Etterlysing: Sakleg sidemålsdebatt

For eit års tid sidan var eg i radiodebatt mot norsklærar Ane-Lin Strømholm, som er mellom dei «fremste» antisidemålsagitatorane i landet. På lufta i fjor meinte Strømholm at det i skulepolitiske spørsmål som sidemålssaka «er vi lærere som vet hvor skoen trykker». Skuleelevane som har organisert seg i Norsk Målungdom, derimot, var tydelegvis ikkje interessante meiningsberarar. Strømholm hadde nemleg – etter eitt år med underskriftsinnsamling – klart å samla inn 600 lærarar på eit opprop mot sidemål (dvs. ca. éin lærar per tredje ungdoms- og vidaregåande skule i landet).

No er ein ny sumarferie i gang, og like sikkert som at flåtten kjem og tek oss, jordbæra regnar bort og Pacific Blue vert resirkulert på TV2, er Strømholm tilbake med reprise på fjorårssirkuset. I Utdanning 15.07.12 flyr ho meir eller mindre i flint over at fyrstelektor i norsk ved HiB, Hilde Traavik, føreslår tidlegare oppstart med sidemål.

Eg har nettopp vore ei veke på sumarleir, og har nokre få dagar no til å pakka og flytta inn i ny hybel, før eg fer til fjells på den einaste ordentlege ferieveka eg har i sumar. Så eg har ikkje tid til å skriva noko utfyllande svar, men eg kan ikkje la vera å påpeika dei tre grøvste hersketeknikkane i Strømholms innlegg.

1. Usynleggjering: Norsklærarar «vet hvor skoen trykker», skriv Strømholm, og norsklærarane er difor per definisjon einige med henne i sidemålssaka. Dette er ikkje berre ei grov usynleggjering av alle dei andre som veit kvar skoen trykkjer, til dømes skuleelevane sjølve – det er jamvel ei rein avskriving av meiningane til eit klårt fleirtal av norsklærarane i landet (Språkrådet / Synovate, 10.02.11).

2. Umyndiggjering: Dei som er for sidemålsopplæring, er ifylgje Strømholm stort sett professorar, høgskulelektorar og andre noksagtar som «mangler forståelse for hva den skriftlige sidemålsopplæringen gjør». Det kunne vore freistande å svara med same mynt, og spørja om ikkje denne dårleg skjulte forakta for høgt utdanna meiningsytrarar kan vera eit forsøk på å «ufarleggjera» det faktumet at norsklærarar med høgare utdanning og lengre arbeidserfaring er både meir kompetente og meir positive til å undervisa i sidemålet sitt (Språkrådet / Synovate, 31.01.11 ). Men lat meg presisera noko Strømholm burde presisert sjølv, nemleg at innhaldet i norskfaget ikkje er eit diskusjonsemne som er reservert éi einskild gruppe. Kva elevane skal læra på skulen er både eit pedagogisk og eit politisk spørsmål. Såleis har alle rett og legitimitet til å meina noko om det – inkludert røyndomsfjerne høgskulelektorar og lågt utdanna norsklærarar med dårleg kompetanse i nynorsk.

3. PÃ¥føring av skuld: SidemÃ¥l i barneskulen vil gjera fleire til skuletaparar, og «dette vil spesielt ramme bokmÃ¥lsbarn», hevdar Strømholm, som held fram med at «frafallet i den videregÃ¥ende skolen blir garantert ikke lavere». For oss som finn mykje glede og moro i ein god konspirasjonsteori, er det nesten litt skuffande at ho ikkje ogsÃ¥ fleskar til med endÃ¥ litt saftigare konsekvensar av tidleg sidemÃ¥lsstart – til dømes cellulittar, skilsmisser og inkontinens. Skal me derimot vera i det saklege hjørnet, vert det rett og slett berre for dumt; bÃ¥de Ã¥ hevda at tidleg sidemÃ¥l gjer deg til skuletapar, og det Ã¥ insinuera at ferdigheiter i fleire sprÃ¥k fÃ¥r deg til Ã¥ droppa ut av vidaregÃ¥ande. Det rimar ikkje akkurat med erfaringane frÃ¥ VÃ¥land skole i Stavanger, der dei har byrja med sidemÃ¥l i 2. klasse pÃ¥ barneskulen. «Me har sett at barna ikkje blir dÃ¥rlegare i norsk som nokre skeptikarar hevdar. Tvert om er det metasprÃ¥klege medvitet hos barna stimulert. Barna er pÃ¥ ein mÃ¥te «tosprÃ¥klege»,» skriv Lise Lunde Nilsen, norsklærar og prosjektleiar for forsøket (VÃ¥land skole, 30.08.11).

Lat meg koma med ei tilståing: Av og til vert eg møkklei heile norskfagsdiskusjonen. Ikkje fordi eg mister interessa for emnet, gløden for løysingane eller iveren etter å få litt skikk på sidemålsordninga – men fordi eg er så inderleg, inderleg lei av å bruka tid på å parera ein evigvarande straum av usaklege og til dels reint konspirasjonsteoretiske «argument» mot sidemålsopplæring. Er det ikkje Ane-Lin Strømholm som gjer sitt årlege sprell, så er det Knut Michelsen som nok ein gong hevdar at nynorskelevane si sidemålsopplæring er årsaka til at mange av dei byter hovudmål til bokmål (Utdanning, 16.07.12). Som om nynorskelevane lever i eit slags vakuum, upåverka av omverda, slik at dei ville ha halde på nynorsken dersom me berre forhindra dei i å få opplæring og karakterar i bokmål på skulen. At bokmålet er einerådande i riksaviser, ungdomsblad og medietilbod til born og unge (utanom NRK Super, som «berre» opererer med rundt 80 % bokmål, er barnekanalane på fjernsyn tilnærma kjemisk frie for nynorsk), har tydelegvis ingenting å seia.

Heldigvis finst det andre røyster. Stortingskvinna Hadia Tajik (Ap), til dømes, er klokkeklår på at sidemålsopplæringa må endrast, ikkje fjernast, og at elevane må verta kjende med sidemålet langt tidlegare enn i dag. Ho føreslår jamvel obligatorisk eksamen i både nynorsk og bokmål, for å sikra at sidemålsopplæringa vert teken seriøst gjennom heile skulelaupet (Aftenposten, 10.07.12).

Tajik går rett nok litt i fella når det kjem til karakterspørsmålet. Éin samla karakter i norsk vil gjera kompetansen i sidemålet mindre viktig i dei «eksamensfrie» åra. Det bør også presiserast at felles eksamensdag i norsk har vore prøvd ut på ungdomstrinnet for få år sidan, utan nemneverdig suksess. Ordninga vart reversert hausten 2008. Obligatorisk eksamensprøving i både bokmål og nynorsk lyt difor skje på to separate eksamensdagar, og ikkje med éi deloppgåve på kvart mål den same dagen.

Likevel, Tajik skal ha ros for å vera ein av altfor for få som reiser norskfagsdebatten med sakleg og konstruktivt utgangspunkt. Der har definitivt Ane-Lin Strømholm og sume av meiningsfellane hennar ein god del å læra.

Dette innlegget vart lagt inn i målsak, politikk med merkelappane , , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Opphavsfeil: Vebjørn Sture. Alle varmrettar må reserverast.
Denne sida køyrer Wordpress. Sjølv plar eg sykla.