Takk

Fredag 22. juli brende seg inn i noregshistoria på meir smertefullt vis enn eg trudde var mogleg. Eg har prøvd å rabla ned korleis eg har opplevd dei siste dagane, men eg trur det må meltast i nokre dagar til før eg får det til å verta ein nokolunde lesbar tekst. Å skildra terrorhandlingane, uttrykkja kor grufulle dei var, setja ord på kjenslene … det har eg ikkje gidda å prøva ein gong.

Men. Men, men, men. Midt oppi det forferdelege, utenkjelege, uhyrlege, så er det likevel noko eg vil freista festa til skrift, jamvel om eg aldri vil kunna gjera det fullgodt. For midt i desse tunge dagane tek eg meg i å vera meir takksam enn eg nokon gong har vore.

Eg er takksam for all den kjærleiken, all den omsorga og alt det samhaldet som eg sjølv kjenner meg meir fylt med enn nokon gong før – som eg også ser uendeleg mykje meir av rundt meg enn nokon gong før. Eg er takksam for å bu i eit land som taklar så skrekkelege og hatefulle ugjerningar med så sterk kjærleik. Eg er takksam for å leva i ei verd som viser så mykje støtte og medkjensle.

Mest av alt er eg takksam for AUF, og for det makelaust gode føredømet som ungdommane i AUF har statuert heilt frå starten. Me kunne ikkje ha klandra dei for å visa hemnlyst og raseri. Hadde dei gjort det, ville me andre sannsynlegvis gjort det same. Likeins med resten av verda. Det ville vore ein høgst naturleg og forståeleg reaksjon.

Men AUF-arane responderte ikkje med meir hat. Dei responderte med kjærleik og samhald. Etter å ha vore gjennom noko som er langt verre enn kva dei fleste av oss kunne ha førestilt oss, viste dei veg i mørkret. Essensen av dette gjekk verda over då ei AUF-jente i intervju på CNN siterte ein annan leirdeltakar som hadde sagt at «om éin mann kan visa så mykje hat, tenk kor mykje kjærleik me alle kan visa saman». Det er eit sitat som går inn i historia på lik line med dei beste onelinerane frå Ghandi, Luther King og co, og det tek føredømet frå AUF-arane presist på kornet.

Sidan har det berre balla på seg. På måndag, 25. juli, fekk me den førebelse kulminasjonen, då heilt vanvittige folkemengder samla seg i gatene landet over. Sjølv fekk eg oppleva rosetoget i Oslo, som vart så stort at det måtte stå stille. Det vart ei rosesamling i Oslo sentrum, med midtpunkt og over 150 000 menneske på Rådhusplassen, og nesten like mange utover Aker Brygge, oppover mot Nationaltheatret, og i resten av dei tilstøytande sentrumsområda. Etter samlinga spreidde folket blomane over heile byen. Vegsperringar rundt regjeringskvartalet vart til rosevegger. Fontener vart til rosebad. Politibilar til blomekransar. Kjærleikssnøballen som dei tapre overlevande frå Utøya sette i gong på fredag, har rulla seg ufatteleg stor.

Dimed tapte terroristen. Frykta tapte. Hatet tapte. Noreg vann, kjærleiken vann, verda vann. Det siste skal me heller ikkje undervurdera: Verda har fått sjå eit land råka av terror som reiser seg, på fredeleg og kjærleiksfylt vis, utan lynsjestemning, utan å mista fatninga, utan å la seg knekkja. Ikkje berre demonstrerer det for all verdas terroristar at metodane deira er nyttelause, men viktigare er det at det viser for heile verda at hat og frykt kan overvinnast med kjærleik og samhald.

AUF-arane på Utøya døydde såleis ikkje forgjeves. Dei ville ha ei betre verd, og det trur eg heilt oppriktig at dei oppnår as we speak. Og det er eg uendeleg takksam for. Den som sa det best av alle, var AUF-leiar Eskil Pedersen, som leverte denne makelause konklusjonen på Rådhusplassen måndag kveld:

«Han tok nokre av dei vakraste rosene våre, men han kan ikkje stansa våren.»

Dette innlegget vart lagt inn i ikkje-kategorisert med merkelappane , , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

*

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

Opphavsfeil: Vebjørn Sture. Alle varmrettar må reserverast.
Denne sida køyrer Wordpress. Sjølv plar eg sykla.