Møtehelg

Våren er full av høgdepunkt, og eitt av dei står for tur i morgon og ut helga. Eg skal nemleg på landsstyremøte på Røkleivhytta med sjølvaste kremen av norsk ungdom, og eg gler meg like mykje som alltid. Det høyrest kanskje som var det henta frå nasjonalt standardfrasearkiv, men eg må ærleg seia at eg gler meg like mykje som før, jamvel om dette vert mitt landsstyremøte nummer 34! Eitt forfall har det vorte i løpet av åra, og det var passande nok på det éine møtet der eg korkje sat i landsstyret, sentralstyret eller som sivilarbeidar, men berre var tiltenkt den sistnemnde rolla.

Stundom kan eg undra over kva det er som gjer at eg gler meg like mykje til landsstyremøte nummer 34 som til nummer 8, 17 og 25, og svaret er like tilbakevendande som det er sippete: Folka. Ikkje berre snakkar me om ein heilt fabelaktig flott gjeng med oppegÃ¥ande, trivelege og gløgge ungdomar, men me snakkar om ein heilt fabelaktig flott gjeng med oppegÃ¥ande, trivelege og gløgge ungdomar som ofrar russetreff, eksamenslesing, avkoplingshelg, fritidsaktivitetar og kva enn anna dei vanlegvis mÃ¥tte driva med ei solvarm maihelg for Ã¥ samlast til møte for ei sak dei bryr seg om. Nokre er nye og spende, andre er røynde og husvande, og i hop er det ein herleg miks av ulike erfaringar, utdanningsløp, politiske sympatiar, interesser og geografiske opphav som til sjuande og sist kanskje berre kan gangast opp i éin nemnar som er felles for alle – hugen for mÃ¥lsaka. Korleis i alle dagar skulle eg kunna gÃ¥ lei av slikt!?

Kan henda eg no har brote alle kopiavgrensingar i Nasjonalt sentimentalfraseklisjéarkiv, men det får heller vera. Eg gler meg til helga, og kan gle meg endå meir over at når måndagen kjem, er det under to månader til eit endå større utval med målungdomar av same kaliberet samlar seg til jubileumssumarleir på Vinstra. Håpar å sjå deg der!

Dette innlegget vart lagt inn i målsak med merkelappane , . Bokmerk fastlenkja.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Opphavsfeil: Vebjørn Sture. Alle varmrettar må reserverast.
Denne sida køyrer Wordpress. Sjølv plar eg sykla.