Jau og hau! Tillat meg å helsa god 17. mai med å leggja ut dokumentasjon på særs nasjonalromantisk aktivitet på Byhaugen i dag. Maria og eg har nemleg sluttførd arbeidet med ei heimelaga bjørkeskål, som me sjølv har dreidd. Ja, til og med emnet har me på mjølkesjokoladenostalgisk vis skore til sjølv, då me hogg ned ei fager dunbjørk i hagen for eit par-tre veker sidan. Og jammen stod me ikkje der i bunad og busserull, då spønespruten stod rakt ut or det halvferdige emnet! (okei, det siste var tøv og tant. Men resten er sant!)


Eg ser at du har byrja med handarbeidsblogging. Men grådig fin skål, det skal de ha. Du/de er kjempeflinke, og eg har inga tru på at bjørka hadde forma seg sjølv slik i mine hender.
Det folk vil ha, veit du … ;) Men no får me sjå. Emnet var relativt fuktig, så det er berre å vona at det ikkje byrjar å sprekka opp til neste gong eg er heimom.