Samstundes har aviser aviser og kringkastarar i stor grad kverna på heilt spegelvendt argumentasjon. Felles for båe sider er at dei ikkje ser ubalansen for berre alder.

Lat meg fyrst gjera nokre krystallklåre atterhald: Eg veit ikkje alt kva som har skjedd i Roger Ingebrigtsen-saka. Eg veit ikkje om dette kjem opp no for å avgjera ein tett nominasjonskamp, slik somme hevdar. Eg veit heller ikkje korleis forholdet mellom Ingebrigtsen og den då 17 år gamle jenta var, noko som nesten må vera ein føresetnad for å dra bastante konklusjonar om denne einskildsaka.

Det eg derimot kan seia noko om, er kva juridisk ansvar og moralske plikter som fylgjer med makt, erfaring og posisjonar i ein organisasjon, og særleg ein organisasjon som omfattar ungdom. Det er nemleg dette som forklarer det prinsipielt problematiske ved Ingebrigtsens fortid – både moralsk, og moglegvis også strafferettsleg.

I 2004, då Ingebrigtsen og jenta skal ha hatt eit seksuelt forhold, var Ingebrigtsen fylkesråd for Arbeidarpartiet. Ei slik rolle i seg sjølv gjer innehavaren til eit førebilete og ein autoritet for andre – særleg for ungdomsaktivistane i partiet. Uansett kva verv ei 17 år gamal jente på det tidspunktet måtte ha i AUF, vil maktbalansen mellom ein 17-åring og ein fylkesråd vera mildt sagt ujamn. At fylkesråden då i tillegg er tjue år eldre, gjer ikkje ubalansen mindre.

I slike situasjonar er det naturlegvis ikkje slik at den yngste og uerfarne parten alltid og utan vilkår ser opp til den andre, men det er uansett noko som den eldste og mektigaste må ta høgd for. Ikkje åleine fordi aldersskilnaden er stor, men fordi aldersskilnaden forsterkar det asymmetriske maktforholdet. Ein 17-åring har som regel tilnærma null politisk erfaring jamført med ein 37-årig fylkesråd. Her kan me også føya til at Ingebrigtsen tidlegare hadde vore statssekretær.

Dette tyder ikkje at vaksne menn i maktposisjonar skal vegra seg for å ha kontakt med ungdomar i den same organisasjonen. Poenget er at dei lyt vera merksame på kva rolle dei har overfor ungdomane, og vera svært varsame med eventuell intimitet. Skulle dei på noko tidspunkt vurdera å inngå eit seksuelt forhold, bør dei vera hundre prosent sikre på at rolla, makta eller posisjonen deira ikkje har hatt noko å seia for motparten si deltaking i forholdet. Og for å ha det sagt: Det vil dei sjeldan kunna vera.

Dette prinsippet er ikkje berre eit moralsk spørsmål. Det er, som eg har hinta om, kanskje også strafferettsleg. Eg er ingen jurist, så eg veit ikkje nøyaktig korleis det vert praktisert av påtalemakter og rettsinstansar, men paragraf 193 i straffelova nemner nettopp dei tinga eg har vore innom. Lat meg sitera:

Den som skaffer seg […] seksuell omgang ved misbruk av stilling […] eller tillitsforhold, straffes med fengsel inntil 6 år.

Kva som ligg i «skaffer seg» her, er advokatmat. Eg har sjølvsagt fint lite grunnlag for å meina noko om kor vidt Ingebrigtsen kjem inn under denne definisjonen, for eg kjenner som sagt ikkje til detaljane i denne einskildsaka. Men på generelt grunnlag er det altså slik, for å seia det litt folkeleg, at dersom du utnyttar posisjonen din til å få deg noko, så er du på kant med lovverket. Og er du usikker – dersom du til dømes står høgt over motparten i både rang, alder og erfaring, og jamvel er eit førebilete for vedkomande, men ikkje heilt veit om dette bidreg til at vedkomande vil gå til sengs med deg – så er du i beste fall i ei gråsone.

Difor er argumentasjonen frå fleire kantar i denne saka litt for lettvint. Å avfeia aldersskilnaden med at jenta var over seksuell lågalder, er å hoppa bukk over ei rekkje andre relevante variablar. Å dømma Ingebrigtsen utelukkande for aldersskilnaden, utan å kjenna til andre detaljar i saka, er også litt for enkelt – for kva veit vel me utanforståande om kva slags personlegdomar partane har, så vel som kva organisatorisk tilknyting dei hadde seg i mellom internt i partiet?

Det me kan seia, på bakgrunn av den noko avgrensa saksinformasjonen, er at asymmetrien mellom rollene dei to hadde i Arbeidarpartiet er påfallande. Likeins må det vera lov å spørja seg kor vidt det å inngå eit seksuelt forhold med ein så ung og urøynd partifelle vitnar om god rolleforståing. Nettopp det å forstå si eiga rolle, andre si rolle, og tilhøva mellom desse, trengst for å kunna forvalta den sosiale makta som ligg i å ha eit stortingsverv. Og i den samanhengen er faktisk ikkje alderen alltid berre eit tal.

Dette innlegget vart lagt inn i ikkje-kategorisert med merkelappane , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Opphavsfeil: Vebjørn Sture. Alle varmrettar må reserverast.
Denne sida køyrer Wordpress. Sjølv plar eg sykla.