Besserwisser på slumpmetoden

VM-sylv. EM-sylv. EM-gull. EM-gull. VM-sylv. OL-gull. EM-gull. VM-bronse. EM-gull. VM-gull. Og i år: Gull, sylv, bronse eller fjerdeplass i OL.

Dette er altså, om me skal tru Wikipedia, merittane til Thorir Hergeirsson, landslagstrenar i handball. Dei seks fyrste medaljane som assistent, dei tre (og kanskje snart fire) siste som hovudtrenar. Alt i hop vunne under den såkalla demokratiske, tålmodige leiarstilen, som forgjengaren Marit Breivik innførde med stor suksess.

Men er det godt nok? Tydelegvis ikkje. Det norske handballandslaget, som no er i semifinalen i OL, har tydelegvis ikkje vore så overlegne som norske skribentar, journalistar og andre betrevitarar forventar. Difor har sjølv ikkje ein ukunnig lekmann som meg sjølv kunna unngå å registrera den høglydte misnøyen med laguttak og taktikk.

Avissaker om manglande lagånd og «feil» laguttak er no ei sak for seg. Kva journalistane veit og ikkje veit, er ikkje godt for andre å vita – utover at dei ofte er langt sikrare i vinkling og bodskap enn kva dei eigentleg har grunnlag for. Men la gå. Det som får meg, av alle i denne verda, til endeleg å mobilisera ei meining som har med handball å gjera, er den knallharde, men akk så lettvinte betrevitarpatosen, som skyller over trenarar og spelarar med fyrste og verste stemningsbylgje.

Ein ting er no kva som skjer på Twitter. Der sit me og er betrevitande dagen lang, heile gjengen. At det også gjeld under OL, er knappast overraskande. Ikkje at det unndreg Twitter-folket frå kritikk, naturlegvis, men meir oppsiktsvekkjande vert det i alle høve når til dømes ein figur som Gunnar Pettersen, tidlegare landslagstrenar i herrehandball, byrjar å dosera leiarstil for Hergeirsson.

Lat det vera sagt: Eg har ikkje peiling på handball. Eg har ikkje sett ein einaste OL-kamp, og eg har heller ikkje sett mykje av Gunnar Pettersen i aksjon. Eg er i utgangspunktet ein lettvektar når det kjem til handball, og held difor som regel klokeleg kjeft – kanskje utanom når eg skal prøva å erta opp den handballgalne veslesystra mi. Men målt mot Thorir Hergeirsson, kven er eigentleg denne Gunnar Pettersen? Hergeirsson har altså, som nemnt, seks gull, tre sylv og ein bronse – ti meisterskapsmedaljar – frå 2001 til 2011. Og no har han leidd landslaget til semifinalen i eit nytt OL. Pettersen, på si side, kan skilta med to trettandeplassar, ein sjuandeplass og ein sjetteplass – på til saman tolv år som trenar.

Hergeirsson står også – om ikkje eg er totalt feilinformert – for den same demokratiske, inkluderande leiarstilen, som forgjengaren og læremeisteren hans, Marit Breivik, innførde med stor suksess. Handballjentene har fått så mykje ansvar og så lite autoritært diktat dei siste tjue åra at kjennskap til denne leiingsfilosofien nærast har vorte allmennkunnskap. Og den filosofien har altså gjeve langt, langt meir utteljing i form av medaljar og gull enn nokon andre kan visa til i norsk lagidrett.

Men, så haltar det altså litt i eit sluttspel – det vil seia: i sluttspelet etter to strake meisterskapsgull – og så er koret i gang, og leiarstilen vert ikkje berre utfordra, men jamvel belært frå andre, tilnærma umeritterte figurar. Skal tru om det stilnar dersom handballjentene tek gull igjen, eller om gull ikkje lenger er godt nok.

Me har sett det same i fotballen. Aviskommentatorar, umeritterte fotballtrenarar og andre folk med kraftigare røyst enn premieskap har vore nøgde, tidvis euforiske, så lenge Drillo og fotballen hans har gjeve resultat for landslaget – noko ingen annan norsk landslagstrenar i nyare tid, om nokon gong, kan visa til. Men så snart det buttar mot i ein kamp eller to, er eit drygt tiår med resultat verdilaust. Då er laguttaket feil, taktikken avleggs og trenaren utdatert. Heilt til neste gong det fungerer. Drillostilen var utdatert hausten 1998, etter Nils Johan Sembs debutkamp som trenar med 1-3 heime for Latvia, men til og med riksavisene var samrøystes i jubelen elleve år seinare, då nye Drillos tok skalpen på Tyskland – på bortebane – etter at Hareides siste år som trenar gjekk utan ein einaste siger. Skal tru om den same jubelen er tilbake etter handballfinalen om nokre dagar.

Dette innlegget vart lagt inn i ikkje-kategorisert. Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Opphavsfeil: Vebjørn Sture. Alle varmrettar må reserverast.
Denne sida køyrer Wordpress. Sjølv plar eg sykla.