NM i sjølvpisking. Og snakk for deg sjølv, Bjarne Dæhli

Lat meg våga ein diverre ikkje så veldig spissformulert påstand: Når det kjem til spørsmål om «mangfald», og rekruttering, driv norske barne- og ungdomsorganisasjonar reine landskappleiken i krampaktig sjølvransaking. Me som er aktive i organisasjonslivet er nemleg skuldige i å berre rekruttera folk som liknar oss sjølve – visstnok.

Om du var i tvil, irriterer eg meg ikkje så reint lite over denne slutninga. Ikkje berre fordi ho er vilt synsande og udokumentert, men også fordi ho er direkte destruktiv. Eitt døme på dette gav Bjarne Dæhli, tidlegare leiar i samdriftsfjøset for norske politikaraspirantar* (LNU), til Framtida på onsdag:

Eg trur […] vi som er i organisasjonane, er litt for flinke til Ã¥ rekruttere folk som liknar oss sjølve

Ja vel. Det kan Bjarne Dæhli gjerne «tru», utan at det dimed osar empirisk tyngd av analysen hans. Men lat oss no gløyma ein augeblink at det er snakk om ein udokumentert «følelse», og lata som om det stemmer: Kva haldningar avslører Dæhli då med ordvalet sitt? Han kunne uttalt at organisasjonsfolk burde verta flinkare til å rekruttera folk med annan bakgrunn enn dei sjølve, men han formulerer seg, som me ser, litt annleis. For å parafrasera Dæhli, om enn litt spissformulert: Organisasjonsfolk burde verva færre som liknar dei sjølv. Ergo bør du vurdera å unngå medlemsskap dersom du er «for lik» dei som allereie er med.

No reknar eg sjølvsagt med at det ikkje var heilt slik Dæhli meinte det. Likevel er det dette som er det underliggjande signalet folk i ungdomsorganisasjonar sender til seg sjølve og kvarandre gjennom den evinnelege sjølvpiskinga: Me er for like, det er negativt at det er så mange like folk med her, og det er vår eigen feil, fordi me er ekskluderande og selektive.

Det er opplagt berre fjas. I den grad der er noko problem her, så er det at det er færre folk frå enkelte grupper, ikkje at der er for mange av alle andre. Det kan då aldri verta for mange. Men lat oss sjå litt på dei som «manglar». I Framtida-artikkelen Dæhli uttala seg i, kom det fram frå forskarhald (altså noko som i motsetnad til Dæhlis synsing kan minna om empiri) at:

Dei som står lengst utanfor organisasjonslivet er menn mellom 19 og 30 år, som ikkje har fullført vidaregåande utdanning.

Det er med andre ord desse me må rekruttera mange nok av, skal me unngå Dæhlis peikefinger (Dæhli meiner nemleg også at organisasjonane er «inkluderingstrøytte», kva no enn det måtte tyda). Men kva får Dæhli til å tru at me unnlèt å prøva å verva desse i dag? Er det verkeleg organisasjonsaktivistane sin feil at dei som fell utanfor i skuleverket også fell utanfor i organisasjonslivet? Er det verkeleg her problemet ligg?

Om så var: Kva vil Dæhli eigentleg me skal gjera annleis? Korleis skal me aktivisera dei, som sjølv ikkje millardsummane på skulebudsjetta klarer å aktivisera? Skal me stilla på aksjon med plakatar av typen «Har du tenkt å droppa ut av skulen? Bli medlem hos oss!»? Skal me satsa på skulerådgjevarkontora som eit strategisk verveareal, under hypotesen om at dei som droppar ut, oftare frekventerer desse kontora før dei kuttar skulen heilt? Eller skal me oppsøkja dei i etterkant av utdroppinga, på NAV-kontoret, med verveblokker og flygeblad?

Når me driv oppsøkjande verving, prøver me naturlegvis å få snakka med så mange som mogleg, uansett kva kjønn, legning, politisk grunnsyn, studieretning, inntekt eller framtidig inntekt vedkomande har. Med andre ord prøver ungdomsorganisasjonane å rekruttera kven som helst, mann eller kvinne, høgt eller lågt utdanna. Det utopiske målet er å nå ut til alle, slik at absolutt alle som eigentleg kunne tenkja seg å vera medlem, faktisk melder seg inn.

For å strekkja seg mot dette, held det ikkje berre å prøva å treffa og snakka med folk. Ungdomsorganisasjonane (og dei fleste vaksne) held seg då også med andre metodar å nå ut på. Det kryr jo ikkje akkurat av potensielle vervearenaer der «menn mellom 19 og 30 utan vidaregåande utdanning» samlar seg for å kopa. Derimot har dei akkurat same høvet som alle andre til å klikka seg inn på heimesider, youtubekanalar, facebookgrupper og andre plassar der organisasjonane gjer seg lekre. Og der får dei også akkurat det same høvet som alle andre til å melda seg inn, og deretter får dei akkurat det same høvet som alle andre til å delta i organisasjonen. At dei sjølv vel å la vera, må me slutta å klandra dei som er aktive for.

Det er noko som heiter at den som ikkje møter opp, heller ikkje får vera med og bestemma. I og med at så å seia alle ungdomsorgansiasjonar i Noreg er opne for kven som helst, kan folk som ikkje «føler seg spurde» fyrst og fremst lasta seg sjølve. Det er berre å melda seg inn, å møta opp, å delta. Ingen hindrar dei i det.

Heldigvis har Bjarne Dæhli ein sann vedundermetode, slik at me slepp å seia det så brutalt som eg nettopp har gjort. For visst finst der ei underarmspute, skreddarsydd av LNU, som alle organisasjonar kan bruka for å lokka til seg dei som fell utanfor, nemleg «fokus på mangfald og inkludering». Og for dei som ikkje skjønar heilt kva det tyder, frykt ikkje! LNU har jo også skjenkt oss ein «mangfaldsguide». Kva skulle me vel gjort utan.

Dette innlegget vart lagt inn i politikk med merkelappane , , . Bokmerk fastlenkja.

3 svar til NM i sjølvpisking. Og snakk for deg sjølv, Bjarne Dæhli

  1. Bjarne Dæhli seier:

    Bra innlegg! Sitatet er tatt fra et frokostmøte om ungdommens maktutredning. Der har vi grundig dokumentert utviklingstrekk i ungdomsorganisasjonene.

  2. lol, lese dei siste innleggi dine. Veldig morosame og gode :-)

    Dei kunne lett vore på NMU-bloggen òg eigentleg. Veit ikkje om fleire hadde sett dei då. Ikkje so veldig truleg. Jaja :-)

  3. Vebjørn seier:

    Bjarne: Hyggeleg med svar, men kva slags utviklingstrekk er det eigentleg de har dokumentert? Ligg det pÃ¥ nettet nokon stad? Eg er nyfiken …

    Odin: Tippar enkelte av utblÃ¥singane eg tillèt meg her ikkje høver seg pÃ¥ ein blogg som liksom skal vera pÃ¥ vegner av sentralstyret … :)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Opphavsfeil: Vebjørn Sture. Alle varmrettar må reserverast.
Denne sida køyrer Wordpress. Sjølv plar eg sykla.