– Måten ekstreme, antiislamske grupper omtaler muslimer på i dag, ligner måten ekstreme antisemittiske grupper omtalte jøder i tiårene som førte opp til andre verdenskrig.
Denne åtvaringa har Erna Solberg fått på trykk i ei sak på VG Nett i dag tidleg. Beviset på at ho diverre har rett, kom ganske umiddelbart. Saka, som vart publisert 07:15, vart endra 8:05, då det fylgjande avsnittet vart lagt til:
«PS! VG Nett åpnet denne saken for kommentarer, men måtte stenge kommentarfunksjonen etter kort tid på grunn av svært mye hets mot muslimer.»
Eg er mållaus.
Utruleg skuffande at så mange betrekulturvitande nordmenn ikkje eingong kjenner til norsk høgkultur som Kardemommeloven! Då hadde dei visst at dei skulle ver snille med andre, sjølv om ikkje alle er heilt like ein sjølv. Nokon barn er brune osb…
Utruleg nok høyrde eg både visa til Politimeister Bastian og «Noen barn er brune» då familien og eg køyrde til slekstreff i Nissedal på formiddagen 22. juli. Utruleg å høyra om angrepa etter å ha vore rusa på barnesongar i 3 timer. Snakk om å vera på feil stad til rett tid.
Det er i grunn temmeleg påfallande korleis dei som skrik høgast om å «beskytte norsk kultur mot islamisering», vanlegvis ikkje har peiling på kva «norsk kultur» er for noko.
http://www.dagbladet.no/2011/08/04/kultur/debatt/debattinnlegg/breivik/multikulturalisme/17551343/