Sola smiler

Ok, overskrifta er ein smule misvisande, i og med at Oslo har bydd på pissevêr og frysetemperaturar dei siste par dagane. Men for å oppsummera nokre små gleder frå dei siste og neste dagane:

1. Viking har for alvor funne formen. Det er stort sett berre smågutar på A-laget, men likevel trillar dei ball i hatt med både Brann og Tromsø. Mot Tromsø var det ein 17-åring, ein 18-åring, to 19-åringar og ein 22-åring mellom dei seks fremste spelarane på banen. Utruleg morosamt.

2. Ferien er over, og det kjennest i grunn ganske godt både å koma i gang med målarbeidet og med den inntektsbringande dagsysselen.

3. I kveld var eg og Maria pÃ¥ UllevÃ¥l for Ã¥ sjÃ¥ Noreg rundspela Tsjekkia. Og jammen! 3-0! Og det verste er at me tydelegvis har meir Ã¥ gÃ¥ pÃ¥ – det var mange gode moglegheiter som rann ut i ingenting i andre omgang pÃ¥ grunn av feil individuelle val. Island? Danmark? Kypros? Som dei seier pÃ¥ sidesidemÃ¥l: Bring’em on!

4. I morgon tidleg fer eg til Jølster pÃ¥ sentralstyresamling. Eit nytt sentralstyre i MÃ¥lungdomen er pÃ¥ plass, og skal bruka dei neste par-tre dagane – i framtidsfylket! – til Ã¥ planleggja arbeidsÃ¥ret som er i gang med. Æ glær mæ!

Og på sundag, når me er heime i Oslo igjen, skal Viking revansjera poengranet i Bergen når Brann kjem til Stavanger for å verta sende på hovudet ut av Noregsmeisterskapen. Skal tru om ikkje det vert storskjermfotball på Bjølsen på sundag, ja. :)

Dette innlegget vart lagt inn i fotball, kvardag med merkelappane , , , , , , , , , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Opphavsfeil: Vebjørn Sture. Alle varmrettar må reserverast.
Denne sida køyrer Wordpress. Sjølv plar eg sykla.