Scientologar utnyttar terroren

I kveld var eg, mellom anna, på Youngstorget i Oslo sentrum. Der vart eg ganske raskt merksam på ein gjeng i lysegule og lysegrøne t-skjorter med påskrifta «frivillig hjelper». Dei hadde kaffikanner, kvilebenk og ei tavle der det stod «Har du behov for å snakke med noen? Vi lytter». Den umiddelbare reaksjonen min var at dette var jo triveleg, at det var godt å sjå frivillige bruka tida si på å hjelpa og snakka med dei som treng det. Det er mange som er sårbare i desse dagar.

Etter nokre sekund gjekk det opp for meg at dette ikkje var så triveleg likevel. Nedst på tavla, med mykje mindre skrift, står det nemleg «Vi kommer fra Scientologikyrken».

For dei av dykk som ikkje veit så mykje om Scientologikyrkja: Scientologane er kanskje mest kjende her til lands for dei ufyselege personlegdomstestane dei tilbyr folk, der du kan svara omtrent kva du vil og likevel få det same nedslåande resultatet, nemleg at du har ein elendig personlegdom som berre kan fiksast dersom du vert med i Scientologane og gjev dei pengane dine. Eg snakkar om personlegdomstesten som fekk Kaja Bordevich Ballo til å ta livet sitt i 2008.

Scientologar på Youngstorget

Scientologar (kledde i lysegult og lysegrønt. Dei andre er truleg berre tilfeldige forbipasserande) utnyttar den sårbare situasjonen mange Oslo-folk er i til å rekruttera nye medlemer til sekta si

Det er meir enn gale nok i seg sjølv at forskrudde sekter som Scientologikyrkja prøver Ã¥ fÃ¥ folk til Ã¥ slutta seg til ein «religion» stifta av ein sci-fi-forfattar som uttalte at «Writing for a penny a word is ridiculous. If a man really wants to make a million dollars, the best way would be to start his own religion». Det som verkeleg fÃ¥r meg til Ã¥ fly i flint denne gongen, er at svina stÃ¥r pÃ¥ Youngstorget – midt mellom AUF-kontoret og det utbomba regjeringskvartalet! – og prøver Ã¥ utnytta at folk er ekstra sÃ¥rbare no etter terrorhandlingane.

Dei prøvde seg på meg òg. Etter at eg hadde teke bilete av dei, og prøvde å kontrollera raseriet medan eg byrja gå vekk, kom ei av dei bort til meg, spurde om eg ville snakka, og prøvde å prakka på meg eit hefte. Ho prata relativt bra norsk, men éin gong eg opna munnen og byrja referera til Ballo-saka, forstod ho plutseleg ikkje norsk lenger, og byrja spørja meg på engelsk i staden.

Sidan fredag har eg vore ute av stand til å setja ord på kjensler. Det er eg framleis. Adjektiva strekk ikkje til. Alt eg kan bruka, er substantiv, til å forklara kva som skjer eller kva slags type sinnstemning eg har. Eg kan ramsa opp sorg, apati og tungsinn, og ikkje minst samhald, kjærleik og solidaritet. På Youngtorget fekk eg endå ei kjensle som eg ikkje kan skildra med adjektiv: Raseriet. Sinne over å vita at kanskje scientologane fekk lokka eit nytt offer med seg til personlegdomstest i kveld, eit nytt offer som får sjølvbiletet knust, og som kanskje til og med lèt seg lokka inn i den perverterte humbugsekta. Om ikkje vedkomande endar opp som Kaja Bordevich Ballo.

Tilbake til Youngstorget: Eg tok bilete, la ut på Twitter og Facebook, og tipsa Dagbladet, fordi dei skreiv masse om Scientologikyrkja i samband med Kaja-saka. Då det var gått kanskje ein time etter tipset, utan at eg høyrde noko, gjekk eg tilbake til Youngstorget for å sjekka om scientologane framleis var borte, slik at eg kanskje kunne tipsa andre media. Men søkk borte var dei. Eg har tipsa VG og NRK no etter at eg kom heim, men eg reknar vel eigentleg ikkje med at dei skriv så mykje om det, serleg sidan dei ikkje sjølv kan gå ned og sjå med eigne auge at opplysningane eg gav dei stemmer. Så eg får stola på at sosiale media, og eventuelle lesarar her, tek ansvar for å varsla andre om at kyniske svinepelsar prøver å utnytta folk på Youngstorget.

Til slutt vil eg seia: Korkje raseriet eller scientologane skal få oss til å gløyma det som skjedde på fredag, eller dei som vart råka. Men me skal heller ikkje gløyma Kaja Bordevich Ballo. Historia gjentek seg fyrst når me gløymer.

Dette innlegget vart lagt inn i ikkje-kategorisert med merkelappane . Bokmerk fastlenkja.

2 svar til Scientologar utnyttar terroren

  1. Klaus Høiland seier:

    Scientologi er noe forbanna DRITT! Saus inn en blanding av spiss giftslørsopp og spiss fleinsopp og gi til svina! Jeg mener det jo ikke, men det måtte bare ut!!!

  2. Vebjørn seier:

    I kveld var eg nedom Youngstorget eit par timar, for å stå med ryggen til scientolog-teltet og åtvara forbipasserande om kven dei var. Scientologane har multiplisert seg i antal, og har mange ut med flygeblad og propaganda, men dei overkommuniserer ikkje akkurat at dei høyrer til scientologikyrkja. Ingen av dei eg snakka med, hadde oppfatta det av flygeblada eller av kontakt med scientologane. Og samtlege var takksame for åtvaringa. Kan absolutt tilrå andre å ta turen ned for å åtvara uskuldige forbipasserande.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Opphavsfeil: Vebjørn Sture. Alle varmrettar må reserverast.
Denne sida køyrer Wordpress. Sjølv plar eg sykla.