Våren er på veg

Laurdag kveld vart den etterlengta nynorskutgåva av Wordfeud lansert. Det er ikkje berre ei morosam hending for målfolket, det er også eit viktig gjennombrot for nynorsk på mobile plattformer.

Ei svale gjer ingen sumar, vil somme påstå, og det gjerne med rette. Wordfeud åleine kan ikkje revolusjonera den norske målstoda. Men når den kalde bokmålsvinteren har halde mobil-nynorsken fastfrosen i lange tider, er sjølv den einslege svala eit gledeleg og viktig vårteikn.

Det handlar nemleg om å sprengja barrierar, om å få innpass på nye domene. Det tek tid, det går trått, men det fungerer over tid. Me har sett det i dataverda dei siste femten åra. Der det på slutten av nittitalet var temmeleg skrint med programvare og operativsystem på nynorsk, er det no fullt mogleg å bada seg sjølv i nynorsk på PC-en. Nokre språkpakkar her og innstillingar der, og vips, så plaskar du frydefullt rundt mellom «nettverksinnstillingar», «passordhandsamaren» og det som betre er.

Mobiltelefonane, og då særleg smarttelefonane, er ein del yngre – og dimed har ikkje nynorsken heilt vunne innpass der. Som i dataverda har det meste byrja på engelsk, og når det kjem på noko me kan kalla «norsk», har det i utgangspunktet vore på bokmål. Oppskrifta er den same, anten det er snakk om sjølve operativsystema eller dei talrike applikasjonane. Fram til no.

Med Wordfeud kjem nynorsken inn i marknaden med eit smell. Jamvel om den verste Wordfeud-farsotten frå i vinter har lagt seg, er Wordfeud framleis ein av dei mest nedlasta applikasjonane. Min spådom er då også at den siste oppdateringa med nynorskordliste vil fungera for den norske Wordfeud-interessen som issprayen fungerer for ein nytakla fotballspelar – rett opp, og full fart på ny. Nynorskbrukarane har endeleg vorte fridde til, og bokmålsbrukarar som har gått leie av bokmålsversjonen har fått ei ny utfordring. Vinn-vinn-situasjon, kallar me slikt.

Eg kunne også nemnt mykje om korleis Wordfeud no kan verta eit morosamt verktøy for ordtilfangstrening i skulen, eller korleis Wordfeud no brøytar veg som mange kan – og truleg vil – fylgja etter i. Men for å gjera det kort her, skal eg avrunda med dei to tinga som kanskje er aller viktigast ved denne saka.

For det fyrste viser Wordfeud-saka at det å kjempa for språket sitt faktisk fungerer. Målungdommen sette saka på dagsorden under landsmøtet vårt i mars, og mellom fleire andre som har halde saka varm, er det på sin plass å dra fram lokallaget vårt på Eid, som utpå seinvåren rotta seg i hop med ordførar Alfred Bjørlo for å fronta den same saka. Når gode krefter trekkjer i same retning, kjem resultata.

For det andre er denne sigeren med på å gjera nynorsk meir synleg som eit allbruksspråk i kvardagen. Nynorsk kan og bør brukast til alt, både for språket i seg sjølv, men ikkje minst for nynorskbrukarane sin del. Å møta språket sitt i kvardagen – og på alle samfunnsområde – er viktig for å halda språkdugleiken så vel som den språklege sjølvkjensla intakt. Der viser Wordfeud seg no som eit svært godt føredøme, som vonleg og truleg vert det fyrste i ei lang, lang rekkje.

Dette innlegget vart lagt inn i målsak med merkelappane , , , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Opphavsfeil: Vebjørn Sture. Alle varmrettar må reserverast.
Denne sida køyrer Wordpress. Sjølv plar eg sykla.