Til Finnmark med joggesko, del 1

Etter tre helger pÃ¥ rad med mÃ¥lsamlingar – to haustkonferansar og eitt landsstyremøte, der dei to fyrste lÃ¥g pÃ¥ kvar si side av ei mÃ¥lferdveke, og den siste avløyste nokre jobbedagar kombinert med ei Oslo-mÃ¥lferd – var det pÃ¥ høg tid Ã¥ slappa litt av. SÃ¥ eg har teke meg ein liten firedagarstur til Finnmark, for Ã¥ freista nynorsklukka lengst nord i landet.

Sidan Yr har bore bod om mildvêr heile reiseveka til endes, tok eg sjansen på å reisa 1800 kilometer nordover i november med joggeskor og ein jakke som openbert høver betre sumarstid enn midtvinters. Rett nok, litt ullunderty har eg med, i tillegg til eit skjerf, men resten la eg att heime. Litt spenning må ein ha.

No har eg vore her eit drygt døger, og kan konkludera med fylgjande:

– Her er mørkt som i ein bortgløymd potetkjellar.

– Ã…tte skuletimar pÃ¥ rad med føredrag røyner pÃ¥ halsen.

– Tre helger pÃ¥ rad utan ekstra svevn gjer meg for trøytt til Ã¥ gjera noko fornuftig pÃ¥ kveldstid i dag.

– Alta har endÃ¥ særare postkort enn resten av landet.

Elles, det meste skulle vera oppsummert med bileta som kjem under her. Kos deg.

Kristofer sjekkar inn på sårbar maskin

Eg slo fylgje med Kristofer til Gardermoen. Der sjekka han inn på ein automat som låg lagleg til for hogg. Sjå berre korleis både straumleidningar og internettkablar ligg heilt ope. Skulle likt å nappa litt i kontaktane når Brann-fansen var på veg heim frå cupfinalen, ja.

Sparebank1 Nord-Noreg med samisk skilting!

Vel framme i Alta var sola gått ned for lenge sidan. Difor var det ikkje berre i overført tyding at det samiske sparebankskiltet lyste opp.

Alta kommune - berre på bokmål

Alta kommune, derimot, held seg tydelegvis berre til bokmål. Så kan me jo spørja oss sjølve om kor vidt det er positivt at næringslivet står fram som det gode føredømet, eller om det er negativt at kommunen står fram som ei sinke.

Språkmangfaldet er jaggu til stades på hotellet òg!

Etter over fire år med målferdreising, hamna eg for fyrste gongen på hotell. Det vil seia, eg laut ta inn på pensjonat i Sirdal ei natt fyrste veka eg var på målferd i 2007, men i Alta fann me ikkje privat innkvartering, og vandrarheimen er nedlagt ... Så då vart det luksus, det vil seia det hotellgjengarar flest truleg opplever som «normalt billeg hotellstandard». Merk korleis språkmangfaldet frå sentrumsgatene i Alta vert supplert av kreativ vokalbruk på hotellfjernsynet.

Dobbeltseng på hotellet

Dobbeltseng fekk eg òg. Men likevel sov eg ikkje dobbelt så godt ...

E' det ditta so e MINIBAR?

Jammen var der ikkje også eit lite kjøleskåp, halvhjarta oppfylt med overprisa høgkarbo-produkt. Elles takk.

Meir samisk skilting

Tilbake til skiltinga: Fylkeskommunen tek ansvar. Her ved Alta vgs.

Målfararfôr

Matstell for enkle mannfolk. Eg prøvde «hotellrestauranten» Peppes Pizza i går, men tok meg ikkje råd til å kjøpa pizza, og hamburgeren der er diverre ganske triste greier. Difor vart det billegvariant i dag: Riven mozarella, snøggkokt makaroni og lågkvantums piffi-substitutt. Totalpris: 60 kroner, som held til middag og kvelds både i dag og i morgon

Gastronomiske øvingar. I dag: Pastakoking.

Oppskrifta er kanskje ikkje for nybyrjarar, men eg kan no dela det i fall det skulle snufla ein røynd gastronom innom her: Kok opp vatn. Ha i pasta. Vent nokre minutt. Server med ost og krydder.

MMMMM. Mat!

Og så: Festmåltidet. Rett nok vart osten seig som plastfolie så snart han byrja smelta, og krydderet bleikt som ein engelsk badegjest før solbrenninga. Men pastaen var slett ikkje verst!

Dette innlegget vart lagt inn i kvardag, målsak med merkelappane , , , , , , . Bokmerk fastlenkja.

2 svar til Til Finnmark med joggesko, del 1

  1. Tone seier:

    Ulrikke og eg er utruleg samde i bilettekst #1.

  2. Vebjørn seier:

    Det var vel ikkje anna enn ventande…

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Opphavsfeil: Vebjørn Sture. Alle varmrettar må reserverast.
Denne sida køyrer Wordpress. Sjølv plar eg sykla.