Landslag for språkleg famling

«[F]ull likestilling mellom bokmål og nynorsk», forlangar Landslaget for språklig samling (LSS) i prinsipprogrammet sitt. Det hindrar dei tydelegvis ikkje i å prisa det nynorsksensurerande Dagbladet for «god og radikal» språkbruk.

Nyleg vart det nemleg kjent at LSS har vedteke å gje Esther Refsdals minnepris for god offentlig språkbruk til Dagbladet. «Dagbladet får prisen for sin bruk av radikale bokmålsformer», skriv samnorskforkjemparane i grunngjevinga.

Ja vel? I artikkelen Dagbladet sjølv har publisert om saka, finn eg ved litt kjapp skumlesing ti ulike døme på ord der det finst radikale og konservative former å velja mellom. I sju av tilfella vel Dagbladet dei riksmålsnære formene:

fornøyd > fornøgd
en hedersbemerkning > ei hedersbemerkning
ble > blei
mener > meiner
tilpasset > tilpassa
annet > anna
en liste > ei liste

Berre i to av ti tilfelle vel Dagbladet dei radikale formene som dei no får pris for:

sent < seint
fremgår < framgår

Den som er rask i hovudrekning ser at me då har eitt tilfelle igjen, og der vert det uavgjort. Dagbladet skriv nemleg ei (språk)form i ubunde eintal, men formen i bunde eintal.

Som litt kuriøst språksnacks kan me jo visseleg også lura på kor vidt «ledelese» eller konsekvent bruk av bindestrek som substitutt for tanke-/sitatstrek, kvalifiserer til «god offentlig språkbruk». Men la gå. Språkvask og korrektur er for så vidt to ulike korger, og kjernen i saka er viktigare: Dagbladets nynorskforbod undergrev LSS' sjølverklærte mål om full språkleg likestilling.

Så kan ein alltids innvenda med at prisen, i fylgje LSS, skal premiera språkbruk som «kan inneholde dialektale elementer, men skal i hovedsak være ei form for radikalt bokmål». Kor vidt dette føremålet er i tråd med LSS&#39 prinsipprogram, eller kor vidt Dagbladet (som i den nemnde artikkelen vel riksmålsformer i 75 % av tilfella) faktisk skriv radikalt bokmål, kan diskuterast. Men det heiter uansett også at prisen skal gå til «personer eller institusjoner som i media og offentlig språkbruk markerer seg med ei folkelig språkform i samsvar med moderne norsk språkutvikling.»

Då vert spørsmålet: Er redaksjonelle nynorskforbod i samsvar med moderne norsk språkutvikling? Er ein riksmålsnær og einsretta bokmålspraksis noko me kan kalla «ei folkelig språkform»? Det forundrar meg at ein organisasjon som hevdar å vera for full språkleg likestilling kan svara ja på dette.

Dette innlegget vart lagt inn i målsak med merkelappane , , , , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Opphavsfeil: Vebjørn Sture. Alle varmrettar må reserverast.
Denne sida køyrer Wordpress. Sjølv plar eg sykla.