Nasjonal toskeskapsveke

Ei ulukke kjem sjeldan åleine, heiter det, og dei siste dagane har diverse blåkledde aktørar gjort sitt tilsynelatande beste for å demonstrera akkurat det. Lat oss ta det i stuttmål fyrst, før eg utbroderer litt om ein utvald gjeng med lågpanner til slutt:

Veka tok altså til med eit brak, då landsmøtet i Høgre vedtok at obligatorisk sidemål skal avskaffast også på ungdomstrinnet. Ein av frontkjemparane mot sidemålet der i garden, Linda Helleland, kunne heldigvis forsikra om at «Olav H. Hauge og Halldis Moren Vesaas og romaner av Arne Garborg fortsatt skal være til stor glede og inspirasjon». Det er i sanning ein forunderleg retorikk Høgre legg opp til når dei i det eine andedraget argumenterer mot obligatorisk sidemål med at det skapar dårlege haldningar, og i det neste hevdar at det å la «sidemålet» vera representert ved Hauge, Vesaas og Garborg vil skapa «stor glede og inspirasjon» hjå ungdomsskuleelevar.

Så held det altså fram, for å koma med eit lite ålmennpolitisk lyskespark, med at vårt kjære Framstegsparti ser ut til å ha fått det for seg at 13 timars arbeidsdagar er heilt kurante greier. Dei av dykk som kjenner meg godt, veit vel gjerne at det sit ganske langt inne for mitt vedkomande å ta parti med «arbeidarrørsla» (jamfør tidlegare års tvitring om hagearbeid på 1. mai, etc), og det at eg likevel gjer det no burde vel vera eit teikn på at frepparane er langt pokkerivold ute på viddene. Det vil seia, eg kunne kanskje gått med på det på éitt vilkår: Nemleg tretimars maksarbeidsdag for heiltidspolitikarar. Så kanskje dei ville fått så dårleg tid på jobb at me hadde sloppe nokre av dei hylande idiotiske framlegga som kjem frå tid til annan.

Og no har eg ikkje eingong nemnt hylekoret i opposisjonen dÃ¥ statsministeren vÃ¥ga seg til Ã¥ dela ut krigsmedaljar utan kongen til stades. For Ã¥ seia det med Sveinung Rotevatn (som, ærast den som ærast bør, var eit heiderleg unnatak pÃ¥ borgarleg side i denne saka) «bør det faktisk vere ei større ære Ã¥ bli heidra av vÃ¥r fremste folkevalde enn av vÃ¥r fremste arving». Men før nokon mistenkjer meg for Ã¥ ha vorte raudgrÃ¥– eg meiner raudgrøn igjen, sÃ¥ lyt eg vel kanskje ogsÃ¥ nemna at eg synest sjølve krigsmedaljen er heller upassande. Lat meg nok ein gong gjera ein annan manns ord til mine, denne gongen Magne Aasbrenn: «Hø? «Krig» …. «kors» …. «med sverd»… Kristen jihad pÃ¥ gang?»

Idet eg skal til med det som eigentleg skulle vera hovudemnet og gjenstand for utbrodering, innser eg at dette byrjar Ã¥ nÃ¥ gamle lengder. Likevel: Toppen av toskeskap stod dei frÃ¥ mi side lenge uglesette Vikinghordene for. Vikinghordene er altsÃ¥ – eller burde i alle fall vera – tilhengjarklubben til fotballklubben Viking, og dei har dei seinare Ã¥ra gjort seg mest kjende for Ã¥ vinna homorørsla sin Ã¥rlege verstingpris. Tidlegare denne vinteren demonstrerte dei atter ein gong vidsynet sitt, dÃ¥ dei med heller kreative tilnærmingar til eigne vedtekter og normal organisasjonspraksis ekskluderte ei intern gruppering som hadde vore frimodige nok til Ã¥ prøva Ã¥ laga litt ljod og stemning under kampane. Den offisielle Ã¥rsaka var at dei gjekk kledde i altfor dyre klede. Men for Ã¥ koma til kva dei har gjort seg skuldige i no:

Under cupkampen i går, borte mot amatørlaget Staal Jørpeland, stilte dei med eit banner som var pryda av den kledeleg rettskrivne og siviliserte påskrifta «Se te helvette å blø for draktå». Viking vann komfortabelt 0-3, og som takk for innsatsen hengde «tilhengjarklubben» opp banneret på treningsbanen til Viking om natta, truleg for å gje spelarane eit hyggeleg syn å koma på jobb til.

Eg må innrømma at eg ikkje heilt forstår kva dei tenkjer. Det er altså snart ti år sidan sist gong Viking vann ein tittel, og sidan den gongen har årgang etter årgang underprestert. Når eg seier underprestert, meiner eg at mange av årgangane har vore sterke lag på papiret, om me reknar spelar for spelar, men at spelarane ikkje har prestert så godt som me veit at dei kan. Dette har stort sett skjedd uavhengig av kven som har vore trenar, sportsdirektør, publikumsansvarleg, målvaktstrenar, og så bortetter, så det er med andre ord all grunn til å tru at problemet fyrst og fremst sit mellom øyro på spelarane. Og sidan det har vore ein del utskiftingar av spelarar, er det altså noko som «smittar». Kall det ein taparmentalitet, kall det ein taparkultur, kall det noko anna. Poenget er at spelarane ikkje får ut det dei er gode for, dei verkar stressa på banen, det er noko klamt og hemma over spelet. Og så tenkjer altså rakettforskarane i Vikinghordene at beste måten å få Viking-spelarane til å senka skuldrene på er å hengja opp sure kjeftebanner på treningsbanen sjølv etter at dei har vunne ein kamp med tre mål på bortebane.

Kan henda eg har sagt det før, men det kan i sÃ¥ fall godt seiast igjen: Vikinghordene er ikkje berre Noregs openbert dÃ¥rlegaste og kjipaste tilhengjarklubb, men dei opptrer pÃ¥ sÃ¥ smaklaust vis at eg ser det som komplett umogleg Ã¥ identifisera meg med dei, og langt mindre melda meg inn eller i det heile vilja la meg assosiera med dei. Dei er tydelegvis ikkje ei samling med Viking-tilhengjarar, tvert om framstÃ¥r dei som ein gjeng med grinegutar som ikkje taklar snev av motgang. NÃ¥r eg ser pÃ¥ Hordene kan eg pokker meg forstÃ¥ at Viking ikkje har prestert pÃ¥ over 3000 døger – eg veit neimen ikkje om eg hadde evna Ã¥ prestera mitt beste om motivasjonen bak arbeidet skulle vera Ã¥ gleda ein hurv med utakknemlege dredongar.

Dette innlegget vart lagt inn i fotball, målsak, politikk med merkelappane , , , , , , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Opphavsfeil: Vebjørn Sture. Alle varmrettar må reserverast.
Denne sida køyrer Wordpress. Sjølv plar eg sykla.