Fleire realitetar

For nokre få veker sidan hadde eg ein liten diskusjon gåande i Morgenbladet med ein kar som heiter Kjell Arne Harneshaug. Det byrja med hans innlegg, «Ein eksplosjon av kjensler», eg fylgde opp med «Ein eksplosjon av fordommar», og Harneshaug svara med «Nynorskdebatten må handle om realitetar». Kort tid etter sende eg eit svar igjen, men dette vil ikkje Morgenbladet publisera. Det er litt synd, fordi debatten var på veg inn i eit konstruktivt spor etter ein noko skeiv start. Men sidan Morgenbladet ikkje vil, får me gjera det sjølv. Her er mitt innlegg nummer to, som altså aldri kom på trykk:

Kjell Arne Harneshaug er klår og tydeleg i Morgenbladet 31. mai: Debatten må handla om realitetar. Eg er hjartans einig, og vil gjerne bidra!

Ein realitet me er samde om, er at mange bokmålselevar ikkje lærer nynorsk skikkeleg. Dei får heller ikkje vita kvifor dei lyt læra det. Dette avlar frustrasjon. Ergo: Sidemålsopplæringa anno 2012 fungerer ikkje. Men er løysinga å gjera sidemålet valfritt?

Eg trur ikkje det. Problemet er ikkje at lista ligg for høgt, problemet er at elevane ikkje får ta skikkeleg fart. Det rekk dei ikkje når dei byrjar med sidemål i 9. klasse, eller når sidemål vert avgrensa til sporadiske puggeark. Sjå i staden til Våland i Stavanger, der dei med hell lærer sidemål på barneskulen. Eller til Holmlia i Oslo, der nynorsk i andre fag enn norsk har gjeve gode resultat.

Elevane må også få vita kvifor dei lyt læra to skriftspråk. Argument om statleg brevskriving held ikkje; her må «edle verdiar og prinsipp» til, jamsides praktiske argument. Somme elevar vil vera samde i at å læra båe skriftspråka er viktig for språkleg jamstelling, kulturforståing, og for å innfri språklege rettar. Andre vil vera meir interesserte i fleirspråksfordelar, høvet til å ta seg jobb i kva bransje og landsdel som helst, og at det å læra to skriftspråk gjev eit ekstra instrument å uttrykkja seg med. Det skortar ikkje på gode og varierte grunnar til å læra nynorsk, utfordringa er at elevane sjeldan får høyra dei.

Ein annan realitet er at mange nynorskelevar byter til bokmål. Kvifor? Det korte svaret er at bokmål, grunna hegemoniet, i praksis vert lettare. Bokmål i seg sjølv er ikkje enklare enn nynorsk, men det glir raskare inn likevel, fordi ungane vert mykje eksponerte for det. Sjølv i nynorskområde går det nesten berre i bokmålssongar og bokmålsbøker i barnehagen. Borna møter ein bokmålsflaum på barne-TV, og når dei vert eldre ser dei bokmålet dominera det offentlege rommet. Det går utover både nynorsklæringa og nynorskens status, og såleis også elevane sin motivasjon til å halda på nynorsken.

Men: Dette fiksar me ikkje med å fjerna sidemål. Tvert om – skal elevane berre læra og vurderast i eitt skriftspråk, vil dei velja det målet dei kjenner seg støast i. For mange nynorskelevar er det bokmål.

Å styrkja sidemål hindrar ikkje nynorskelevar i å dyrka hovudmål. Læreplanen seier kva elevane skal læra i norskfaget, ikkje kor mange veketimar dei skal bruka på kvart emne. Nynorskelevar lærer i stor grad bokmål «gratis». Dimed treng ikkje nynorskelevar å bruka meir tid på bokmål, sjølv om bokmålselevar treng meir nynorsk.

Til slutt: 500 ord rekk ikkje til alt me kan gjera (og gjer!) for å styrkja nynorsk som hovudmål. Betre lærarutdanning, nynorske undervisningsressursar, tilpassa sidemålsdidaktikk og oppheving av nynorskforbodet i VG og Dagbladet, er berre nokre få døme på aktuelle arbeidsfelt. Kort sagt har kjerneområda høg prioritet. Dette går hand i hand med arbeidet for at også bokmålselevar skal få sjansen til å læra – og dimed lika – nynorsk.

Dette innlegget vart lagt inn i målsak med merkelappane , , , , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Opphavsfeil: Vebjørn Sture. Alle varmrettar må reserverast.
Denne sida køyrer Wordpress. Sjølv plar eg sykla.