Blås i det før eg gjer det sjølv

Eg har køyrt for fort, piratkopiert musikk og snike på bussen. Med andre ord har eg brote tilliten samfunnet har vist meg i form av førarkort, internettilgang og kollektivtilbod. Det har sannsynlegvis du også.

Lat meg gissa at dei fleste – med rette – meiner at dette er bagatellar, ja, jamvel godt materiale for muntre kvardagsanekdotar. Me tilgjev så gjerne kvarandre, for det er jo ikkje så nøye. Jaggu tilgjev me toppolitikarar også, så lenge dei held seg til desse nemnde lovbrota.

Så snart det er snakk om narkotika, er det derimot slutt på godviljen. Alle som ikkje bur i ei øskje på fjellet har fått med seg saka om Ap-politikaren Thor Erik Forsberg, som har stått fram som tidlegare cannabisbrukar. Med eitt er han uaktuell for attval, og partiet tykkjest mest opptekne av tillitsbrotet han visstnok har gjort seg skuldig i.

Kva slags tillitsbrot snakkar me eigentleg om? Har Forsberg utsett andre for livsfare (råkøyring), sabotert levebrødet deira (piratkopiering) eller snylta på skatte- og billettpengane deira (sniking)? Slik som du og eg? Nei. Han har – etter at sambuaren døydde – røykt hasj for å takla angst og svevnproblem. Korkje meir eller mindre.

Sjølve narkotikapolitikken skal få liggja denne gongen, det er ein eigen diskusjon. Den doble moralismen, derimot, er det på høg tid å ta livet av.

For kvifor er bruk (eller misbruk) av cannabis diskvalifiserande i ein stortingsnominasjon? Kvifor er det eit tillitsbrot? Kven har nokon gong gått til val på å vera ein plettfri Jesus? Eg finn ingen gode svar. Så kva for ein tillit er det då Forsberg har brote?

Har han brote eit løfte til veljarane? Det kan vel henda han har gjort, men ikkje i denne saka. Dessutan er det, ironisk nok, ingen i Ap-leiinga som snakkar om tillitsbrot når stortingsrepresentantane deira bryt sine eigne valløfte. Bryr ikkje veljarane ved urna seg om politikarane sitt politiske truverde, så lenge det moralistiske truverdet er i orden? Det er i beste fall ein syltynn teori.

Etter vanleg norsk medieskapt politisk moralisme, heiter det seg også at politikarane må fylgja dei lovene dei sjølv vedtek. Liv og lære, heiter den heilage kua. Det er også eit heilt sjølvsagt krav; alle i Noreg skal fylgja norsk lov. Men politikarar som bryt lova – eller rettare sagt: som bryt feil lover – vert sanksjonerte på svært urimelege måtar.

Vert eg teken i å køyra for fort, eller å røykja hasj, får eg mi tilmålte straff. Straffa skal vera lik, uansett om eg arbeider på fabrikk eller storting. Så kvifor skal politikarane ileggjast ekstrasanksjonar? Om det er respekta for lovene som er så viktig, kva skjedde med respekta for at rettsvesenet og straffelovgjevinga tek seg av lovbrytarar?

Som fråhaldsmann har det vore enkelt for meg å kokettera med at eg aldri skal prøva noko narkotisk stoff. Kanskje har det vore litt for enkelt. Dersom eg på noko tidspunkt skulle koma i skade for å verta politikar, samstundes som det vart stilt like dobbeltmoralske og skinnheilage krav til dei folkevalde som det Thor Erik Forsberg vert utsett for, så trur eg jaggu eg måtte hatt meg ein blås for å roa nervene, eg òg.

Dette innlegget vart lagt inn i politikk med merkelappane , , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Opphavsfeil: Vebjørn Sture. Alle varmrettar må reserverast.
Denne sida køyrer Wordpress. Sjølv plar eg sykla.