2011-ordlista

Drit i riksmålsordlista, den nye nynorsknorma og Helleviks vesle gule – skal ein forstå samtida, held det ikkje å kunna bøya orda rett. Det avgjerande er å skjøna tydinga av nye ord og uttrykk som dukkar opp. Difor, som ei romjulsgåve til journalistar, politiske kommentatorar, og eventuelle andre som ikkje har greie på kva dei snakkar om: Her er ein kjapp, ualfabetisk guide til dei viktigaste omgrepa me lærte i året som snart er over.

å «bli hørt» – å få kronikkar jamleg på trykk i landets største aviser, til utelukkande positiv respons

ytringsfridom – sjå å «bli hørt»

innskrenka ytringsfridomen – å seia til nokon at du er usamd med dei

knebling – å argumentera for det

tora å ta debatten – å sleppa misantropar utan skriveferdigheiter til i debattspaltene

debatten om debatten – avisredaktørar som forklarer at misantropar utan skriveferdigheiter må sleppa til i debattspaltene av omsyn til ytringsfridomen (sjå ytringsfridom)

ta ytringsansvar – å halda kjeft for å unngå at det du seier kan verta misbrukt av andre

den unge venstresida – Mimir Kristjansson og Eivind Trædal

vanlege folks rettskjensle – Per Sandbergs rettskjensle

paranoid psykose – dårleg bortforklaring

rettspsykiater – tilfeldig person som ikkje har meir greie på psykiatri enn Per Sandberg

ekspert – person som er negativ/kritisk til noko ein faktisk ekspert meiner

smørkrise i Noreg – stoffmangel i rikspressa

Lambda – norsk storfe, type gullkalv

Bjørvika – Nirvana

Tøyen – Gehenna

datalagringsdirektivet – EU-direktiv som sikrar at dokumentasjonen på det manglande demokratiske sinnelaget i Noregs to største parti skal lagrast i minst to år framover

ekstremvêr – snø i desember

Det skulle vel vera det. Eller har eg gløymt noko?

Dette innlegget vart lagt inn i politikk med merkelappane , , , , , , , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

*

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

Opphavsfeil: Vebjørn Sture. Alle varmrettar må reserverast.
Denne sida køyrer Wordpress. Sjølv plar eg sykla.