Jølstramoro

Eg er på sentralstyresamling i Nygårdsheimen i Jølster, og mellom mykje annan moro fekk eg og Johanne oss eit aldri så lite fotomotiv på butikken i stad, då me handla inn daude plantar til veggismaten. Eg veit ikkje heilt om det er snakk om ironi på svært høgt nivå eller om merkeordninga «Nyt Norge» har satsa på nye jaktmarker, men eg tenkte no eg laut dela det med dykk lell:

Spinat frå Italia. Marknadsført av «Nyt Norge»

Merkeordninga «Nyt Norge» går tydelegvis ikkje av vegen for å marknadsføra mat som i beste fall kan karakteriserast som «norsk minus». I markeringa oppe til venstre ser du opphavslandsmerkinga, som opplyser at spinaten er frå Italia. I markeringa nede til venstre ser du merkeordningsmerkinga, som opplyser om at spinaten er frå Noreg.

Dette innlegget vart lagt inn i kvardag med merkelappane , , . Bokmerk fastlenkja.

Eitt svar til Jølstramoro

  1. Svenn-Arne Dragly seier:

    Hehe, den der er litt småflau. Godt observert! :)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Opphavsfeil: Vebjørn Sture. Alle varmrettar må reserverast.
Denne sida køyrer Wordpress. Sjølv plar eg sykla.