Undervurdert av sine eigne

Sjeldan har vel så mange politikarar, skribentar, valanalytikarar og andre meir eller mindre kvalifiserte synsarar synsa så mykje om ungdom som i år. Og minst like sjeldan har vel ungdomen vorte så unisont undervurdert og tilpludra som no.

Det har ei heilt openberr forklaring: Tjue kommunar skal bruka lokalvalet til å testa ut korleis det går når folk me ikkje tiltrur bilsertifikat, alkohol eller bindande avtalar – det vil seia ungdom på 16 og 17 – får røysterett. I samband med dette er det serleg tre grupper som kranglar om merksemda: Tilhengjarar av røysterett for ungdom, (ungdoms-)politikarar og «valekspertar». Fellestrekket er at dei, truleg uforvarande, gjer seg skuldige i den same nedvurderinga og umyndiggjeringa av ungdomar på 16 og 17 som dei skuldar den 18-årige røysterettsalderen for å innebera.

Kva meiner eg med dette? Jau: Eit konkret døme på det generelle fellestrekket, er at svært mange av dei som tilsynelatande bryr seg om røysterett for 16-åringar, snakkar i strie straumar om kor viktig det er å «setja fokus på saker som unge er opptekne av». Det sistnemnde definerer dei, litt laust forklart, som saker med direkte og umiddelbare konsekvensar for ungdom i målgruppa 16-18 år. I all hovudsak vil det seia saker som handlar om skule, fritidstilbod og kollektivtrafikk. Til dette er det to ting å seia:

1) Er den vesle fliken av lokalt sjølvstyre som er reell i eit skuleverk med nasjonale læreplanar er det einaste som kan få ungdom til å røysta eller interessera seg for politikk? Er det den fråverande fritidsklubbdiskursen som passiviserer potensielt politisk interessert ungdom? Er kollektivtrafikk siste sjanse til å kveikja engasjementet hjå ungdom som uansett er gamle nok til å skaffa seg ein moped? Sjølvsagt ikkje.

2) Er det verkeleg slik at ungdomar berre bryr seg om dei sakene som har direkte konsekvensar for dei sjølve? Nei, det er ikkje slik. Ungdom er ei akkurat like breidt samansett gruppe som alle andre aldersgrupper i samfunnet. Heile skalaen er i bruk, både når det kjem til politisk engasjement, altruisme og egoisme, og alle moglege andre åndelege parameter.

I det sistnemnde er me ved kjernen av problemet: Dei som skrik høgast om å ta ungdom på alvor, er dei som sjølv i minst grad gjer det. Når røysterett-for-ungdom-aktivistar, kvasi-ungdomelege politikarar og valforskande viktigperar framstiller ungdom som ei homogen gruppe som berre bryr seg om seg og sitt, er dei sjølv med på å stempla ungdom som umogne snørrungar som aldri burde fått røysterett. Det er ikkje akkurat å styrkja saka om røysterett for 16-åringar, som dei tilsynelatande er så varme tilhengjarar av.

Javisst, det finst sikkert ungdomar som berre bryr seg om fritidsklubben, på same måte som du sikkert finn ein pensjonist eller tre som berre bryr seg om gamleheimen. Men det er altså ikkje slik at det store Folk Flest™ – korkje ungdomar eller vaksne – røystar blindt på det partiet som lovar mest påfyll til den enkelte veljaren sin navle. Me risikerer tvert om å passivisera potensielle veljarar, og kanskje serleg 16- og 17-åringar, fordi dei aldri får diskutera viktige saker (les: «vaksne» saker). Kor motiverande er det for ein engasjert 17-åring å verta handsama som ein skylappkledd egoist som ikkje evnar å sjå større politiske samanhengar enn kva farge plysjtrekket på fritidsklubben skal ha? Og ikkje minst: Kor motiverande er det å verta handsama slik at dei som snakkar høgast om å ta ungdom på alvor?

Berre for å ha det på det reine: Eg er motstandar av mindreårig røysterett. Men eg skal pokker meg tilstå at når godt vaksne PR-kåtingar argumenterer så nedsnødd som dei gjer, så utfordrar dei i det minste illusjonen om at 18-års røysterettsalder garanterer at dei som får røysta er mogne nok.

Dette innlegget vart lagt inn i politikk med merkelappane , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

*

Du kan bruka desse HTML-knaggane og eigenskapane: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <strike> <strong>

Opphavsfeil: Vebjørn Sture. Alle varmrettar må reserverast.
Denne sida køyrer Wordpress. Sjølv plar eg sykla.