Jakta på ein handgripeleg syndebukk

Ei snau veke har gått sidan 22. juli. Dei tunge stundene er ikkje på langt nær over, men serleg for dei som ikkje vart direkte råka har også kvardagen gradvis byrja å venda tilbake. Omfanget av det som skjedde, har byrja siga inn no etter at sjokket for det meste har lagt seg. Dimed er det også mange som atter grip etter pennen. Det kan vera vel og bra, men lat oss endå ei stund vera litt varsame med kva me brukar han til. For:

Mellom dei som har skrive om det som har skjedd, er det fleire som har byrja leita etter noko å skulda på. Sjølve terroristen vart, som alle veit, arrestert på Utøya. Han har vore bak lås og slå sidan då, og kjem kanskje til å vera det resten av livet. Me veit alle kva han har gjort, og tenkjer me etter, veit me at hemn er nyttelaust, då det ikkje finst nokon måte å «ta igjen» på ein jambyrdig måte. Sjølv ikkje mosebøkene med sine «auge for auge»-metodar strekk til i dette tilfellet. Terroristen sløkte minst 152 uskuldige auge. Sjølv har han berre to.

Kanskje nettopp difor er det så lett å ta seg til å leita etter andre syndebukkar. Ikkje som skal få skulda for terrorhandlingane, men nokon eller noko å skulda på for terroristen. Noko me kan endra på eller avskaffa, for å hindra at det skal avla fram ein ny massemordar. Noko som kunne hindra terroristen i å verta den han vart, som igjen kunne hindra han i å planleggja og gjennomføra uhyrlegheitene sine.

Allereie på sundag var BT-toppen Hilde Sandvik ute og peika på moglegheitene til å opptre anonymt i nettdebattar. «Vi må ha høve til sjå kven vi har med å gjere. Før det er for seint.», skriv Sandvik, for å poengtera at me må ta eit oppgjer med anonymiteten.

Måten ho omtalar terroristen på, slår likevel effektivt bein under den førre konklusjonen: «Ein mann som i stort alvor diskuterer multikulturalismens farar og kulturmarxisme, men ikkje i hardare ordelag enn ein kjenner att frå dei fleste nettfora.» Med andre ord: Dersom terroristen hadde signert med fullt namn – friviljug eller ved påbod – ville meiningane hans framleis ikkje skilt seg stort meir ut frå den konteksten dei vart publiserte i. Ingen ville ha «fanga han opp», berre fordi me kunne sjå kven han var. Om han vart tvungen til å identifisera seg for å publisera, så kanskje han ikkje hadde publisert. Men hadde han skrinlagt terrorplanane, om han måtte brenna inne med bodskapen sin? Ville hatet hans skrumpa? Eg tvilar.

På onsdag var det forfattar Ketil Bjørnstad sin tur. Han gjekk relativt langt i å leggja skulda på valdelege filmar, TV-seriar og dataspel: «[Når] en massemorder innrømmer at han har brukt dataspill som ren trening frem mot terroraksjonen, bør vi kanskje spørre oss om det er sunt at barna våre roper «kill» til hverandre lenge før de har begynt på skolen.»

Retorikken her snublar i sitt eige hovudpoeng: Bjørnstad viser til at terroristen «trente» med dataspel. Fordi ein mann som alt har planlagt terror brukar dataspel til «trening», så vil ungar som aldri kunne tenkja seg å utføra ei terrorhandling, potensielt verta terroristar av å bruka det same spelet til leik. Med andre ord: Effekten dataspela har på ungar, er avhengig av kva ein komande terrorist eventuelt måtte bruka dataspel til. Resonnementet gjev ikkje meining.

Forklaringsmodellane til Sandvik og Bjørnstad framstår som døme på ein for så vidt heilt naturleg og forståeleg reaksjon: Ynsket om å forstå, slik at me får noko handgripeleg å skulda på, endra på, avskaffa. Slik at me – orsak hobbypsykologien – kan gjera noko med det, og såleis kanskje kvitta oss med avmakta. Lat oss ta høgd for at Sandvik og/eller Bjørnstad kanskje har hatt andre motivasjonar for utspela sine, men det er uansett slik eg les dei, og slik eg innbiller meg at ein del andre også les dei, forstår dei, og kanskje også kjenner seg samde.

Kanskje vil me ein dag finna ut kva det var som gjorde at terroristen vart slik han vart. Og kanskje ikkje. Uansett må me ha to ting klårt for oss: Ingenting kan fråta terroristen ansvaret for at han vart den han vart og gjorde det han gjorde. Og sannsynlegvis er det førebelse utfallet av livet hans ikkje eit resultat av eit isolert enkeltfenomen, det vera seg anonyme nettdebattar eller valdelege TV-spel.

Difor risikerer me også at me aldri får noko enkelt, handgripeleg svar, eller nokon enkel, handgripeleg syndebukk – og me får det i alle fall ikkje før me har fått 22. juli på temmeleg god avstand. Lat oss difor halda hovudet kaldt endå ei stund. Varmen og heita kan me ta gjennom hjartet så lenge.

Dette innlegget vart lagt inn i ikkje-kategorisert med merkelappane . Bokmerk fastlenkja.

2 svar til Jakta på ein handgripeleg syndebukk

  1. Tilbakeping: Skjelvande dinosaur kjøper fleire aviser | Vebjørn si heimeside

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

*

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

Opphavsfeil: Vebjørn Sture. Alle varmrettar må reserverast.
Denne sida køyrer Wordpress. Sjølv plar eg sykla.