Nokre paula ord

Ei ny nynorskrettskriving er innførd, men elles er mykje ved det gamle. Ordbøkene er forseinka, målfolk er misnøgde av kvar sine grunnar, og språkrådssjefen meiner det heile er ein kanonsuksess av historiske dimensjonar. Det er tid for å gjera opp status, plukka nokre høner, og så retta blikket framover.

Det er så uendeleg mykje eg kunne ha skrive om dette emnet. I utgangspunktet har eg vore kronisk mett av heile saka sidan landsmøtesjauen i 2008 (kjem tilbake til det), samstundes som eg jo har meiningar om dei aller fleste fasettar av saka. Skulle eg skrive utfyllande om gamlenorma, nyenorma, fraksjonane, landsmøta, Språkrådet, prosessen, mandatet, og ikkje minst korleis eg sjølv ville laga norma, hadde eg aldri vorte ferdig. Det som står under her streifar berre så vidt innom ein del av det. Fyrst og fremst fordi eg vil prøva å sjå framover og få det beste ut av situasjonen, enn kor freistande det er å ri alle kjepphestar, og bretta ut alle detaljane om alt alle ideelt sett burde ha høyrt og visst. Og eg merkar at eg slit – sjølv dette vesle stykket, jamvel dette spesifikke avsnittet, har vorte langt lengre enn kva eg trur nokon likar å lesa. Du får sjå det som ein litt ufullkomen freistnad på å oppsummera noko som er altfor omfattande til å kunna oppsummerast fullgodt i så korte vendingar at det framleis er ei oppsummering.

Kvar står me?
Status fyrst: Den nye rettskrivinga er innførd, med alle sine fordelar og ulemper. Me kan gle oss over at ei setning som «nokre vener slåst», som før kunne skrivast på 48 ulike måtar, no er stramma inn til 8 ulike skrivemåtar. Samstundes kan me ergra oss over at «me ynskjer dykk god jul» no kan skrivast på 32 måtar, mot 8 tidlegare.

Og slik går nu dagan. Frå den konservative leiren er slagordet «normoppløysing», frå motsett side er mantraet «vestlandifisering». Eg meiner båe innvendingane er feil. Argumentet om normoppløysing kviler på ein premiss om at det var læreboknormalen – hovudformene – som var den einaste reelle valfridomen i den gamle norma. Det stemmer i teorien for offentleg forvalting, men det stemmer korkje folk flest, eller for hovudpersonane: skuleelevar. For desse vil den nye norma innebera færre valfrie former, som vonleg vil vera eit gode. Argumentet om vestlandsnynorsk held heller ikkje mål. Det vert for billeg å hevda at monoftongsortiet er å fjerna nynorsken frå austlandet, enn så lenge det finst lassevis med austlendingar som har fleire diftongar i dialekten enn kva eg sjølv har som vestlending.

Kva er så mi primære innvending mot den nye norma? Eg er då målmann, så eg er naturlegvis misnøgd, eg også. Misnøya mi kan kort oppsummerast med at den valfridomen som står att etter revisjonen, er fordelt på heilt feil område. Den enkle, lettlærte og systematiske valfridomen – til dømes kløyvd hokjønn (jenta, døri) og supinum på -i (har vori, skrivi) – har vorte kasta på båten. I staden har me fått like mykje – og stundom meir – valfridom på ein del andre område, der valfridomen er langt vanskelegare å hanskast med, særleg fordi han får ei rekkje uregelrette unnatak. Dimed må skuleelevar pugga remser med unnatak for einskildtilfelle, i staden for å læra konsekvente reglar som gjeld overalt. Det pedagogiske framsteget med færre valfrie former totalt vert til ein viss grad nulla ut av at innstrammingane ikkje er konsekvente. Til dømes kan eg framleis skriva om valfridomen eller forsøminga med éin m, medan innstramminga – ironisk nok – må skrivast med to.

Så må det også seiast: Reint statistisk flytter nynorsken seg, om me ser heile formrikdomen under eitt, endå nokre små steg mot bokmål. Ikkje på samnorskideologisk grunnlag, slik det var gjennom 1900-talet, men i form av at det å normera nynorsken «på sjølvstendig grunnlag», som det så fint heiter, har vorte tolka som «på grunnlag av bokmålspåverka talemålsendringar og skriftmålspraksis». Den nye norma er ikkje normert etter bokmålet direkte, men ho er normert etter eit grunnlag som til ein viss grad er påverka av bokmål. Det er for så vidt eit steg fram frå tidlegare tiders samnorskromantikk, men det er likevel inga heilomvending, slik opphevinga av samnorskpolitikken for ti år sidan kanskje hadde fått oss til å håpa på.

Alt i alt er reforma eit klassisk kompromiss, der dei fleste partane er ganske misnøgde, og sigerherren er ukritisk nok til å tolka nettopp det som eit kvalitetsteikn. I praksis vil dei fleste kunna halda fram med å skriva som dei skriv, og sidan nynorskopplæringa – både som hovudmål og sidemål – frå før av er ganske langt under kva du kunne forventa, kan det godt henda at revisjonen i praksis vil enda opp som eit lite framsteg for dei som skal læra nynorsk; i alle fall for dei som vert lærte opp etter «slå opp kvart einaste ord i ordboka utan å læra deg korleis språket heng i hop»-metoden. Det ergerlege er at dette var ein sjanse til å gjera langt større framsteg enn som så.

Plukk, plukk, plukk, sa høna på haugom
Same kva, eg nemnde at eg hadde nokre høner å plukka. Nokre skåp å setja på plass, nokre paula ord (for det heiter vel ikkje pauli lenger?), i fleire retningar. Lat oss ta det punktvis.

1. Den nye norma er eit politisk, ikkje administrativt ansvar

I normeringsdiskusjonen, særleg frå den konservative leiren, har det argumentative skytset gått urimeleg mykje mot den såkalla Riise-nemnda, som utarbeidde rettskrivinga. Norma vert i stor utstrekning, og med aldri så lite forakt, referert til som «Riise-normalen», som om heile reforma var Grete Riise sitt personlege verk. Om nokon måtte undra: Slik er det ikkje. Det var styret i Språkrådet som tok initiativet overfor styresmaktene til å starta prosessen. Det var styret i Språkrådet som vedtok innstillinga til ny norm. Og det var Kulturdepartementet som godkjende både reformprosessen og det endelege framlegget. Ansvaret (eller skulda, om du vil) for den nye norma, er eit politisk ansvar. Å retta skytset mot Riise og nemnda er såleis å la dei ansvarlege gå fri. Byggmeisteren rår ikkje over utforminga arkitekten har planlagt.

2. Rota til veike nemndsvurderingar ligg i eit veikt mandat

Det er for all del ei ærleg sak å markera usemje mot vala Riise-nemnda gjorde. Sjølv meiner eg nemnda i langt større grad burde driva normering, det vil seia freista setja opp ei norm for korleis folk bør skriva. I staden ser det ut som dei har halde seg til deskripsjon, altså å setja opp ei norm som skal vera mest mogleg i samsvar med korleis folk skriv frå før av. Det sistnemnde verkar nesten meiningslaust når me tenkjer på at sjølve fundamentet for reforma var ei utbreidd oppfatning av – og ganske høglydte protestar mot – at nynorsk hadde vorte for uoversynleg og vanskeleg å læra. Skulle den nye norma bøta på dagens utilfredsstillande praksis, seier det seg sjølv at den same utilfredsstillande praksisen ikkje burde leggjast til grunn for den nye praksisen.

Samstundes er det ikkje rettvist å gje Riise-nemnda skulda for dette. Dei hadde eit mandat å halda seg til, som utgjer sjølve kjernen i problemet. Mandatet, som mellom anna seier at den nye norma skulle vera «tydeleg, enkel og stram», er sjølv alt anna enn tydeleg, enkelt og stramt. Mandatet seier nemleg også at norma skulle tuftast på dei mest brukte formene – sjølv om dei mest brukte formene i sum ikkje dannar noko lettlært og konsekvent (eller tydeleg, enkelt og stramt) system.

3. Sjå monoftongen i ditt eige auge

Kven kan me så gje skulda for dette dårlege mandatet? Jau, me kan byrja med oss sjølve. Me som er misnøgde med resultatet burde protestert lenge før norma var ferdig utarbeidd. Tabben me gjorde, var å lesa mandatet med naive barneauge. Me såg «tydeleg, enkel og stram», men me oversåg at opphevinga av klammeformene – som også var spesifisert i mandatet – kunne føra til det motsette. Me såg at «norma skal vere lett å bruke», men me oversåg at frekvenspremissen ville stikka kjeppar i det same hjulet. For dei som er organiserte under Noregs Mållag, noko som vel gjeld dei fleste som protesterer, så oversåg me kor mykje fleirtalsvedtaket frå Noregs Mållag sitt landsmøte i 2008 ville få å seia. 2008-vedtaket er i forbløffande stort samsvar med den endelege norma. Det er openbert at Mållaget sitt normeringsvedtak frå 2008 har fått stort gjennomslag, og det burde me ha vore meir merksame på den gongen. Men ingen bad om omkamp i 2009, ei heller i 2010. Fyrst då norma var ferdig og høyringsrunden over, i 2011, kom opprøret, med reprise i 2012. Kort og godt: Motstandarane av den nye norma sov under sjølve prøven, og protesterte febrilsk etter skuletid, då læraren var gått heim.

4. Etterlysing: nøkterne realitetsvurderingar, saklege argument

Eg har alt sagt kva eg meiner om «normoppløysings»- eller «vestlandsnynorsk»-retorikken, likeins dei drypande sarkasmane som kjem i retning Riise-nemnda. Men tru no for all del ikkje at det berre er mållagsagitatorar som syndar på argumentasjonsfronten. Litt velfortent tyn lyt også delast ut til Ottar Grepstad, styreleiar i Språkrådet (og direktør for Nynorsk kultursentrum (og eks-mållagsaktivist)). På direktesendt radio 1. august prøvde han å skyta ned Arvid Langeland, den uomstridde hovdingen på konservativ side, ved å visa til at Ivar Aasen ville byggja nynorsken på dialektar frå heile landet. Arvids bodskap om einskap i norma innebar – ifylgje Ottar – å rekna somme dialektar som «uverdige» for å vera med i grunnlaget for nynorsken. Det Ottar godt veit – han har trass alt arbeidsplassen sin i Ivar Aasen-tunet – er at Aasen ikkje ville ha noko valfridom, men heller velja eineformer som var samlande for alle dialektane. Når Ottar likevel prøver å kakka dei som ynskjer ein einskapleg nynorsk i hovudet med sjølvaste Aasen, er det fyrst og fremst ein hersketeknikk, som jamvel kviler på falskt historisk grunnlag.

5. Endå ei etterlysing: heimelekser

Hersketeknikk var det også då han framstilte dei som er misnøgde med den nye norma som ein gjeng ytst marginale kranglefantar. På radio fekk språkrådsleiaren det til å høyrast ut som om Arvid Langeland og Erlend Trones er dei to einaste i heile verda som er kritisk til den nye norma, medan det er «brei semje» elles. Kan henda språkrådsleiar Ottar burde lesa høyringssvaret frå til dømes Norsk Målungdom, den landsfemnande ungdomsorganisasjonen for unge målfolk. Målungdomen er tydelege på at framlegget til ny norm burde strammast vidare opp på fleire punkt – og at norma i si føreslegne form faktisk ikkje er god nok. Dette burde språkrådsleiaren strengt teke ha lese lenge før den nemnde radiodebatten – til dømes før han skreiv saksdokumentet til språkrådsstyremøtet der den nye norma vart handsama. Også der vart Målungdomen sitt standpunkt mildt sagt rosemåla for å passa inn i ein heilskap som nok var meir komfortabel enn han var reell.

Kvar går me? – Framover!
Noko fornuft kom der likevel frå språkrådsleiarmunn i radioen 1. august: Det kan vera gagnleg å bruka krefter på andre saker ei stund. I vinter skal til dømes norskfaget gjennom ein svært viktig revisjon, der utfallet kan få mykje å seia for nynorsken og nynorskelevane sine kår i framtida. Den sjansen bør ikkje skuslast bort ved å bruka tida og kreftene på ein fånyttes kamp for å få ein ny normeringsrunde no.

At alle «bør slutta opp om» den nye norma berre fordi Ottar seier det på radio, skal han derimot få meina for seg sjølv. For min eigen del vil eg gjerne invitera alle andre som skulle ynskja seg ei strammare og meir lettlært norm til å sjå moglegheitene ved normskiftet, trass i at norma ikkje vart heilt slik me ville. Difor vil eg avslutta dette altfor langdryge alvorsordet med ei ny liste, nemleg fem moglegheiter eg meiner me bør gripa.

1. Statusheving.

Dei tradisjonelle formene som tidlegare stod i klammer, får no heva statusen. Det kan igjen gjera det lettare å promotera desse formene. Eit vilkårleg døme er forma so (så), som har vore både oversett og uglesett, jamvel om uglesjåarane sjølv har skrive no (i staden for nå) utan å blunka.

2. Myteknusing.

Med alle sine veikskapar, er norma på ein del punkt mindre forvirrande enn før. Ei vanleg innvending mot nynorsken i seg sjølv har tidlegare vore at det er umogleg å vita kva som er lov å skriva og ikkje. Det er eit overdrive postulat, som diverre har vore sjølvoppfyllande, og gjeve nynorsken det som på sidemål heiter eit image-problem. Den nye norma er ikkje direkte konsistent, men somt er enklare enn før. Det gjev oss eit høve til å kvela myten om at nynorsk er så frykteleg vanskeleg. At norma på somme punkt opnar for mykje for bokmålsformer, er ei anna sak, som me kan arbeida mot, utan dimed å måtta framstilla vårt eige språk som nærast umogleg å læra.

3. Endring av praksis.

Norma opnar for meir konservativ nynorsk i lærebøker og offentleg forvalting enn før. Grunna den nemnde opphevinga av klammeformsskiljet, vil alt som er med i den nye norma kunna brukast av alle. Det gjev visse utfordringar, til dømes hjå dei statsinstansane som i høyringsrunden bad om å få ei så bokmålsnær norm som mogleg, men det gjev også moglegheiter. Forlag og styresmakter er ikkje upåverkelege, og med litt kløkt kan fort fleire av desse verta tilbøyelege til å skriva meir stilsikker nynorsk enn dei har gjort tidlegare.

4. Godt høve for tilrettelegging.

I utgangspunktet er mange usikre på kva som er rett og ikkje i nynorsk. I tillegg vil eit normskifte gjera mange heilt vanlege folk – i tillegg til folk med språk som yrke, t.d. journalistar – interesserte i å oppdatera seg for å kunna skriva godt og rett. Ved å setja opp ei lettlært og konsistent «norm i norma», med minimal valfridom, og gjera henne lett tilgjengeleg med digitale hjelpemiddel (på landsmøtet i Mållaget føreslo eg mobilapplikasjonen iMål), vil me kunna gjera det enkelt og lettvint for folk å skriva god, konsekvent og lite bokmålsfarga nynorsk. Eg veit Voss Mållag med fleire alt er i gang med å utarbeida ei eiga ordliste, og eg trur slikt arbeid – dersom det vert utført og promotert på rett vis – kan bera god frukt. Sjå berre på kva rixmålsgjengen har fått til på den mørke sida av målstriden.

5. Massiv kursing av lærarar.

Å ha innført ei ny norm tyder også at svært mange lærarar vil trenga fagleg påfyll. Me veit at mange lærarar, også norsklærarar, i utgangspunktet er ganske dårlege i nynorsk, og at dei ville hatt behov for kursing uansett. Det at me har ei ny norm gjev oss eit godt påskot til å få sendt alle desse på kurs, til glede for både elevane og nynorsken.

Tenk nytt
Er det alt, spør du kanskje? Svaret er nei – det finst garantert fleire idear og moglegheiter enn dei eg har kome på her i farta. Eg trur også at dersom me legg rettskrivingshugen ned i å finna nettopp nye idear og moglegheiter, så vil me oppnå langt meir enn ved å repetera den same reformstriden me har drive med dei siste hundre åra.

Dette innlegget vart lagt inn i målsak med merkelappane , , , , , , , , . Bokmerk fastlenkja.

5 svar til Nokre paula ord

  1. Turid Kleiva seier:

    Det var interessant Ã¥ lese kommentaren din, Vebjørn, sjølv om eg ikkje deler ynsket ditt om innstramming. Men du set ein del saksforhold pÃ¥ rett plass, t.d. kvar ansvaret ligg og kvifor mandatet var sÃ¥ vanskeleg Ã¥ handtere. Punkt 1 og 3 i mandatet er direkte motstridande: 1) «tydeleg, enkel og stram norm» (i 2003 heitte det trong!) og p.3: «breitt talemÃ¥lsgrunnlag, mykje brukte former og ord».

    Alle som kjenner nynorsknormeringa og nynorskfolket veit at desse omsyna ikkje går i hop. Her dreiar det seg om to syn som har stått steilt mot kvarandre sidan nynorskens fyrste tid og ført til mykje hard diskusjon (- og dette var ein eufemisme).

    Nemnda kjende sjølvsagt til motsetnadene og faren for splitting. Dei kunne neppe lage ei norm for nynorsken som tok inn alt som har vore, men dei kunne heller ikkje lage ei trong norm som ville gjere mange glade nynorskbrukarar triste! Derfor har vi fått eit kompromiss som ingen likar veldig godt. Men eg trur dei fleste av oss kan halde fram å skrive om lag som før, og det må då vere flott? Heller det enn at store deler av nynorskfolket skal omskulerast til ei trong norm. Kven si norm skulle det vere, då?

    Eg for min del likte det gamle systemet. Til saman gav hovud- og sideformene stor valfridom, mens læreboknormalen var ei rettesnor for dei som trong det. Men det har dessverre lenge vore klart at dep. ville ha eit system utan to nivå, slik bokmålet har innført. Dep ville ikkje godkjenne vedtaket til Språkrådet i 2003 om å halde på det gamle systemet med berre små justeringar, endå dette var ein tydeleg konklusjon frå høyringsrunden.

    No har vi fÃ¥tt eit slags kompromiss. Kanskje skal vi la det verke ei stund og sjÃ¥ korleis det gÃ¥r. Mitt tips er at nynorsken kjem til Ã¥ bli skriven om lag som før, med landsdels- og individvariantar innafor gjeldande rettskriving – og kanskje litt utanfor. Slik det alltid har vore. (Har du lese lokale tekstar frÃ¥ hundre Ã¥r tilbake og der omkring? Ikkje mykje Aasen-normal der, nei, men veldig dialektnært og i stolt forvissing om at dei skriv «sitt eige mÃ¥l»!)

    Å lage ei norm i norma som skal vere betre enn resten av dei likestilte formene, vil berre føre til indre strid. Målungdommen må tenkje seg grundig om før dei går inn for noko slikt. For det fyrste: Det er slett ikkje sikkert at ei indre norm blir slik målungdommen vil. Og om de skulle vere nøgde, vil andre føle seg trakka på tærne. For det andre: Ynskjer målungdommen å stemple jamstelte variantar av nynorsk som andre likar og brukar, som mindre verdfulle enn det dei sjølve skriv? Det er eit autoritært syn og lite heldig for ein organisasjon som kjempar mot slike haldningar hos brukarane av fleirtalsspråket.

    Vennleg helsing Turid Kleiva, målungdom frå urtida.

  2. Vebjørn seier:

    Hei, Turid, og takk for svar!

    No vil eg fyrst av alt presisera at NMU ikkje har teke stilling til kor vidt ei «norm i norma» vil vera bra eller ikkje. Sist gong NMU handsama normeringsspørsmålet var seinvinteren 2011, då me leverte høyringssvaret vårt (som det ligg lenkje til over her). På heimesida mi hender det at eg drodlar og tenkjer litt utanfor kva som er vedteken NMU-politikk, det synest eg ein leiar bør gjera i måtelege dosar – det er jo også ein grunn til at eg publiserte det her, og til dømes ikkje på NMU sine heimesider, der det ville vore langt meir uklårt om det faktisk var NMU sitt standpunkt.

    Utover det trur eg at eg skal svara deg i nokre (forsøksvis) korte strekpunkt:

    – Eg trur det er klokt ikkje Ã¥ gjera altfor brÃ¥ endringar pÃ¥ ei og same tid. SÃ¥ eg er samd i at ei ny norm uansett mÃ¥tte teke utgangspunkt i læreboknormalen – dette har dÃ¥ ogsÃ¥ NMU politikk pÃ¥. Med det sagt, meiner eg ikkje at null endring av utbreidd praksis er noko mÃ¥l i seg sjølv – eg meiner gradvise endringar er den mest skÃ¥nsame og fornuftige mÃ¥ten Ã¥ gjera det pÃ¥. Aasen-mÃ¥l over natta ville ikkje tent noko føremÃ¥l, for Ã¥ setja det litt pÃ¥ spissen.

    – Eg trur (her har eg ikkje dekning i vedteken NMU-politikk) at me kanskje gjorde ein liten tabbe dÃ¥ me gjekk inn for Ã¥ oppheva skiljet mellom hovud- og klammeformer. Klammeformene fungerte ein slags anerkjenningsventil, og fylgjeleg er det upopulært nÃ¥r somme av dei forsvinn. Kan henda det ville vore meir tenleg Ã¥ A) stramma inn sjølve læreboknormalen (hovudformene) og gjera henne meir regelrett, samstundes med Ã¥ B) snu opp-ned pÃ¥ den naive ordninga med at skuleelevar kunne bruka klammeformer pÃ¥ skulen. DÃ¥ kunne trakka litt færre folk pÃ¥ tærne, samstundes som me kunne gjeve dei som skal *læra* nynorsk litt enklare rammevilkÃ¥r. Før 1. august kunne skuleelevar slurva og herja og vera mest sÃ¥ inkonsekvente som dei berre vilje (igjen litt pÃ¥ spissen), og i mange tilfelle sleppa unna med at «sjÃ¥ her, det stÃ¥r i klammer»! Eg redda sjølv mang ein nynorskkarakter pÃ¥ ungdomsskulen pÃ¥ den metoden – men eg lærte sanneleg ikkje mykje nynorsk av det.

    – Eg synest elles det er litt merkeleg at du markerer støtte til eit tonivÃ¥system med læreboknormal og hovud- og klammeformer, samstundes som du markerer deg sterkt imot ei «norm i norma». Var det ikkje nettopp det læreboknormalen var? Var ikkje læreboknormalen ei «autoritær» framheving av «meir verdfulle» former? Det var sÃ¥ vidt eg minnest slike argument (mellom andre) som fekk NMU til Ã¥ gÃ¥ inn for Ã¥ oppheva tonivÃ¥systemet i 2008 – men eg personleg trur, som sagt, og i etterpÃ¥klokskapens glorete ljos, at det kanskje ikkje var godt nok gjennomtenkt, i alle fall ikkje frÃ¥ *mi* side.

    – Lat meg ogsÃ¥ presisera at eg med tanken om ei «norm i norma» ikkje meiner Ã¥ stempla alle andre former som dÃ¥rlegare eller mindre verdfulle. Motivasjonen min for dette handlar fyrst og fremst om Ã¥ gje dei som skal læra nynorsk – og dei som skal bruka det sjølv om dei ikkje er like ihuga som du og eg – eit tilbod som er lett Ã¥ læra, lett Ã¥ hugsa, lett Ã¥ bruka. Det trur eg me kan gjera best ved Ã¥ ha sÃ¥ enkle og universelle reglar som mogleg, med sÃ¥ fÃ¥ unnatak Ã¥ pugga som mogleg, og ved at den valfridomen som finst, i hovudsak dreier seg om valfridom pÃ¥ kategorinivÃ¥. Eg trur dÃ¥ ogsÃ¥ at det er «kategori-valfridomen» som er viktigast for dei som pÃ¥ daude og liv skal skriva nynorsk ortofont etter dialekten sin. Det var vel ikkje tilfeldig at den føreslegne fjerninga av kløyvd infinitiv skapte langt meir rabalder enn nokon av dei andre einskildframlegga frÃ¥ rettskrivingsnemnda?

    – Til slutt, endÃ¥ eit lite alvorsord: Omgrepsbruken «dialektnær» som synonym for «einskilddialektortofont» har eg ikkje sansen for. Det er eit lettvint – og etter mitt vit ufint – retorisk triks, dÃ¥ det framstiller meir fylgjerette og typeformsorienterte variantar av nynorsk som dialektfjerne. Saka er vel strengt teke slik at det som ofte vert kalla «dialektnær» nynorsk ikkje er noko meir dialektnært enn annan nynorsk. Det kan vera meir nært éin spesifikk dialekt (om gongen), medan andre typar nynorsk kan vera meir samlande for mange dialektar pÃ¥ ein gong, om enn ikkje kliss likt kvar og ein av dei. Til dømes kunne eg godt ha skrive mykje meir likt stavangermÃ¥let mitt enn det eg gjer, og kalla det dialektnært, men i staden vel eg Ã¥ skriva ein nynorsk som eg meiner i større grad speglar mangfaldet av dialektar i Noreg. Her snakkar me altsÃ¥ om to ulike artar av dialektnærleik, og eg mÃ¥ seia eg mislikar korleis den eine arten vert urettvist framstilt som dialektfjern.

    *Heilt* til slutt: Eg er einig i at me bør la den nye norma verka ei stund. Noka ny runde for å endra den offisielle rettskrivinga ville truleg ikkje endra stort uansett – det vil ikkje skje før det eventuelt kjem ei monaleg forskyving av tyngdepunktet i landskapet av normeringsinteressentar. Men eg meiner ikkje at det å respektera prosessen som har vore og resultatet som har kome, er til hinder for å tenkja nytt om korleis me kan gjera nynorsk endå enklare å læra – og der kan kanskje ein «uoffisiell» læreboknormal vera eitt av fleire gode tiltak.

  3. Turid Kleiva seier:

    Hei igjen!

    DÃ¥ er vi i alle fall samde om at eventuelle endringar i den nye norma er noko vi mÃ¥ sove mange netter pÃ¥. Og om ikkje styret i SprÃ¥krÃ¥det hadde hatt slikt hastverk med Ã¥ køyre gjennom rettskrivingsarbeidet – eg fekk heilt sjokk dÃ¥ eg sÃ¥ tidsplanen, særleg den latterleg korte høyringsfristen – hadde vi kanskje fÃ¥tt ei meir gjennomarbeidd norm.

    Men vi er sjølvsagt usamde om sjølve norma. Når eg seier dialektnær, meiner eg faktisk dialektnær på den måten at vi tillet fleire former. Om eg oppfattar deg rett, ligg du nær opp til Aasens mønsterform-prinsipp. Ingen av desse tankegangane (din og min!) er brukande i dag i ei ytterleggåande form. Breidda i dialektformene er så stor at vi ikkje kan ta alt inn i skriftmålet. Men denne breidda og dei store endringane som har skjedd sidan Aasen levde, gjer også at hardhendt bruk av mønsterformprinsippet vil gjere skriftspråket stivt og talemålsfjernt. Etter mi meining står vi då att med ein nokså pragmatisk veg å gå, der vi må bruke skjøn og gjere kompromiss for at nynorskbrukarar over heile landet og i alle aldrar skal kjenne seg heime i språket. Då blir bruken i dag ei viktig rettesnor, men sjølvsagt ikkje det einaste omsynet.

    Du har heilt rett i at det verkar inkonsekvent å ha vore for læreboknormalen, men mot norm i norma. Men eg har mine grunnar. Det gamle systemet var veldig vidt, med til saman mange fleire former enn det nye. Også læreboknormalen hadde doble, såkalla jamstelte former. No er den totale breidda mindre, valfridommen mindre. Det har blitt skore både i tradisjonelle former, t.d. i-målet, og i radikale former som høre, kjøre o.a. Det var dette vi diskuterte i høyringa. Premissen var at tonivå-systemet skulle og måtte vekk. Diskusjonen hadde vore annleis og hardare om ein visste at det etterpå skulle kome ei såkalla tilrådd norm. Det hadde blittt vanskelegare å ta vekk former, som i-målet. Så eg opplever forslaget som lureri: Når språkrådsstyret /-leiaren ikkje fekk den tronge norma han ynskjer, tek dei/han omkamp.

    Nokre få ord om læring- dette er eit felt som verkeleg krev meir forsking: På 70- talet trudde eg veldig sterkt på at nærleik til talemålet var viktigast i språklæringa. Det har då også vore det viktigaste argumentet for nynorsk skulemål i alle år. Men etter kvart hevda språkfolk med styrke at vi lærer like mykje å skrive av å lese, altså at det eksisterande skriftspråket blir modell for ny skrift. Det verkar logisk, og barn som les mykje, skriv gjerne godt og rett. Konsekvens og system høyrest også bra ut; vi veit frå framandspråkundervisninga kor godt det er med få unntak. Men kor konsekvente er språk, eigentleg? Kor mykje konsekvens kan vi gå etter før vi gjer systemet viktigare enn språkkjensla? Eg berre luftar dette, og svarar ikkje.

    Som du seier: det er vanskeleg å skrive kort om normering. Men det er viktig å snakke saman over meiningsgrensene, helst før dei offisielle utspela kjem. Eg veit enno ikkje heilt kva eg skal meine om heilskapen i norma eller kva som eventuelt kan gjerast. Likevel: Eg ser ikkje på situasjonen som dramatisk. Dei fleste kan skrive som før. I 1959 sat vi på Årsetdalen skule og laga lister over nye skrivemåtar som skulle puggast. Det verste var jente utan g! Eg kjende meg redusert! Så personleg er det med rettskriving.

    Helsing Turid K

  4. Vebjørn seier:

    Hei igjen, og orsak seint svar!

    Når det gjeld mønsterformer, så må eg få visa til det eg skreiv sist: at endringar i norma bør skje gradvis. Noka fullstendig omlegging over natta trur eg som sagt ikkje på. Det synspunktet kombinerer eg heilt utan indre kvalar med eit ideal om at formene bør vera så einskaplege og samlande som mogleg.

    Elles vil eg også presisera at du kan ha rett i at mange vil *oppleva* mønsterformer som «stive og talemålsfjerne», men det tyder ikkje at dei objektivt sett *er* det. Mykje her handlar om kva folk er vande med, og kva dei har lært. Det er kanskje lett for meg å seia, som konverterte til nynorsk etter å ha vandra i mørkret i 17 år (og såleis uansett har måtta venna meg til alt), men for å koma med eit døme lell: Sjølv om eg *seier* sommar, kjennest det ikkje stivt og talemålsfjern å skriva sumar, fordi eg veit at ein open u fint kan lesast som ein kort o, jamvel om ikkje konsonanten er dobbel. Og i dei tilfella der nynorsken udiskutabelt distanserer seg frå stavangermålet mitt, kjennest det i grunn berre greitt å «bidra» litt til Det Nynorske Kompromisset. Elles er jo (g)jente-dømet du nemner også ganske godt illustrerande – det er ei form eg fleire gonger har høyrt folk plassera i den «talemålsfjerne» båsen, jamvel om dei gladeleg skriv gjerne, gjera og gjøglar.

    Tonivåsystemet: Eg skjønar godt innvendinga di mot *Språkrådet* si tilrådde norm. Det vil seia, eg trur personleg at sjølve ideen er god, men eg har full forståing for dei som meiner det var litt for lettvint å lirka tonivåsystemet inn «bakvegen» på den måten språkrådsstyret gjorde. Lat meg også klårgjera at eg ikkje sikta til Språkrådet si tilrådde norm spesifikt i innlegga over. Med «norm i norma» tenkte eg fyrst og fremst på private prosjekt, i hovudsak den konservative opposisjonen i Mållaget sitt ordlisteprosjekt. Det prosjektet kan du jo meina både eitt og hitt om – særleg i innhald – men det er i alle fall ikkje ein del av den offisielle normeringsprosessen som Språkrådet har hatt ansvar for. (Atterhalda eg la attåt min eigen måteleg positive omtale av intitativet, var meint som vage hint om at eg vonar Langeland & co klarer å halda norma si innanfor den nye rettskrivinga – elles trur eg dei skal få det stritt med å spreia han.)

    Til læringa, så meiner eg me ha ein presis definisjon av talemålsnærleik. Eg trur også på at nærleik er ein fordel under læring, men ikkje på kostnad av system og konsekvens. Der nynorsken kan ha ein stor «nærleiksfordel» i opplæringa er når lærarar klarer å visa likskapen mellom *systema* som nynorsken og elevane sin dialekt har felles. Diverre har eg inntrykket av at mykje «dialektnærleikspedagogikk» har handla om einskildord framfor system – slik at elevane har gått i fella ved å skriva alle orda ortofont slik dei uttalar dei, og vorte brutalt påminna om skilnadene mellom tale og skrift per raudstrek. Eit godt døme på dette fortalde kringkastingssjef Hans Tore Bjerkaas om på Dei nynorske festspela i sumar, då han mintest korleis han fyrst under *universitetsutdanninga* forstod korleis han kunne bruka dei grammatiske mønstera i dialekten til å skriva korrekt nynorsk. Eit anna døme er meg sjølv anno 1999, på det tidspunktet trudde eg oppriktig at eg tala meir likt bokmål enn nynorsk. Bokmål var eg vand med, nynorsken skulle oppfylla ei forventning om å vera nett slik eg prata.

    Til slutt: Sisteavsnittet er me hjartans samde om. Normeringsordskiftet har ofte likna ein seanse der ulike prestar har preika vekselvis til kvar sine kor, og repetert lite sjølvforklarande parolar i tre minutt om gongen. Slik sett er det beint fram forfriskande å kunna skribla ned litt lengre tankerekkjer her på internetten – så får det heller våga seg at det ikkje vert i stuttmål. :)

  5. Jarle seier:

    Ein definisjon av skriftspråk er at det er ein kode – ein måte å omforma tala språk til grafiske symbol. Men kva er eigentleg dette tala språket? Eg var aktiv i målrørsla i mange år utan å tenkja over at sjølve rettskrivingskoden er så godt som identisk i nynorsk og bokmål. Har du lært å lesa det eine, kan du lesa det andre nesten prikkfritt.

    Så tesen min er: å læra nynorsk, eller bokmål, eller eit kva som helst anna skriftspråk, er fyrst og fremst eit spørsmål om to ting. 1) Meistra skriftkoden – kva reglar gjeld for å koda språklyd til bokstav. På norsk er systemet rimeleg enkelt, på tysk kanskje endå enklare, på fransk og engelsk meir innvikla. 2) Læra det idealiserte talespråket som folk brukar skriftkoden på. Der har nesten alle det enklare enn nynorskingane, verkar det som.

    Rettskrivingsstriden i målrørsla har handla lite om faktisk rettskriving, altså korleis skriftkoden skal vera. Litt har det vore, når det gjeld stutte o-lydar og slikt. Men mest har det vore strid om det andre punktet: kva slags språk rettskrivinga faktisk skal skriva ned. I den kategorien høyrer spørsmåla om naudsynt/nødvendig, moglegheit/mulegheit/muligheit/(høve), og grammatiske saker som kløyvde hokjønn og infinitivar.

    Aasen hadde eit enkelt standpunkt, så vidt eg har skjøna. Skriftkoden og norma skulle vera eintydig. Og han såg verdien av eit (ny)norsk normaltalemål. Det gjorde òg målrørsla til langt inn i den verste samnorskepoken.

    Så fekk vi dialektkampen kombinert med at lese- og skriveopplæringa vart retta meir mot å fostra kreativitet og språkglede enn å skriva korrekt. Det galdt både nynorsk- og bokmålselevar, og var ikkje unikt for Noreg heller. (Til dømes i USA har mange lærarar meint at borna bør få læra å uttrykkja seg skriftleg på gatespråket i bysentra, som skil seg minst like mykje frå språket til dronning Elizabeth som setesdøl skil seg frå Vestre Aker.) Daglegspråket er det naturlege språket, og må altså vera lettare å læra å skriva enn den kunstige (elitistiske, akademiske, patriarkalske, systemberande; set strek under det som passar med partiboka) høgspråket dei brukar på NRK.

    Problemet med den tankerekkja er at ho underslår føremålet med skriftspråket. Det er ikkje fyrst og fremst å skriva lappar til folk du kjenner godt, og som dimed kjenner dine språklege særmerke, om at du skal på butikken ein tur. Mykje av poenget, som idehistorikaren E.D. Hirsch har skrive elegant om, er å kunna kommunisera tankar, idear og meiningar til eit breitt publikum – ein større fellesskap av folk du ikkje kjenner personleg. Då spelar einskapleg grammatikk, nokolunde stabilt ordtilfang, konvensjonar for setningsbygnad og dilikt ei viktig, praktisk rolle.

    Røynsla frå England og Frankrike er at det går rimeleg bra med eit skriftspråk som byggjer på talemålet til eliten. Skuleverk og massemedia syter i prinsippet for at alle får høve til å delta i skriftkulturen. Men Ivar Aasen skjøna at det ikkje trong vera slik, og føreslo eit alternativ. Målrørsla dei siste tre–fire tiåra, derimot, har bruka mykje av kreftene sine på å framheva at nynorsken ikkje er noko alternativ – at nynorsken er ein skriftkode utan eit nokolunde eintydig idealspråk, der folk innan visse grenser kan få uttrykkja «sitt naturlege talemål». Det paradoksale er at det nesten berre er filologar som maktar å sjå kvar alle desse grensene går.

    Difor er eg pessimist for nynorsken på lang sikt. Og eg er redd ettertida vil konkludera at målrørsla med sine strategival stod i vegen for sin eigen suksess.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Opphavsfeil: Vebjørn Sture. Alle varmrettar må reserverast.
Denne sida køyrer Wordpress. Sjølv plar eg sykla.