Kvifor nesten ingen seier ja til EU

Dei siste dagane har sentralstyremedlem i Europeisk Ungdom, Trygve Lehne, nytta twitter-profilen sin til å framføra temmeleg stygge skuldingar mot Norsk Målungdom. Lehne skuldar oss for å føra «småbrun» EU-politikk, og jamfører argumentasjonen i vårt internasjonale program med Sverigedemokratarna. Skuldingane er latterleg meiningslause, men sidan dei likevel er så grove, ser eg meg nøydd å oppklara nokre faktiske saksforhold. I same slengen tykkjer eg også det passar seg å forklara korleis Lehnes skitpakke er eit godt døme på kvifor ja-sida slit med historisk elendige tal på meiningsmålingane.

Men altså, fakta fyrst: Norsk Målungdom sitt EU-standpunkt – uavhengig av kor vidt me burde ha eit slikt standpunkt – er fundert i tre hovudargument, som eg også forklarte for herr Lehne:

1. At målsaka og det å få styra over eige språk heng i hop med den generelle retten til å styra seg sjølve, noko ein EU-medlemskap vil undergrava. Med andre ord: Det er eit spørsmål om kva slags demokrati me skal ha. Så er det klart – det er fullt lov å vera usamd i at dette heng tett i hop med målsaka, eller for den del at enkeltstatar i så stor grad bør få styra seg sjølve – men det å ynskja meir makt nedover i systemet, nærare dei personane og fellesskapane som maktutøvinga får konsekvensar for, har absolutt null samanfall med «de brune partiene i Europa», som Trygve Lehne viser til. Tvert imot, brune parti har ofte ein heller tendens til å føretrekkja strengt autoritære og anti-demokratiske styreformer.

2. Skepsis til kva praktiske konsekvensar eit medlemskap kan få for den språklege likestillinga i Noreg. Med andre ord: Ei reint pragmatisk vurdering av kva ein EU-medlemskap vil få å seia for den språkstoda, språkmangfaldet og språkjamstellinga i Noreg, som er sjølve kjennemerket på den demokratiske pluralismen som heldigvis pregar samfunnet vårt. Dette står også i skarp kontrast til dei nazistiske einsrettingsideala (ein volk, ein reich, ein führer, etc).

3. Skepsis mot den toppstyrte nasjons-/identitetsbygginga som EU driv med, som potensielt kan skada det europeiske kulturmangfaldet. Det er serleg dette punktet Lehne tykkjest å vera skeptisk til, men han tek likefullt uendeleg feil. Lehne viser til at Sverigedemokratarna argumenterer med at «Unionens krav på likriktning utgör ett hot mot vårt lands kulturella särart», og hoppar dermed bukk over ei rekkje vesentlege tilleggsopplysningar:

A) At SDs definisjon av «kulturell särart» er «etnisk svensk», noko dei reknar for å vera meir verdt enn alt anna.

B) At brune parti og grupperingar alltid har forsøkt å legitimera seg sjølve ved å prøva å kuppa «nasjonal» retorikk, til dømes ved å seia at dei berre driv med «nasjonalisme». Nasjonalisme treng som kjent ikkje vera noko verre enn å gå i 17. mai-tog eller dra på landskamp på Ullevål, men i dag er det i enkelte samanhengar nærast som eit fyord å rekna, fordi rasistiske grupperingar har «kuppa» ordet. At NMU meiner at det er ein del typar politiske spørsmål som bør avgjerast på nasjonalt heller enn kontinentalt nivå, tyder likevel ikkje at NMU har noko til felles med rasistiske xenofobar som prøver å lata som om dei ikkje er brune. Faktum er at det er stikk motsett.

C) At å ta vare «det europeiske kulturmangfaldet» ikkje handlar om «Sverige for svenskar». Det handlar om at Europa er eit kontinent med mange land, endå fleire kulturar og igjen endå fleire språk. Dette mangfaldet (som Sverigedemokratarna ynskjer langt pokkerivold) er verdifullt, bør takast vare på og vidareutviklast, og ikkje skiplast til fordel for ein konstruert europeisk monokultur.

D) At NMU heile tida har vore klinkande klåre på at «det norske» ikkje har nokon høgare verdi enn noko anna. Dei som vil sjå eit premiedøme på toleranse og pluralisme kan lesa NMUs program for Noreg som fleirkulturelt samfunn. Noko som er mindre «småbrunt» enn dette skal du leita lenge etter.

Så, kva har dette å gjera med ja-sida sine elendige meiningsmålingar for tida? Jau: Sjølv om eg personleg nok plasserer meg på nei-sida i EU-spørsmålet, så trur eg likevel at det finst gode argument for EU – og eg trur det finst såpass mange av den 25 prosent store oppslutninga for ja-sida er langt under kva dei «burde» hatt. Problemet deira er at det går månader og år mellom kvar gong nokon utanfor Europabevegelsen får høyra om desse presumptivt gode argumenta, fordi ein del framskotne ja-folk (som Trygve Lehne) ikkje evnar å diskutera på ein sakleg og argumentorientert måte. Nei-folk, nei-organisasjonar og nei-argument vert konsekvent stempla som egoistiske og brunflekkete.

Konsekvensen er ikkje berre at ja-sida sjølv skapar seg eit image som ein gjeng med snurte og usaklege sutretryner. Den verste konsekvensen for ja-sida sin del er at resten av folket sjeldan vert presenterte for gode ja-argument. Når den saklege ja-argumentasjonen er fråverande, er det heller ikkje særleg rart at nærare 7 av 10 konkluderer med at det er flest og best argument som talar for eit nei. Denne samanhengen vert endå tydelegare når me ser på dei unge veljarane, dei som kanskje ikkje hugsar tidlegare tiders presumptivt meir saklege ja-argumentasjonar. For hjå dei under 30 år er der berre 3 av 20 som seier ja til EU.

Heilt til slutt må det vel vera lov å seia at brunskvettinga frå Trygve Lehne heller ikkje gjer arbeidsvilkåra betre for dei målungdomane som måtte meina at NMU ikkje skal vera mot norsk EU-medlemskap. Jamvel om eg er nei-mann, så tykkjer eg det er heilt på sin plass at me diskuterer kva me bør meina om EU frå tid til annan, og eg lever godt med at det er delte meiningar om dette i NMU. Men det skal du vita, Trygve Lehne, at når du set likskapsteikn mellom EU-motstand og nazisme, så gjer du det meir eller mindre politisk umogleg for NMU å snu i EU-saka. Dersom NMU skulle snu no, i kjølvatnet av den lågpanna brunskvettinga di, så ville det kunna tolkast som eit bifall til den simple retorikken din. Såleis har du sjølv gjort ein solid innsats for å torpedera eventuelle tillaup til open og uhemma EU-debatt i Norsk Målungdom den komande tida. Gratulerer så mykje.

Dette innlegget vart lagt inn i målsak, politikk med merkelappane , , , , . Bokmerk fastlenkja.

2 svar til Kvifor nesten ingen seier ja til EU

  1. Kirsti seier:

    Ah. Eg nyt å lese godt strukturerte tekstar, med gode poeng og respekt for andre synspunkt i tillegg.

  2. Vebjørn seier:

    Hehe, no skal eg vel ikkje akkurat lyga på meg så mykje respekt for «synspunkta» herr Lehne presenterte. Men takk for skryt lell. ;)

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Opphavsfeil: Vebjørn Sture. Alle varmrettar må reserverast.
Denne sida køyrer Wordpress. Sjølv plar eg sykla.