Farvel til ein eller annan gubbe

Å vera gamal og gå lei av å stå for noko, er for så vidt ei ærleg sak. Det sluttar det å vera i den augeblinken du framstiller det som ei uegoistisk, rasjonell sjølvfornying til det beste for samfunnet.

For det er nettopp dette Tore Nedrebø gjer når han på Vox Publica tek eit oppgjer med sitt eige tidlegare hovudmål. Tospråklegheit er «unødvendig, skadeleg og dyrt», hevdar Nedrebø, og grunngjev med det fylgjande: At den nye rettskrivingsnorma er vanskelegare enn den gamle, at nynorskbrukarane vert stadig færre og stadig mindre flinke i nynorsk, at folk flest er for dårlege i bokmål (!), at nynorsken «historisk sett er eit uttrykk for norsk nasjonalisme», og at lesarane hans er for dumme til å forstå nynorsk – slik at det er «egoistisk» av han å «påtvinga» lesarane eit anna språk enn det dei forstår, av reint identitetsmessige grunnar.

Nedrebø grunngjev ikkje kvifor tospråklegheit er «unødvendig» – ei heller kva han meiner er naudsynt – så det er inntil vidare vanskeleg å ha ein fruktbar diskusjon om. Heilt kort vil eg poengtera at det aller meste me held oss med her i landet, ikkje er naudsynt etter strengt basale definisjonar.

Påstanden om at tospråklegheit er skadeleg, er ein langt grøvre påstand, som Nedrebø heller ikkje underbyggjer på noko vis. I mellomtida er det vel passande å minna om at tospråklegheit gjev lettare tredjespråkslæring, så vel som å førebyggja Alzheimers.

At tospråklegheit er dyrt er eit svært vanleg argument i norsk språkdebatt, utan at nokon har vist noko truverdig reknestykke som kan sannsynleggjera påstanden. Ei heller har eg sett nokon føra sivilisert argumentasjon for at det er illegitimt å løyva eit rimeleg nivå av ekstrakostnader for å oppretthalda eit minimum av språkleg fridom og språklege rettar.

Til resten av poenga hans, vil eg avgrensa meg til å seia dette:

– Den nye rettskrivingsnorma er korkje stort vanskelegare eller enklare enn den gamle. Ã… bruka reforma som eit pÃ¥skot til Ã¥ byta, framstÃ¥r som vikarierande argumentasjon.

– Det er feil at nynorskbrukarane vert færre og færre. 12,4 % av folket skreiv nynorsk dagleg i 1995. Omrekna til konkrete tal: drygt 540 000. I 2005 var prosenten 13, noko som med folkeauken vil seia at det konkrete talet var 600 000. (SprÃ¥kfakta 2010)

– At nynorskbrukarane vert stadig mindre flinke i nynorsk (og at bokmÃ¥lsbrukarane slit nok med Ã¥ læra seg bokmÃ¥l) framstÃ¥r i beste fall som synsing. Nedrebø sannsynleggjer heller ikkje at Ã¥ avskaffa nynorsk vil gjera folk flinkare i bokmÃ¥l – ein type tenking som forlengst har hamna pÃ¥ den sprÃ¥kforskingshistoriske skraphaugen (for dei uinformerte: googla «separate underlying proficiency»).

– Nedrebø definerer ikkje «norsk nasjonalisme», utover at skepsisen hans skin klÃ¥rt gjennom. Men om nynorsk er «norsk nasjonalisme», sÃ¥ er vel andre harmløyser som Drillos, handballjentene og 17. mai-toget det same – utan at det i seg sjølv gjer omgrepet diskrediterande. Om Nedrebø med nasjonalisme siktar til nasjonalsjÃ¥vinisme eller anna etnosentrisk svineri, sÃ¥ er det mildt sagt skivebom. I den grad noko norsk skriftsprÃ¥k representerer noka som helst form for sjÃ¥vinisme, er det mest nærliggjande Ã¥ sitera Knud Knudsen, bokmÃ¥lets far: «Denne dannede Klasse [er] i Besiddelse af den største Dannelse og aandelige Magt, saa det ikke er rimeligt, at den skulde ville bøje sig for Almuen og lære sig eller sine Barn at tale som de, hvilke den ellers leder og aandeligen behersker»

– Dersom Nedrebø sine lesarar slit med Ã¥ forstÃ¥ han nÃ¥r han skriv nynorsk, er mitt korte svar at dei i sÃ¥ fall har svært godt av den treninga dei kan fÃ¥. Ã… kalla utøving av sprÃ¥kleg fridom for egoisme, vitnar i hovudsak om manglande liberale ryggmargsrefleksar.

Tore Nedrebø – som alle andre – kan fritt velja skriftspråk. Ingen treng å forsvara målbytet sitt, korkje for meg eller nokon annan, ei heller for seg sjølv. Det er likevel det Nedrebø ser ut til å gjera, for open mikrofon. Det hadde det heller ikkje vore noko gale i, om ikkje det var for at rettferdiggjeringa hans i all hovudsak gjekk ut på å rosemåla seg sjølv på kostnad av nynorsken.

Nedrebø kjem nemleg ikkje med eit einaste gyldig eller sannferdig argument. Det han ber til torgs er kort fortalt ei samling bortforklarande falsum, tilsynelatande for å legitimera det noko postmature målbytet hans som ei nær altruistisk handling til det beste for fellesskapen.

Farvel til nynorsken, titulerer han innlegget sitt, som han avsluttar med å ynskja nynorsken «ein stille død». Kan henda er det eit farvel for hans eigen del – men nynorsken lever i alle fall vidare i beste velgåande. For nynorsken sin del er dette fyrst og fremst eit farvel med ein eller annan forgubba professor. Det avskilet er nok til å leva med.

Dette innlegget vart lagt inn i målsak med merkelappane , , . Bokmerk fastlenkja.

2 svar til Farvel til ein eller annan gubbe

  1. På Vox Publica-nettstaden (http://voxpublica.no/2012/08/farvel-til-nynorsken/) har eg lagt igjen følgjande svar til ovanståande:

    Eg vedgår gjerne at ovanståande innlegg ikkje er det mest saklege eller best dokumenterte eg nokon gong har skrive. Men eg fokuserer trass alt på saka, om enn med ein personleg vri, mens Vebjørn Sture kjem med ein svært personretta (og til dels feilaktig) kommentar. Det burde leiaren i Målungdommen halda seg for god til.

    Men tilbake til saka: Vebjørn har rett i at statistikken han viser til (Språkfakta 2010) ikkje gir eit så eintydig bilde av tilbakegong for nynorsken som eg trudde. Men hovudtendensen 1952-2005 er likevel fallande, særleg på individnivå. Kor god statistikken er, kan også diskuterast.

    Og så blir nynorsken meir og meir eit vestlandsfenomen. Der vil eg presisera at min situasjon er at dei eg skriv for, i stor grad er bokmålsbrukarar, og at det har påverka standpunket mitt. Hadde eg budd på Vestlandet, og spesielt utanfor dei største byane, hadde det vore noko anna. Eg merkar jo dessutan nå at det ikkje fell meg veldig naturleg ennå å skriva bokmål. Det er nok her alderen spelar sterkast inn…

    La meg også presisera at eg ikkje har skrive, eller meiner, at alle nynorskbrukarar er nasjonalistar. Eg skreiv at nynorsk historisk sett er eit uttrykk for norsk nasjonalisme. Språket voks som kjent fram som del av norskdomsrørsla på slutten av attenhundretalet og i stor grad i protest mot det danskprega riksmålet.

    Eg har googla “separate underlying proficiency”. For meg ser det ut til at poenget her (i den grad det er noko) er at menneske kan læra seg fleire språk utan at det eine går ut over det andre, kanskje snarare tvert i mot. Det har eg ingen problem med, har til og med opplevd det sjølv. Men påstanden min (utan at eg kan visa til forskingsbelegg her og nå) er at bokmål og nynorsk ikkje er forskjellige språk, men så like at det er vanskelegare å læra seg minoritetsspråket enn om det hadde dreia seg om forskjellige språk. Derfor trur eg altså at ressursane hadde vore betre brukte på å læra folk eitt norsk språk godt. For det er utan tvil også mykje dårleg bokmål der ute.

    Til slutt: Eg driv ikkje kampanje. Eg prøver ikkje å få andre til å gjera som meg. Men eg har peika på nokre utfordringar som eg trur mange nynorskbrukarar går og kjenner på. Målrørsla skyt seg sjølv i foten om ein ikkje tar dette på alvor, men svarar med personåtak som Vebjørn Sture gjer.

  2. Vebjørn seier:

    Fyrst, om «personÃ¥tak»-skuldingane: Svarinnlegget mitt er ikkje «svært personretta», slik du hevdar. Det aller meste eg skriv er svar pÃ¥ pÃ¥standane du kjem med i det fyrste innlegget ditt. At tittelen og sisteavsnittet kan lesast som personÃ¥tak, kan eg derimot godt forstÃ¥, i minsto om ein les det ut av kontekst, og eg kan godt vera einig i at eg burde unngÃ¥tt omgrep som «gubbe» og «forgubba». Sjølve omgrepa speler pÃ¥ fyrstesetninga mi, som ikkje handlar særskilt om deg, men eg ser no at den linken var tydelegare for meg dÃ¥ eg skreiv enn kva han er for dei som les.

    NÃ¥r det er sagt, sÃ¥ ville eg vore litt varsam med skuldingar om usakleg argumentasjon, var eg deg, jfr. at din eigen argumentasjon ikkje akkurat var plettfri. Ã… framstilla det Ã¥ skriva nynorsk som «egoistisk» (eller Ã¥ koma med vage nasjonalisme-skuldingar) er eit kollektivt og usakleg Ã¥tak pÃ¥ dei som skriv nynorsk. Me sit i det same glashuset, du og eg.

    Men ok, for å koma tilbake til det både du og eg eigentleg vil diskutera: saka. Her er nokre direkte svar, og nokre meir generelle tankar og utdjupingar:

    – Statistikken over kor mykje nynorsken er i bruk, kan lesast pÃ¥ svært mange mÃ¥tar. Biletet er ikkje einsidig. Det vert ikkje færre nynorskbrukarar i absolutte tal, men styrkeforholdet vs bokmÃ¥l endrar seg negativt, fordi talet pÃ¥ bokmÃ¥lsbrukarar aukar raskare enn nynorskbrukarar. Men jamt over er me, og har dei siste par-tre tiÃ¥ra vore, inne i ein historisk stabil periode for nynorsken. Litt forenkla kan ein seia at fyrste den store framgangen kom dei fyrste fire tiÃ¥ra av 1900-talet, nedgangen dei neste fire. Deretter utflating.

    – At nynorsken er pÃ¥ retur utanfor vestlandet handlar mykje om at nynorsken (til no) har slite med fotfestet i byane. Distrikta orienterer seg mot byane, ogsÃ¥ sprÃ¥kleg. Det ser me ogsÃ¥ pÃ¥ vestlandet, til dømes rundt Bergen og Stavanger. PÃ¥ austlandet har soknar sÃ¥ godt som alle nynorskomrÃ¥da til bokmÃ¥lssentra, noko som gjer at nynorsken vert meir sÃ¥rbar der. Meir bruk av nynorsk i byar generelt, og austlandsbyar spesielt, er ein av fleire medisinar som mÃ¥ til. Eg meiner ikkje med dette at det er di personlege plikt Ã¥ ta den kampen, men det er i det minste verdt Ã¥ tenkja pÃ¥ – for oss alle – at det Ã¥ slutta Ã¥ skriva nynorsk i Oslo fordi det er sÃ¥ fÃ¥ som skriv nynorsk i aust, forsterkar nettopp den Ã¥rsaka, og sÃ¥leis gÃ¥r det i sirkel.

    – Nasjonalisme: Du nemnde nasjonalisme-greia som ein grunn til Ã¥ velja bort nynorsk. Det kan vanskeleg tolkast i positiv retning, og nasjonalisme i negativ forstand er ein merkelapp dei færraste vil vera komfortable med. Dersom ein legg den kulturrelativistiske definisjonen av nasjonalisme til grunn (t.d.: «me bør ta vare pÃ¥ og bera vidare nynorsken, fordi han er ein viktig del av vÃ¥rt bidrag til det globale, jamverdige kulturmangfaldet»), kan du fint seia at nynorsken er eit uttrykk for norsk nasjonalisme. Legg du derimot den sjÃ¥vinistiske definisjonen til grunn (t.d.: «vÃ¥rt sprÃ¥k og vÃ¥r kultur er betre og meir verd enn dei andre sprÃ¥ka og kulturane i verda»), er omgrepet heilt fjernt frÃ¥ dei ideane nynorsken er tufta pÃ¥.

    Når du då nemner nasjonalisme uspesifisert er eit argument mot å skriva nynorsk, er det vanskeleg å tolka deg som at du meiner noko positivt med nasjonalismeomgrepet. Då står me igjen med assosiasjonane til sjåvinismen (og det som verre er), og jamvel om det kanskje ikkje var intensjonen, så er det lett å oppfatta det som vag brunskvetting.

    – Dersom bokmÃ¥l og nynorsk vert lært bort som to utgÃ¥ver av same sprÃ¥ket, sÃ¥ kan eg forstÃ¥ at folk synest det er vanskeleg Ã¥ skilja mellom dei. Men nynorsk og bokmÃ¥l har altsÃ¥ kvar sine sett med reglar, grammatikk, ordtilfang, ortografi, og sÃ¥ bortetter. Lærer ein nynorsk som eit sjølvstendig skriftsprÃ¥k, og ikkje med utgangspunkt i «skriv pÃ¥ bokmÃ¥l og byt ut desse og desse og desse orda»-metoden, er mi erfaring at det Ã¥ læra begge gjer deg betre i begge.

    – Ã… kalla tosprÃ¥klegheita for unødvendig, skadeleg og dyr, og deretter framheva personlege mÃ¥lbyte som mÃ¥ten Ã¥ ta livet av sprÃ¥ket pÃ¥, er faktisk Ã¥ driva kampanje, uansett om det var intensjonen eller ikkje.

    – At mÃ¥lrørsla ikkje tek mÃ¥lbyte frÃ¥ nynorsk til bokmÃ¥l pÃ¥ alvor … vel, det er ein vanleg pÃ¥stand, som ikkje sjeldan dukkar opp nÃ¥r representantar for mÃ¥lrørsla er uærbødige nok til Ã¥ bruka nokre minutt pÃ¥ Ã¥ svara dei som gÃ¥r til frontalÃ¥tak pÃ¥ nynorsken. Eit særleg sakleg argument er det ikkje (apropos glashuset …), dÃ¥ det Ã¥ kartleggja, skaffa kunnskap om og motverka mÃ¥lbytet frÃ¥ nynorsk til bokmÃ¥l er ei av dei sakene rørsla har konsentrert mest ressursar om dei seinare Ã¥ra. Me har initiert, finansiert og gjennomført omfattande prosjekt i m.a. Hordaland og Valdres, og me reiser Ã¥rleg pÃ¥ skulevitjingar for Ã¥ snakka med og vekkja medvit hjÃ¥ tusenvis av elevar – til svært gode tilbakemeldingar frÃ¥ bÃ¥de elevar og lærarar.

    Med andre ord: Eg kan forsikra deg om at utfordringane nynorskelevar og nynorskbrukarar står overfor, har svært høg prioritet både i Mållaget og hjå oss i Målungdomen. Éi av mange slike utfordringar, er at ein nynorskbrukar må rekna med å forsvara målvalet sitt jamleg, både overfor andre, og overfor seg sjølv, til dømes når ein les så klåre åtak på språket sitt som blogginnlegget ditt er. Då finn eg det stundom verdt å svara, om ikkje anna, så for å tilbakevisa ein del av dei åtaka som kan få dei (nynorskbrukarane) som les til å tru vondt om sitt eige mål. Å svara på slikt hindrar meg ikkje i å arbeida lange dagar og seine kveldar med å få folk til å halda på (og stundom jamvel velja seg) nynorsken. Dette var nok ikkje siste gongen eg sende slikt svar, jamvel om eg neste gong nok bør telja eit par ekstra gonger til ti før eg skriv.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Opphavsfeil: Vebjørn Sture. Alle varmrettar må reserverast.
Denne sida køyrer Wordpress. Sjølv plar eg sykla.