Derfor skal du melda deg inn i NMU

Norsk Målungdom treng fleire medlemer. Medlemstalet til no i år lovar ikkje veldig godt samanlikna med tidlegare år, og det både må og skal me snu her og no. Men då treng me deg med på laget. Og her er kvifor:

Du skal melda deg inn i Norsk Målungdom fordi du meiner at språkleg undertrykking er noko svineri. Du skal melda deg inn fordi du meiner at også nynorskelevane skal få lærebøkene sine på sitt eige hovudmål. Du skal melda deg inn fordi du synest nynorskforbod i VG og Dagbladet er ein urimeleg måte å usynleggjera det eine av dei to offisielle, likestilte skriftspråka våre. Du skal melda deg inn fordi du tykkjer det er urettferdig at norske skuleelevar ikkje får sjansen til å læra sidemålet sitt skikkeleg før dei får standpunkt- og eksamenskarakterer i det.

Nei, du treng ikkje meina at nynorsk skal verta einaste riksmÃ¥l. Du treng ikkje vera skuleflink, du treng ikkje vera velartikulert, du treng ikkje Ã¥ driva med tradisjonshandverk eller folkedans, du treng ikkje vera glad i Ã¥ lesa, du treng ikkje Ã¥ forstÃ¥ døyten av Tarjei Vesaas, du treng ikkje vera frÃ¥ ein nynorskkommune, du treng ikkje gÃ¥ pÃ¥ katedralskule. Du treng ikkje vera god i nynorsk rettskriving heller – du treng ikkje vera nynorskbrukar eingong! Kort sagt: Du treng ikkje Ã¥ «kvalifisera» deg for Ã¥ vera med i NMU. Me har folk i alle sjangrar. Det me manglar, er fleire folk – av alle slag!

Poenget er at anten du vil vera aktiv eller passiv, anten du studerer eller jobbar, skriv perfekt nynorsk eller fÃ¥r mange raude strekar, ser pÃ¥ Der ingen skulle tru eller Paradise Hotel – sÃ¥ vil du uansett vera like viktig som medlem hos oss. Jo fleire medlemer MÃ¥lungdomen har, jo betre vert me i stand til Ã¥ gjera den enormt viktige jobben som berre ein ungdomsorganisasjon for nynorsken kan gjera. Med fleire medlemer fÃ¥r me meir spalteplass i media, meir gjennomslag hos dei politiske partia og dermed større moglegheit til Ã¥ sikra dei sprÃ¥klege rettane som per i dag vert brotne gong etter gong etter gong. Berre i løpet av dei siste fÃ¥ Ã¥ra har me vore med pÃ¥ Ã¥ kjempa fram ekstra produksjonstilskot til nynorske læremiddel, me har fiksa nynorskteksting pÃ¥ kino for fyrste gong sidan 80-talet og me har vore med pÃ¥ Ã¥ snu sidemÃ¥lspolitikken i Oslo-skulen frÃ¥ fritaksbonanza til kvalitetsfokus.

Sjølv om det kanskje ikkje kjennest ut som det monnar nÃ¥r du melder deg inn og betaler 50 kroner i medlemspengar, sÃ¥ er realiteten stikk motsett. Du er kjempeviktig for oss – om du berre vert med pÃ¥ laget!

Innmeldingsskjemaet finn du på målungdom.no. Eg håpar du veit kva du har å gjera.

Dette innlegget vart lagt inn i målsak, politikk med merkelappane , , , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Opphavsfeil: Vebjørn Sture. Alle varmrettar må reserverast.
Denne sida køyrer Wordpress. Sjølv plar eg sykla.