Ja dei gode gamle Nutarne / dei gjera Hugen glad

Denne veka har eg vore på Sunnmøre igjen, og eg trur jammen eg vert meir hugteken for kvar gong. Omgjevnadene er så flotte at korkje tekst eller mobilfoto på noko vis kan formidla det på ein fyllestgjerande måte, men eg har då gjort nokre spede forsøk lell, jfr. biletsamlinga under. Elles kan eg jo også nemna at ytterlegare ein kvalitet ved området, er det trivelege vertskapet. Eg har vorte hyst og traktert på beste vis både hjå Terje og Eli, besteforeldra hennar Inger-Lise og i casa del Kristofer. Stort trivelegare vert det knappast.

«Sanntidssystemet» i Oslo

På veg heim frå jobb måndag kveld, for å pakka og eta før avreise. Eg hadde litt dårleg tid, og Ruter gjorde sitt beste for å gjera meg sprø, jfr. ljostavla.

Ørsta rutebilstasjon, 06:50

Neste morgon, ti på sju, gjekk bussen frå Ørsta.

Haustfargar i Ulsteinvik

Både fargane og kamerafokuset vart noko kvassare utover dagen. Til liks med substantivbøyinga.

Tilfeldig utval frå bokhandelen i Ulsteinvik

I Ulsteinvik er det ikkje noko som heiter kiosklitteratur. Her er det NPK-språket som gjeld!

Handikapparkering på søre Sunnmøre

Handikapparkeringa er av det trivielle slaget på søre Sunnmøre. I sterke fargar også, for svaksynte.

Ettermiddagssol i Ulsteinvik

Det hadde visstnok regna i vekevis før eg kom til Sunnmøre, utan at det var til å merkast ved.

Fiskåbygd etter solnedgang

Eg kunne naturlegvis ikkje dy meg for å prøva det gamle vinnarkonseptet «mobilfoto gjennom bussglas i fart». Her ser du, eller rettare sagt, her ser du ikkje Fiskåbygd i Vanylven.

Nynorsk i landskapet

På Syvde i Vanylven har dei ikkje berre flotte fjell - dei har også avlaupsleidning. Er det rart eg likar denne plassen?

Syvde i Vanylven

Kva kan eg seia? Eg vil bu her ...

Soloppgang på Syvde

Sol snik seg opp attom fjella inst i Syvdefjorden

Herøy vgs avd Vanylven

I Vanylven har dei vidaregÃ¥ande skule ogsÃ¥. Her var eg – hald deg fast – i norskklassane til sjølvaste Maria Parr! Det mÃ¥ vel vera fyrste gongen eg kjende eit snev av prestasjonsangst før ein mÃ¥lferdtime ...

Valderøya i morgonsol

På veg til bussen på Valderøya ved Ålesund, etter å ha avlagt Kristofer ein visitt. Det var jammen ikkje stygt her heller, jamvel om lite slår synstedelen av fylket.

Reklame i Stavanger

Vel heime i Stavanger snufla eg over dette makelause reklamekonseptet. «Steg 1: Skaff deg eit namn som ingen evnar å uttala rett. Steg 2: Finn på ein fjollete uttalemåte. Steg 3: Blås heile marknadsføringsbudsjettet på store plakatar som forklarar dei forvirra kundane korleis dei skal uttala firmanamnet.»

Dette innlegget vart lagt inn i kvardag, målsak med merkelappane , , , , , , , , , , . Bokmerk fastlenkja.

Eitt svar til Ja dei gode gamle Nutarne / dei gjera Hugen glad

  1. Gunn Inger seier:

    Sist eg sjekka var vel ikkje «Ã¥» akkurat eit fonetisk teikn heller…

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Opphavsfeil: Vebjørn Sture. Alle varmrettar må reserverast.
Denne sida køyrer Wordpress. Sjølv plar eg sykla.