Slutt for siviltenesta?

Me kan godt diskutera kor vidt det er rett å påby nokon å bruka eit år av sitt vaksne liv til å tena konge og mødreland. Me kan likeins godt diskutera kor vidt det er rett at berre eit fåtal avtener verneplikta når ho fyrst er gjeldande. For ikkje å snakka om kor rett det er at den sivile forma for verneplikt er reservert for gutane. Men lat det liggja denne gongen. Éin ting bør me kunna semjast om, uavhengig av kva politisk syn me har på sjølve verneplikta: At folk som vil avtena sivil verneplikt verkeleg bør få lov til det!

Slik ser det diverre ikkje ut til å verta framover. Den alltid like elskelege regjeringa vår går nemleg inn for å avvikla siviltenesteordninga. På sedvanleg, fleirtalsarrogant vis vert inntaket av nye sivilarbeidarar stoppa allereie no, før framlegget i det heile teke har vorte sendt på høyring – ei høyring som skal sendast ut i fellesferien, på ålesleipt politikarvis. Det er for så vidt greitt nok at regjeringa har fleirtal og såleis veit at framlegget vil verta vedteke, men kanskje nettopp fordi situasjonen er slik burde dei i minsto vore audmjuke nok til å visa eit minimum av respekt for dei demokratiske prosessane som dei sjølv forvaltar.

Likevel: Langt viktigare enn formalitetane er sjølve innhaldet. Sivilarbeidarar landet over har gjort, gjer og kunne framleis ha gjort ein viktig jobb, og avskaffinga har praktiske så vel som politiske ringverknader. Reint praktisk tyder avskaffinga at skular, ideelle organisasjonar og andre institusjonar mister ein viktig tilgang til menneskelege ressursar. Politisk tyder det at staten frå no av berre vil ta i mot militære bidrag frå ungdom som ynskjer å tena heimlandet eit år. Det sistnemnde inneber både ei devaluering av det ikkje-valdelege bidraget sivilarbeidarane har stått for, og ei statleg reindyrking av krigsromantiske førestellingar om verneplikta.

Eg skal ærleg innrømma at eg i utgangspunktet ikkje såg så veldig opp til Knut Storberget. Men éin av kommentarane hans skal eg seia meg hjartans samd i, nemleg den siste i pressemeldinga eg viste til tidlegare, her sitert på fjelldansk:

«Sivile vernepliktige har gjort en svært viktig jobb, og vi er sikre på at de vil bli savnet på tjenestestedene når tjenesten avvikles.»

Det er så sant som det er sagt. Og nettopp difor vert avskaffinga fullstendig meiningslaus. Utanom for Knut Storberget, då, som kan flytta nokre ekstra kroner over til krigsopplæringa i militæret.

Dette innlegget vart lagt inn i politikk med merkelappane , , , . Bokmerk fastlenkja.

2 svar til Slutt for siviltenesta?

  1. Morten Elster seier:

    Det er da strengt teke ikkje nokre formelle hinder i vegen for at ein ung mann kan oppsøkja ein skule eller ideell organisasjon e.l. og be om å få gjera drittjobbar til luseløn der i eit år.

    Praktiske hinder er det sjølvsagt, fagforeininga ville neppe elska det, t.d., men heilt umogleg er det ikkje.

    Organisasjonane som snakkar om at dei no mistar svært viktig arbeidskraft innrømer jo samstundes at dei har brote med retningslinene som seier at sivilarbeidaren ikkje skal gjera essensielle oppgåver, eller noko slikt (du kan vel den formuleringa betre enn eg).

  2. Vebjørn seier:

    Sivilarbeidarutgiftene for ein oppdragsgjevar (som det heiter …) tilsvarer kanskje 11-12 000 i månaden, litt avhengig av boligmarknaden på staden. Av dette går mesteparten til sivilarbeidaren, som får rundt 7000 utbetalt, i tillegg til betalt husvære. Med andre ord ikkje så ulikt nettoløna (etter skatt) ved lønstrinn 1, som ligg på rundt 16 000. Pluss på med arbeidsgjevaravgift, pensjon, forsikring, feriepengar og gudane må vita kva anna, så nærmar utgiftene for arbeidsgjevaren seg det dobbelte, sjølv om arbeidstakaren sit igjen med omtrent den same summen som sivilarbeidaren.

    Elles må eg få skyta inn at det er justisministeren som snakkar om at organisasjonane mister viktig arbeidskraft. Og så er det jo fullt mogleg å gje sivilarbeidaren oppgåver som elles ikkje ville vorte utførd av løna arbeidskraft. Då eg var sivilarbeidar i NMU, til dømes, arbeidde eg for det meste med medlemsbladet, målferd og tilskipingar. Når me ikkje har sivilarbeidar (som t.d. i år, og tydelegvis for all framtid), vert ikkje desse oppgåvene dekte av tilsette, dei vert dekte av dugnadsarbeidande ungdomar som difor får endå fleire oppgåver. Fylgjeleg vert fleire oppgåver ugjorte.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

*

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

Opphavsfeil: Vebjørn Sture. Alle varmrettar må reserverast.
Denne sida køyrer Wordpress. Sjølv plar eg sykla.