I nynorskens skog

For å seia det, eller rettare sagt syngja det med Oddvar Torsheim:

År kasta eg bort før eg fann ein port til Nynorskens skog
Eg fann noko stort bak MÃ¥llagets port i Nynorskens skog

Desse linene var vel i utgangspunktet ganske dekkjande for seks-sju år sidan, då eg var fersk målmann og nyhekta på organisasjonsarbeid. No, årevis med leirar, møte og kontorkveldar seinare, er det kanskje endå meir dekkjande. Eg fann noko stort, og det veks stadig.

Eg har ikkje skrive her pÃ¥ fleire veker, og det er enklast forklart med at ting har gÃ¥tt mest i eitt sidan dÃ¥. Eg har vore pÃ¥ ei kanontriveleg sentralstyresamling i Jølster. Helga etter var det NMU-stand pÃ¥ MÃ¥lrock i Ã…rdal som stod pÃ¥ tapetet, og veka etter var eg pÃ¥ skulestartaksjon pÃ¥ Nordfjordeid, lagsskiping i Ã…lesund og eit heilt fabelaktig bra landsstyremøte i Nordmarka. Innimellom har det gÃ¥tt i sentralstyremøte og -dugnader, planlegging av haustkonferansen Nynorsk framtid (som vert den herlegaste helga i haust!), tinging av jakkemerke og anna tilfang (den som fylgjer med, finn kanskje ut kva det sistnemnde vert), utforming av Ã¥rshjul, skriving til medlemsblad, pressearbeid, gjesteblogging – mellom anna. I tillegg kjem jobben, som eg forresten mÃ¥ seia eg trivest svært godt pÃ¥. Og i morgon kveld ber det til Øystese, for Ã¥ dra pÃ¥ skulevitjing og markera at det er 40 Ã¥r sidan den fyrste lærebokstreiken, som var pÃ¥ nettopp Øystese.

Nok å gjera er der, altså, men eg tek meg sjølv i å finna meir og meir glede i det, enn kor lenge eg har vore med i dette gamet. Ikkje berre er arbeidet moro, men berre det å få arbeida i lag med ein så herleg gjeng er i sanning ei eiga glede. Eg har skrytt av både landsstyret og sentralstyret før, men det er ikkje ufortent om eg gjer det igjen: Det er ei utruleg inspirerande samling menneske å samarbeida med. Som igjen gjer det endå meir inspirerande å vera med. Eg har vore på fleire titals landsstyremøte og sikkert hundre og femti sentralstyremøte gjennom åra, men eg gler meg til dei som aldri før.

No skal eg vakta meg for å gje tilnærma guddommelege framstillingar av folka rundt meg, dei er ikkje meirellemenneskj dei heller, men det er mykje flotte folk, og det synest eg godt me kan seia høgt ein gong i mellom. Og skulle det vera nokon der ute som synest det høyrest forlokkande ut, så står me sjølvsagt med opne armar for alle som vil vera med i det somme kallar for kremen av norsk ungdom.

Men no får de orsaka meg, eg må stikka på bladstyremøte. Så får eg heller lova å oppdatera på fredag eller laurdag med bilete og rapportar frå den store dagen i Øystese.

Dette innlegget vart lagt inn i kvardag, målsak med merkelappane , , , , , , , , , , , , , , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Opphavsfeil: Vebjørn Sture. Alle varmrettar må reserverast.
Denne sida køyrer Wordpress. Sjølv plar eg sykla.