Kjende og kjære nisseluer

Det å vera heiltidstilsett nyhendekommentator er eit fjollete konsept. Kvar einaste dag skal dei fylla ei viss mengd spaltemeter med ukvalifisert synsing i aust og vest, framstilt som faktabasert innsikt. Likevel, eitt skal eg ikkje halda i mot det såkalla kommentariatet, sjølv om det tok feil: Spådommen om at Noreg ville forandrast for alltid som fylgje av 22. juli.

For all del, 22. juli hamnar lynraskt i historiebøkene som ei av dei – om ikkje den – mest dramatiske og grufulle hendinga/-ane i Noreg nokon gong. Me har fått eit nytt skilje i tid, eit nytt før og etter. Men har me fått eit nytt samfunn, slik mange av oss kanskje trudde, frykta eller håpa?

Det verkar ikkje slik. No meiner eg – for alt i verda! – ikkje å underslå den ufattelege omveltinga altfor mange familiar og pårørande har opplevd frå og med i sumar, men: Samfunnet vårt, Noreg som heilskap – det framstår som påfallande likt slik det var før sumaren.

Sjå berre på kva som har forma det norske nyhendebiletet utover hausten, etter at ting byrja koma sånn nokolunde tilbake til normalen. Kulturdebatten roterer framleis rundt Karl Ove Knausgård – som i fjor, og året før det, og året før det. Nyttejournalistikken er like opphengt i lågkarbo som tidlegare, den politiske dagsordenen handlar primært om smørmangel i verdas rikaste land (i fjor var det vel ribba det var manko på?), forutan ein og annan heksejakt, og når kringkastinga er tema, er det som vanleg seksualutforskingsprogrammet Trekant som får på pukkelen for å vera for seksuelt utforskande. Det er noko mistenkjeleg velkjent ved det aller meste av det, og der er meir der det kjem frå:

Utanriksdekninga handlar (igjen) om French og Moland i Kongo. Den hovudstadsprovinsialistiske lat-oss-gje-ei-lokal-fillesak-status-som-nasjonalt-vegskilje-kvoten har no i desember vorte oppfylt av ein diskusjon om kor vidt Munch-museet bør liggja på nordsida eller sørsida av jernbanespora. Nyhendebiletet generelt fekk – tradisjonen tru – eit par dagars pause då landets leiande redaktørar og journalistar oppdaga at der fall snø i advent – vinterstid i Noreg! Herlegdomen kulminerer i desse dagar med ei sak om at elevar ved ein skule på i Drammen ikkje fekk ha på seg nisseluer.

Jaudå, visst har 22. juli også vorte grundig dekt utover heile hausten. Det går knapt ein dag utan at me ser fjeset på terroristen på trykk, og me har – som forventa? – sett fleire utspel frå andre hald i samband med dette. Me har sett krav om meir overvaking, fleire innskrenkingar av ulike slag, strengare straffer, forbod mot valdelege dataspel, debatten om debatten, og debatten om den igjen, og så bortetter.

Likevel: Trass i alle dei 22. juli-relaterte sakene som har vorte publiserte i hopetal i snart eit halvår i strekk, ser det ikkje ut til at resten av nyhendebiletet – den «normale» delen av det – har late seg forandra noko særleg. Framlegg om illiberale, fridomssnevrande innskrenkingar og forbod hadde me like mykje av før sumaren (datalagringsdirektivet, til dømes), frykta for dataspel er eldgamal, og ærleg talt er det vel ikkje så uvanleg at norsk politisk debatt ofte degenererer til metadebattar om kven som har sagt kva og kven som kneblar kven, i staden for å handla om kva som faktisk er vist og gale. Piffikrydderet i denne politiske posebéarnaisen får vera dei politiske kommentatorane, som, på akkurat like uelegant vis som før, stolt viser fram sine eigne fotavtrykk frå den eine salaten og hin etter.

SVs Thor Egil Braadland var inne på noko av det same i Dagbladet i september:

22. juli vil bli en historie om et samfunn som ikke endret seg en millimeter. Dessverre.

Braadland kan fort visa seg å få rett i at samfunnet vårt, litt spissformulert, ikkje endra seg ein millimeter. Spørsmålet er om det er så veldig negativt. For all del, det hadde vore kjempegreier om Noreg over natta vart eit endå opnare, endå meir demokratisk og endå meir humant samfunn – og kanskje verka det slik i den tilstanden me var i kort tid etter 22. juli. Men med utgangspunkt i at me hadde eit temmeleg ope, demokratisk og humant samfunn frå før, er det då så gale om me faktisk ikkje har late terroren forandra oss?

Misforstå meg rett: Eg vil gjerne at Noreg skal endra seg i positiv retning, men enn kor idiotisk eg synest mediebiletet er, enn kor barnsleg, sneversynt og usolidarisk det er å klaga over smørmangel når ungar svelt i hel på Afrikas horn, så er det noko trygt og stødig over det å sjå eit samfunn som evnar å irritera seg over slike bagatellar berre nokre få månader etter å ha vorte utsett for den verste hendinga i kvinns minne. Det er noko gjenkjenneleg og stabilt over det å sjå politikarar hissa seg opp over om skuleborna går med nisseluer eller ikkje.

I det store og heile kan dei siste månadene oppsummerast med at Noreg har halde nisselua nedover hovudet på akkurat same måte som før. Kanskje gjer det oss ikkje umiddelbart til eit endå betre samfunn, men det viser i alle fall at sjølv ikkje barbariske terrorhandlingar har fått oss ut av det me vel får definera som «fatning». Og det er jo alltids eit pluss å ta med seg i arbeidet for å få nisselua opp ovanfor augo på friviljug vis.

Dette innlegget vart lagt inn i kvardag, politikk med merkelappane , , , , , , , , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

*

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

Opphavsfeil: Vebjørn Sture. Alle varmrettar må reserverast.
Denne sida køyrer Wordpress. Sjølv plar eg sykla.